Eksamen i morgon…

Posted on Apr 27 in: Travel - 5 Comments »

Her kjem ei lita oppdatering frå meg.  Eg sit no her på rommet og syns litt synd på meg sjølv.  Dei andre er på veg til Lax og sjokoladekaka, Ine har nemleg gebursdag i dag, men her sit altså eg.  Eg har hatt migrene sidan natt til onsdag.  Medan heile klassen i går spelte baseballturnering, låg eg i senga mi stort sett heile dagen.  I dag har eg vore bitte litt betre i periodar, men ingen god dag i dag heller.  Så lesedagen har diverre ikkje blitt så godt nytta som eg hadde tenkt.  Eg fekk faktisk tilbod om å utsetja eksamen i stad, men takka nei, lika greitt å berre bli ferdig.  Eg trur ikkje det er så mange som har lese så mykje uansett, og eg skal nok klara å stå.  Eg berre håpar eg vaknar opp migrenefri i morgon, det hadde vore supert.

 

Og så over til noko heilt anna.  Eg har jo som de veit ikkje planar om å venda tilbake til Noreg heilt med det fyrste.  Heimreisa er jo i utgangspunktet om berre to veke, men då må nok dei andre reisa utan meg gitt.  Og i dag mottok eg glade nyhende:  Marianne og Jon Kjetil i klassen vert og att :)   Dei har planar om å vera att i cirka tre veke, altså til rundt 1.juni.  Og i tillegg skal eit par andre i klassen og vera att litt, dei skal litt til Cuba, vera litt her og så vidare.  Me skal utsetja billetten i morgon, så det vert bra.  Så planen min akkurat no er å vera att her i Cabarete til dei andre (Marianne og Jon Kjetil) reiser, altså cirka tre veker.  Og så tek eg bussen til Santo Domingo og flyr derifrå til Panama.  Så har eg tenkt å reisa frå Panama og heilt opp til Mexico og så fly frå Cancun og tilbake til Santo Domingo.  Billett til Panama og frå Mexico skal eg og prøva å ordna i morgon.  Eg tenkjer at eg vert fem, seks veker i Mellom Amerika og så tilbake hit ei veka cirka og så heim til Noreg rundt 20.juli.  Kva syns de om planen min, folkens??

Eg trur det vert supert eg!  Kjempe kjekt at fleire vert att her nokre veker, det var ein glad beskjed på ein elles vond dag :)

                                                                                       

Men i morgon er det altså eksamen.  Eg er svært dårleg førebudd, men faget er ikkje det vanskelegaste akkurat.  Det er ein fire timars skriftleg eksamen i dei praktiske aktivitetane me har hatt, altså: surfing, kajakk, symjing, livredning, baseball, fotball, volleyball og orientering.

Det vert nok frukost på bakaren i sjutida i morgon, så er eg klar!

 

 

5 Responses to “Eksamen i morgon…”

  1. mamma Says:

    Hei.Mamman din liker første del av reiseplanen,Å være i Cabarete med de andre.men resten synes jeg er farlige reisemål.Du har vel sett det Sindre sendte til deg.Men det er ditt valg.Vi vil jo helst at du kommer heim.Vi får snakkes senere,nå skal jeg snart sette meg på bussen til oslo.Håper migrenen har gitt seg nå,og lykke til med eksamen.Mette,Sander;Sindre og jeg reiser til Ulefoss imorgen.Det blir koselig.Lenge siden sist vi var der.Ha det godt.Mange klemmer fra mamma.

  2. Signe Marit Hansen Says:

    hei ann kristin:)
    da va leinge siao!! eg kom over nettsiao di via facebook, alle e jo dar:)
    kjemme du heim t reunion i sommar? bli kjekt å treffa alle atte, og ikkje minst høyra ke da gaor med adle og ke alle drive med:)
    Skjønna du nyte livet i den dominikanske republikk:) Ke skule du gaor pao? Håpa ellers alt e bra og masse masse lykke t pao eksamen!! :)

    klem frå signe

  3. pappa Says:

    Hei kjære dotter, håpar at det gjekk bra med deg på eksamen i dag og at du er migrene fri. Einig med mor di, me vil ha deg heim att så snart so råd (men du har bestemt deg forstår eg).Du må no ta godt vare på deg sjølv.
    Eg får desverre ikkje vera med resten av gjengen te Ulefoss, skal til Trondheim i morgon på landsmøte til Noregs mållag for å få målprisen deira for 2007 (moro da). Søndag skal me starta innspurten i lønsoppgjeret i staten. No er Mette og Sander her, og mor di kjem i kveld.Sindre har sykla på jobb i dag, ikkje verst. Han har kjøpt seg ein tøffe sykkel. Ha ei fin helg. Beste helsing med stor klem frao pappa

  4. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Heisann!

    Kjempe koseleg med litt respons her :)
    Eg har nok bestemt meg for å reisa ja, og det kjem nok til å gå veldig bra!
    Det Sindre skreiv om er jo hovudsakleg i Guatemala City, og der skal eg opphalda meg minst mogleg. Planen er jo å treffa att kjende når eg reise og, Hector i El Salvador og Elin i Guatemala, så eg skal ikkje vera åleina heile tida akkurat. Har tenkt å ta ei veka eller to på spanskkurs og kanskje.

    Og so kjekt å høyra frå deg, Signe Marit!! Jammen lenge sidan sist ja. Eg har utruleg lyst på reunion i sommar, hadde vore so kjekt å treffe atte adle saman. Men ettersom eg har skjønt finne dan stad i juni!?? Og då e eg nok framleis utanlands.
    Eg tek eit semester Idrett og friluftsliv her på Den dominikanske republikk, berre for moro skuld, og moro e da!! Silje Fimreite og Christianne Kvam e her og :)

  5. May Anita Says:

    Halloen du:) Så kjedele me migrene då! men elles høyrest da jo fint ut der du e. Gratulera så masse me 1.plassen!! visste da låg ein surfemester i deg:) Trur du valde rett når du for ne der, trur kje du óg da? Eg synst du e så utruligt heldige så har våre der ganske lenje no, å så ska du reisa i heile c.a. óg:) Så kjekt da blir! Har du fått snakt nåke spansk te no då? Har vel kanskje blitt litt, men ikkje så masse, eller? Uansett kjeme du jo te få snakka da når du skiljest frå klassekameratane å du fere på tur. Spansken din så e så bra frå før kjeme jo te bli heilt perfekte! Eg ska jo óg nerøve ein tur vettu:) Blir ca 10 daga i Guatemala og El Salvador. Satsa på atte da blir skoy!! Men itte planane kjeme me nett itte atte du har reist tebake te den Dom.Rep. Me kjeme den 17. og reise den 27. Men då e me jo i området;)
    Ha da bra viare. Kosa deg masse, men var forsiktige:) Klem

Leave a Reply