Panama….I’m coming!!

Posted on May 12 in: Travel - 8 Comments »
Flight number Copa Airlines CM447 Departs Mon, 28 May, 08:17
From Santo Domingo Arrives Mon, 28 May, 09:45
To Panama, Tocumen Intl Class Economy
Number of stops 0 Equipment Boeing 737-700

Oh…yeah! No er eg om ikkje sÃ¥ veldig lenge pÃ¥ veg til Panama, billetten er endeleg kjøpt :)

Billetten frå Mellom Amerika og tilbake hit er vel og merka enda ikkje kjøpt.. Men eg har jo billett herifrå og heim til Noreg 18.juli (viss eg ikkje hugsar heilt feil). Så problemet er berre å finna ut kor mange dagar eg vil ha her på øya når eg kjem tilbake. Men det er jammen ikkje lett å bestemma seg. Eg har jo eigentleg lyst å ha minst ei veka her før eg reiser tilbake til fedrelandet, men så vil eg jo og ha litt tid i Mellom Amerika når eg fyrst er der.. Eg satsar på å få bestemt meg og kjøpt billett innan eit par dagar.

Ellers så var planen for denne helga, i tillegg til å surfa sjølvsagt, å endeleg få prøvd kitesurfing. Hittil har det ikkje gått super bra akkurat. Det har nemleg ikkje vore vind i dag. Og i går så var det berre vind ei lita stund, og Marianne som eg skal ta timar med var sliten etter surfinga så me utsatte det til i dag. Jaja, håpar på vind i morgon iallfall!

Men eg prøvde faktisk nesten litt kite i går. Eg fekk nemleg lov til å prøva kiten til ein eg kjenner (altså min vetle kompis Jose Luis, for tidlegare medstudentar som kanskje hugsar han). Eg hadde iallfall på meg den seleliknande tingen og haldt i kiten i lag med kompisen til Jose Luis. Sidan han berre forklarte på spansk så skjønte eg vel eigentleg ikkje kva eg skulle gjera, og eg var ganske redd for å øydeleggja kiten hans, så me avslutta i grunn ganske fort.

Ellers så var det heller ikkje bra bølgjer på Encuentro i dag, veldig smått, men eg tok no ein tur uti med longboard. Det bør jammen koma bra bølgjer og vind snart altså, iallfall ein av delene, eg er jo her no for å surfa og for å få prøvd å kite. Jaja, er no supert å vera her uansett, eg klagar ikkje akkurat!

Ellers sÃ¥ har dei to siste kveldane blitt brukt til Ã¥ ete ute (Lax pÃ¥ torsdag og Onno’s i gÃ¥r) for sÃ¥ Ã¥ gÃ¥ heim Ã¥ sjÃ¥ film. Filmen me har “sett” er “In Her Shoes”. PÃ¥ torsdag sovna bÃ¥de eg, Marianne og Jon Kjetil ganske fort, og nÃ¥r eg og Marianne prøvde pÃ¥ nytt i gÃ¥r sÃ¥ sovna me jammen igjen.. mogleg filmen ikkje er veldig spennande!?

Så i kveld er min og Marianne sin plan (dei andre skal eta ute og Jon Kjetil er på tur til Barahona i helga, heldiggrisen, kvifor er ikkje eg der???) å gå på butikken og handla og så laga middag her heima i leilegheiten vår, så det vert nok bra. Etterpå vert det sikkert litt sosialt samvære med dei andre i form av litt vorspiel her på Hummingbird, deretter er det vel mogleg det vert ein tur ut for å dansa.

Slik er iallfall livet her om dagen. Og ein ting til, eg mista rashguarden min, altsÃ¥ surfe t-skjorta mi, pÃ¥ veg heim frÃ¥ Encuentro i dag. Utruleg sørgjeleg!! Eg gjekk nemleg oppover for Ã¥ ta gua gua, og dÃ¥ hang skjorta mi over veska for Ã¥ tørka litt. SÃ¥ dÃ¥ eg fekk tilbod om gratis motoskyss med ein bekjent sÃ¥ vart eg sÃ¥ glad og hoppa pÃ¥ og tenkte ikkje pÃ¥ skjorta, som stakkars sikkert vart teken av vinden…Uff.. Jaja, kanskje ikkje sÃ¥ dumt at eg har heilt lik, berre langarma, liggjande her, framleis med merkelappen pÃ¥..Men uff, eg kjøpte jo to fordi eg ville ha begge to, jaja, litt i tilfelle noko slikt skulle skje og, men iallfall, eg sakna den!

No får me koma oss på butikken, hada bra so lenge!!

8 Responses to “Panama….I’m coming!!”

  1. Ann Kristin Says:

    Sindre, ayudame, por favor!!!
    Kanskje du klara å ordna rotet eg har stellt i stand igjen??
    På førehand takk!!:)

  2. Sindre Says:

    Du altso…

  3. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Tusen tusen takk! Du e genial, kjære bror, ke skulle eg gjort utan deg :)

  4. pappa Says:

    Hei pao deg, kjekkt å lesa om dine opplevingar att. Me les at du kosar deg, og det gledar oss. Du forsøker stadig nye utfordringar, og det er moro.
    Me hadde ei fin konfirmasjonshelg hos Martin. Bra ver, budde på hytta på Nes (som du også har vore med på). Me såg også på nye bustaden til mammo og pappen, da vette nok kjempebra når dei er ferdige.
    Synd du ikkje fekk med deg denne helga, skulle helsa te deg frao alle.
    Sander var i full aktivitet heile dagen, så han sov nesten heile tida til Oslo att. I dag har eg hatt presseopplegg i lag med Jens Stoltenberg ang budsjettet for 2007. Me feirar 17.mai pao Hafslo. Kos deg, klem frao pappa

  5. pappa Says:

    Hei vetla jento. GRATULERA MED DAGEN, MYKJE NORSKE FLAGG PÅ DOMINIKANSKE REPUBLIKK I DAG DAO? Her er sol, lettskya fint ver. Nett sprunge i skogen 70 min, snart klar for bunaden. Du skulle vore heima her i dag! Flatt vatten og fint å padla, eg var ute og padla i går kveld når Sindre og eg kom heim. Synd at me ikkje feirar 17.mai i lag med Sander og dei i år, men sånn vart det. Du faor eta mykje is pao dan gode isbaren i dag dao. du mao skriva meir om opplegget når du reiser te Panama, og du mao skriva mail ell blogg svært ofta, so me veit kvar du er og at da staor bra te med deg. Bunaden er klar med nypussa sølv (ikkje eg so ha pussa) STOR 17.mai klem frao mammo og pappen (Sindre og)

  6. Mette Says:

    Heisann:-)
    Hipp,hipp hurra…! 17.mai idag!
    Eg og Sander stod opp kl.07 idag. Han bada mens eg vaska badet og dusja. So spiste me frokost og såg litt på tv. So rydda eg. Kl. 10 pynta me oss og gjorde oss klare til å kjøra til sentrum. Sander e sooo fin i bunad:-) Va ganske bra ver, bra temperatur i sola. Me gjekk til slottet og såg på livet, mata endene bak slottet og gjekk etterkvert tilbake til bilen. Me har spist både pølsa og is. Sander slokna i bilen litt før kl.14. Guttane sove og eg slappa av på sofaen. Blir grilling seinare.
    HÃ¥pa du har det fint!
    Kos fra oss.-)

  7. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Heisann:) Høyres ut so de ha hatt ein fin dag, da e flott!! Sander va nok fantastiskl søt i bunaden sin:) Supert å få oppdatering pao kelais de ha da dar heima, send meg snart ein igjen.
    Stor klem:)

  8. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Og heisann t dikka dar heima pao Hafslo og:)
    Høyres ut so de og ha da bra, da gleda meg veldig!
    Gler meg t å koma heim å prøva nye kajakken. Og so gler eg meg sjølsagt t å treffa dikka att, men da e jammen to mnd og to dagar t da skjer.. Med dan billetten eg ha no so kjem eg heim t Noreg 19.juli. Men eg ha faktisk lyst å utsetja dan ei veka t, for eg ha lyst å ha ei veka her når eg kjem tebake frao turen, men eg e jo ganske blakk allereie, so da skjer nok ikkje.
    Ha ein framleis fin nasjonaldag!
    Stor klem t dikka og:)

Leave a Reply