Utvikling og læring

Posted on Apr 28 in: Travel - No Comments »

I dag vakna eg litt over seks. Så då stod eg opp og skrudde på dataen, og eg fekk lagt ut blogginnlegget eg skreiv i går, men ikkje fekk lagt ut.  Så klokka sju var me, altså eg, Christianne, Mona, Ida, Henriette, Silje og Marianne, på veg til bakeriet for frukost.  Etter ein god og migrenefri frukost følte eg meg klar for eksamen, dårleg førebudd, men klar for utfordringen.

Så i bilen på veg til eksamenslokalet vart eg skikkeleg dårleg att, kvalm og vondt. Så eg fekk tilbod att om å utsetja den, men nei.  Eg fullførte og eg føler meg sikker på at eg stod iallfall, men ei behageleg oppleving var det ikkje.

SÃ¥ var det rett heim att til senga ein tur.  SÃ¥ klokka tre var det klar for trekking av oppgÃ¥va til heimeeksamen.  Eg kom opp i utvikling og læring.  Eg fekk to oppgÃ¥ver Ã¥ velja mellom, og valet fell nok pÃ¥ den fyrste: ”Fysisk aktivitet er viktig for ei god helse.  Grunngi og drøft denne pÃ¥standen med utgangspunkt i pensumlitteraturen”.  SÃ¥ denne oppgÃ¥va, min fyrste heimeeksamen faktisk, skal leverast inn innan fredag klokka 15 lokal tid.  Har nokon nokre gode innspel og tips, sÃ¥ tek eg gjerne imot!!  NÃ¥r denne eksamenen er levert sÃ¥ er studiet her ferdig og me kan nytta dagane til kva me vil, sÃ¥ eg har planar om Ã¥ bli fort ferdig – Ã¥ levera pÃ¥ tysdag er mÃ¥let.  Men eg kjenner effektive meg, og mÃ¥ vel innrømma at eg tvilar pÃ¥ at det skjer.  Eg ser vel heller føre meg sjølv skrivande heile natt til fredag.  Me fÃ¥r sjÃ¥!

Etter ein times avslapning på stranda, sat og las litt og såg på bølgjene, og taco på taket, så er hovudet betre enn på lenge, så no er eg forhåpentlegvis i slag att.  God helg, alle saman!! :)

 

Leave a Reply