Eksamen i dag faktisk

Posted on Feb 27 in: Travel - 5 Comments »

Hei hå, alle saman! Korleis går det heime i Noreg?? Oppdater meg! Både på livet dykkar, og på kva som skjer i verda om dagen, er ikkje mykje eg får med meg om dagen.. Beklagar at eg ikkje har lagt ut bilete enda. Tingen er at eg diverre heller ikkje har teke bilete, litt tull med kameraet ser de. Ganske trist, men dei andre her tek jo bilete, så det ordnar seg nok, men er jo sjølvsagt stas med eigne bilete, så må prøva å få orden på det snart. Men Christianne har iallfall lagt ut nokre bilete, så de kan jo sjekka ut bloggen hennar.

Her er iallfall livet strålande! Tida går jo så fort at me nesten er byrja å grua oss til heimreisa allereie.. Eg har det iallfall supert her. Sjølv om me i dag faktisk har hatt ein liten eksamen. Eg var ganske førebudd på å stryka, for for ei med store konsentrasjonsproblem til vanleg, er det ikkje akkurat lett å setja seg ned for å lesa her nede. Det er jo nesten som folkehøgskule, berre enda meir intenst på ein måte, sidan me no faktisk er fire på rommet og me har berre tre månadar og vil oppleva mest mogleg.  Men eksamen var lettare enn frykta, og eg er for ein gong skuld optimistisk og trur eg i dag  håva inn fem nye studiepoeng, rørsle- og treningslæra trur eg faget heiter.  Me hadde to timar på oss, men dei fleste gjorde det unna på under førti minutt, 35  minutt trur eg  kanskje eg brukte, så dette var ein grei eksamensdag:) Veit jo ikkje om eg har stått enda då, det er foresten berre bestått eller ikkje bestått.

I måro skal eg fyrst på dagen ha to timar symjing i Atlanterhavet, og så frå ti til tolv har me volleyball på stranda, så det blir nok ein heilt grei dag i morgon og;)

I helga skal eg, Christianne og syskenbornet hennar, Siri, på tur til Samana.  Det er iallfall planen, og eg håpar me kjem oss av garde.  Der er det visst veldig fin strender blant anna, og me kan reisa på kvalsafari, om eg kan kalla det det, iallfall båttur for å sjå kvalar.  Og det er høgsesong for kvalane her no, så det vert spanande.  Det er faktisk dei same kvalane som sym rundt Grønland og Island, og sikkert Noreg og, så det er jo ganske kult i grunn, kanskje me kjenne dei att, hahaha.  Eg satsar iallfall på kvaltur i helga om det ikkje viser deg å vera super dyrt.  Pengane går skremmande fort her nede, har iallfall gjort det dei fyrste vekene.

No skal me visst ein tur inn til byen, få i oss litt is eller smoothie eller noko, klokka er no åtte om kvelden her, så eg må visst gå no seier mi romveninna, Kristin.

Adios!

5 Responses to “Eksamen i dag faktisk”

  1. mamma Says:

    Hallo. Får håpe du får kamera til å virke.Det var kanskje litt dumt at du ikke tok mitt denne gangen også.Det blir sikkert spennende å se hval.Jeg leste om,men de reiser i slutten av mars,så det spørs om vi får se det når vi kommer.Nå gleder jeg meg til vi skal reise,bare 25 dager til.hadde vært fint om du fikk sjekka det hotellet før vi skal bestille,men det ser veldig fint ut der,og bra pris.Du får kose deg videre og ikke tenke så mye på økonomien,det går nok bra.H.g.a en fin dag. Klem fra mamma

  2. mamma Says:

    Det ble litt tull på slutten,men det står :Ha en fin dag

  3. Jeanet;) Says:

    hei pÃ¥ deg=)…
    Høyres ut som at du koasa deg og ha da kjekt..=) da e bra..:P
    skal føresten helsa fra mamma,pappa, Marcus og Marthe…;)

    Klem Jeanett

  4. pappa Says:

    Hei igjen dotter, fint at det gjekk bra med eksamen.
    Håpar at de får fin helgetur, de mao kosa deko.
    Eg kom frao Stockholm i kveld, hadde dao besøk av Sindre, Sander, Mette og Hans C – hyggeleg da.
    So bar da rett til TV 2 for intervju pao 2 ulike saker, ein pao direkten og win i opptak. Te helgi reiser mor di og eg te Øystese pao besøk, eg ska og fao ein mÃ¥lpris frao Hordaland mÃ¥llag – ikkje verst.
    Nytt gull i VM i dag – Lars Berger pao 15 km fristil, heldig me tilhøva, men gjekk knallbra. Kos deg vidare, hels Christianne.
    Byrjar Ã¥ gleda oss te turen ned te deg (om da ikkje vert knallfint paoska ver og knall skiføre i Hafslo fjedle dao – hÃ¥par at det vert dÃ¥rleg)

  5. Hotellsjef Ana Christina Says:

    E so kjekt at de stikke innom her altso!!:)
    Koseleg å høyra frå dikka!!

Leave a Reply