Alt mÃ¥ visst ta slutt ein gong….

Posted on May 10 in: Travel - No Comments »

I dag tidleg klokka ti var dette fantastiske semesteret her i Cabarete over. Eg, Christianne, Marianne x 2, Henriette, Silje, Gina, Mona og Ida starta dagen med frukost klokka Ã¥tte pÃ¥ det franske bakeriet. Deretter var det siste rest av pakking. Før bussen kom og klemme og grine seansen satte i gong. Det var triste greier altsÃ¥… Eg gler meg allereie sinnsjukt mykje til fjellturen nokre av oss har planlagt fyrste helga i august, det vert supert Ã¥ sjÃ¥ dykk att jenter!! :)

Så no er me altså ikkje mange att her på Hummingbird. Eg og Marianne har flytta inn til Jon Kjetil. Medan Henriette og Marianne bur på det eine naborommet, og Olga på det andre. Og akkurat no så er også Maria, Lillian og Anne Marie her, men dei reiser til Cuba i morgon tidleg. Så me er ikkje mange att her no nei, men me skal nok få det veldig kjekt me som er her!

For å byrja der eg avslutta sist, eksamen er levert. Eg klarde til slutt å setta meg ned å konsentrera meg litt, så torsdag ettermiddag leverte eg oppgåva, altså nesten eit døgn før fristen!!

Så på fredag kveld var det gebursdagsfeiring for Maria på den irske puben her. Me åt fish and chips og kaka og dansa og kosa oss, ein artig kveld.

Hmm…kva anna har me funne pÃ¥ dei siste dagane? Dagane gÃ¥r litt i surr for meg her. Me har iallfall ete mykje god mat. Sidan det har vore dei siste dagane til dei andre sÃ¥ har dei jo kost seg masse, og eg har sprengt budsjettet og blitt med. Laurdag Ã¥t me super god pizza og is til dessert, søndag vart det risotto med reker og grønsaker pÃ¥ Casanova pÃ¥ meg og sjokoladefondant og is til dessert pÃ¥ ein nydeleg restaurant rett ved sjøen. SÃ¥ pÃ¥ mÃ¥ndag var me ein gjeng som reiste pÃ¥ Blue Moon. Det er altsÃ¥ ein indisk restaurant som ligg litt oppi fjella her. Der sat me pÃ¥ puter pÃ¥ golvet i ein stor sirkel og fekk servert nydeleg mat pÃ¥ bananblad, og me Ã¥t altsÃ¥ alt med hendene, ein kjempe fin kveld var det. Og sÃ¥ i gÃ¥r, den siste kvelden altsÃ¥, sÃ¥ hadde me vÃ¥r siste middag her pÃ¥ taket. Og kokka vÃ¥r, Oscabeli, hadde verkeleg laga god mat til oss. Me fekk bÃ¥de taco og fisk og bønner og ris, dessert fekk me og til og med, is og frukt, det var verkeleg nydeleg alt saman.

Men no må eg avslutta her, me skal nemleg på Lax og eta, er to for ein pizza der no, gler meg!!

Leave a Reply