Eg lever det gode surfeliv!

Posted on Jun 15 in: Travel - 8 Comments »

Jadao, eg har det framleis heilt straalande paa tur! I motsetnad til fyrste delen av turen saa har eg no roa ned reisetempoet betrakteleg. Planen var aa vera her i San Juan del Sur i ei veka, men no har eg jammen vore her i ti eller elleve dagar, det kjem an paa om det er onsdag eller torsdag i dag!? Dei fyrste fem dagane var svaert rolege. Eg budde hjaa ein familie her, og hadde spanskkurs fraa aatte til tolv kvar dag. Etter det saa aat eg lunsj, gjekk tur paa stranda, var paa internet, aat eit par isar, las, og saa var det middag. Etter middag saa sag eg anten litt tv med familien, gjekk paa internet eller las. Eg prata og hoyrde stort sett berre spansk i fire dagar, saa det var kjekt!

Men saa kom helga, og daa forandra tilvaerelsen seg. Paa laurdag var eg ferdig med antibiotikaen og veldig klar for aa endeleg faa surfa att! Saa eg leigde eit brett og reiste med ein saann shuttle til Playa Maderas, som er cirka ein halvtimes humpete veg ifraa San Juan. Og paa den turen traff eg mange hyggjelege folk, amerikanarar og nederlendarar blant anna. Og paa bussen paa veg heim kom eg i prat med ein veldig hyggjeleg fyr fraa Israel. Saa det var ein veldig bra dag, me surfa og hang paa stranda heile dagen. Og daa meinar eg heile dagen. For i utgongspunktet saa skulle transporten gaa tilbake til San Juan halv seks, men neida, i aatte tida var me heima. Naar me skulle reisa var nemleg batteriet flatt, saa me maatte venta paa eit nytt. Saa der sat me i morket paa ei strand og vart etne opp av mygg. Det var i grunn ganske fint syns eg daa, eg sat og tenkte med bolgjene som bakgrunnsmusikk og med ein nydeleg stjernehimmel som utsikt.

Daa eg endeleg kom heim fraa stranda paa laurdagskvelden saa var det kome to nye folk inn i huset mitt, ein fyr fraa Taiwan og ein fraa Sveits, saa det var jo hyggjeleg. Og laurdagskvelden var jammen ein bra kveld. Eg gjekk til Marie´s bar der eg saann halvveges hadde avtalt med folk fraa stranda og motast. Og den fyrste eg ser naar eg kjem er fyren fraa Israel. Saa eg vart hengjande med han og venene hans. Etter Marie’s saa gjekk ferden vidare til det einaste diskoteket her i byen, som berre er ope fredagar og laurdagar. Og der var det mykje folk, baade lokale og turistar. Og snakk om varierande musikk – der spelte dei so og sei alt, salsa, merengue, bachata, reggaeton, swingmusikk, offspring ++ . Eg dansa og dansa og hadde det kjempe kjekt, hadde ikkje dansa paa nokre veker daa, saa det var kjekt. Saa neste morgon, etter kun tre og ein halv time sovn, saa var eg veldig klar for surfing att. Eg drog med meg dei to nye gutane i huset mitt og reiste til Playa Maderas att. Der hadde eg ein super fin dag att, prata masse med han fraa Israel, me vart gode vener paa den korte tida saa det var faktisk ganske so trist aa seia hada. Han skulle nemleg reisa vidare med kompisane sine neste dag. Men so neste dag dao, saa fekk eg med meg ein amerikanar eg traff paa laurdag, Jeff, til aa bli med til Maderas att for aa surfa. Og daa me kom fram saa var Oded, som israelaren altso heiter, og kompisane framleis der. Dei var pakka og klara til aa reisa, men saa plutseleg so bestemte Oded seg for aa skilja lag med kompisane og bli att med meg. Saa det var jo kjempe kjekt!

Saa etter surfing paa maandag saa vart Oded med meg tilbake til San Juan for aa henta tinga mine, saa fekk me til slutt ordna oss ein taxi tilbake til Maderas, og der har eg vore sidan, kom att til San Juan i dag foremiddag.

Og dei tre dagane eg har budd paa Playa Maderas har verkeleg vore blant dei beste so langt. Der har me altso budd paa eit hostal paa stranda. Det er ingenting anna der, berre dette hostallet. Me har ikkje hatt verken elektrisitet eller toalett, men heldigvis ein dusj. Saa dagane har stort sett gaatt med til surfing, henging paa stranda, gode samtalar og verdas beste fruktsalat, som me altso faar kjopt der om dagen. Eg saknar den allereie!! Den var saa stor og god….den innehaldt baade mango, pasjonsfrukt, papaya, banan, ananas, appelsin, noko eg trur vert kalla dragefrukt eller noko saant, og so yoghurt med kanel oppi og masse veldig god musli….nam nam nam!!

Det har vore kjekt aa surfa desse dagane, men vanskeleg. Bolgjene har vore utruleg bra dei siste dagane, men mykje storre enn det eg er vand med, saa det har jo nesten vore litt skremmande nokre gonger, men absolutt moro naar eg av og til har faatt det litt til.

Men i dag saa bestemte me oss altso for aa forlata Playa Maderas, det var verkeleg med tungt hjarta, for der stortrivdes me begge to. Men me maa jo nesten koma oss vidare og sjaa noko nytt og. Baade mine og Oded sine planar har blitt ganske endra dei siste dagane. For han er jo eigentleg paa surfetur i Costa Rica og Nicaragua med kompisar. Medan eg eigentleg skulle ha vore paa veg til El Salvador i morgon. Men no veit eg jammen ikkje heilt korleis resten av turen vert, eg hadde jo i grunn ganske klare planar, men eg er i grunn meir fan av aa ta det som det kjem, saa det gjer eg verkeleg no. Oded har eigentleg fly heim fraa Costa Rica 10.juli, medan eg har fly tilbake til Den dominikanske republikk fraa Cancun i Mexico 12.juli. Dersom det er mogleg saa er det mogleg Oded bytar slik at han heller kan fly heim fraa El Salvador eller Mexico, men han har ikkje faatt svar enda, saa alt er veldig uvisst. Det kan jo henda me vert leie av kvarandre snart og, kven veit?

Men det som er sikkert er at i morgon saa reiser me vidare til ei ny surfestrand, Playa Papollo trur eg den heiter. Det er berre 2-3 timar lengre nord trur eg. Saa det vert jo spennande aa sjaa korleis det er der. Eg er innstillt paa at et ikkje vert surfing paa meg der, eg trur nemleg det er meir for dei som faktisk kan aa surfa, det eg har hoyrt er iallfall at det er reefbreak og store bolgjer, og det er sikkert ikkje noko utleige der heller. Saa mogleg det vert aa sjaa og laera paa meg, og so faar eg lesa boka mi, som er paa spansk :)

Etter den litt primitive tilvaerelsen paa Maderas utan toalett eller vifta eller noko, saa har me no altso unna oss litt luksus i dag. Me betalar 30 dollar i natt, altso 15 paa kvar, for rom med baade vifta, air condition, tv og sjolvsagt privat bad, og internet er inkludert i prisen. Saa det er deileg. Ete ein stor og god banansplit og vaska klede har me og gjort. Og aa sjekka bankkontoen min har eg faatt gjort i dag…saldoen var opploftande -123 kroner, herleg herleg, saa no haapar eg skattepengane snart er paa veg :)

Det trur eg held for i dag. Eg har det iallfall heilt topp. Det einaste som er litt vemodigt er at eg gaar glipp av toaarsdagen til Sanderen min i helgi, eg skulle so gjerne vore der!!! Men men, eg haapar iallfall at de har det kjempe bra alle saman :)

Ein ting til maa eg foresten nemna, det er nemleg litt artig. Min andre og siste kveld i Panama City saa prata eg med ein fyr fraa Thailand/USA. Og so i dag so gjekk eg innom familien min her, for eg hadde nemleg gloymt aa levera tilbake nookelen min. Og daa viser det seg at han fyren no bur paa mitt rom. Litt av eit samantreff altso.  Det var nok artigare for oss to naar me saag kvarandre enn det er for dykk aa lesa om det :)

Hada bra, folkens!

8 Responses to “Eg lever det gode surfeliv!”

  1. Mette Says:

    Heisann lillesøster!

    Du nyte virkelig livet for tida:-) Fint at du har noken å reisa med ei stund da!

    Eg va heima fra jobb igår og blir heima idag og; e`kje heilt i form.. Va på general forsamling igår kveld da. Blir veldig masse nytt til høsten; 11 nye unger, 2 nye assistenter, ny veiledar og kanskje nytt baselokale.
    Eg har vært aleina heima siden tirsdag! Har ikkje fått so mykje ut av det siden eg har vært so sliten og berre sove,men trur hvertfall det e bra for Sander og Hans Christian å væra litt ilag uten meg:-) Men no gleda eg meg veldig til å se Sander igjen! Eg reise nok til Toten i løpet av dagen med tog.

    Ta vare på deg sjølv, ta bilder og kos deg!

  2. Marianne Says:

    hei vennen :)

    Herlighet, du lever jo et drømmeliv virker d som… ikke litt misunnelig da!
    mn så moro du har fått n reisekamerat, da slipper jg bekymre mg for at du skl havne i ulumskheter:) alltid gøy å noen å dele opplevelsene sine med.
    Og så godt du får surfa så mye! Du blir nok n riktig surfebabe nå;) Kult!
    Høres veldig bra ut å ta ting som d kommer, slipper man skuffelser pga forventning osv. Høres deilig ut å ikke vite hvilken dag d er da, du lever virkelig avslappa skjønner jg.. Bare å nyte videre vennen:)

    klemmer

  3. mamma Says:

    Hei på deg :-) Ja nå har vi feira 2års dagen til Sander.Det var sol og varmt,så det var en flott dag.Sander var blid og glad hele dagen.Han synes det var kjekt med alle pakkene,var flink til å pakke opp.Han lekte masse med gressklipperen og radiostyrte bilen som han fikk.Synes det var kjekt å sparke fotball og.Men det var jammen bra at vi feira igår,for idag er det regn og kaldt.Pappa har vært på sykkeltur.Jeg og Sindre har bare sitte og sløva i sofaen med hver data.Mette og Sander kommer senere med tog fra Eina.Håper det slutter å regne så vi kan ut å gå litt i Oslo gatene.Du får ha en fin dag og kose deg .Fint at du har reisefølge.Klem fra mamma :-)

  4. Ida Says:

    Heisann Ann Kristin!
    Sjekk mailen din er du snill:) Har skrevet en melding til deg, og det haster egentlig litt med svar:)

    Klem Ida

  5. mamma Says:

    Hei.Du får ha god tur imorgen.Det var koselig at du ringte.Synd at ikke Sander var våken,men jeg skal fortelle at du har ringt og at du skal kjøre buss i hele morgen.Du får ihvertfall sett litt av naturen og stedene dere kjører forbi.Nå får jeg legge meg klokka er ett på natta.Så håper jeg du får skrive litt på bloggen din er en stund siden sist.Ha det godt så lenge.Klem fra mamma

  6. Christianne Says:

    Halloen surfbabe:) For eit fantastisk liv du leve om dagen, høyrest so utruleg bra ut!!! Men du mao huska Ã¥ komma heim til oss om ein mÃ¥ned, gleda meg til du kjemme haim te hafslo! E so vidt byrja Ã¥ planleggja fjellturen. E da ein god ide Ã¥ gÃ¥ om skogadalsbøen! E har kjempelyst Ã¥ ligga der ei natt…e so kosleg dar!
    Eg har nettopp fått veta att eg greidde matten, eg smile rundt!!!! :) So no blir da forhåpentlegvis lerar ao meg! :) Gleda meg allerede t skulestart!
    Ellers har eg jobab litt i barnehagen på Sandsli denna veka, er fint ver so me er ute heile dagen-deileg! På fredag reiser eg heim, og laurdag e da jo reunion-du vil bli sakna!
    No skal eg til byn å feira litt, handla og utepils :) E nyyydeleg ver i Bergen om dagen, Ein vakker by som du BØR studera i t hausten!!!
    Kos deg masse vidare!
    Stor matematisk klem

  7. pappa Says:

    Hei pao deg igjen, no saknar me oppdateringar, sjølv om du var pao tlf.
    Eg har nett padla i Oslo fjorden, før i dag var me ute og Ã¥t middag pÃ¥ 2 Ã¥rs dagen te Sander. Du va sakna her i dag (og). So mammo skreiv hadde me ein flott feiring pao Toten pao laurdag, Sander va i 110 heile dagen. I gÃ¥r va han og eg ute Ã¥ rusla pao Aker brygge om kvelden, saog pao bÃ¥tar, Ã¥t pylsa og lompe, bollar og is (han lova meg Ã¥ sei til mamman sin at me hadde ete mat). So nÃ¥r ho spurde kva han hadde eta – sa han høgt og tydeleg -MAT. Han var steikje god dao.Fysta veko pao 3 veke eg ikkje e pao reisefot heile tida. Kos deg vidare, ver forsiktig – no ventar me pao at du ska koma heim att. Stor klem frao pappa

  8. Solrun Says:

    Hei deg! Høyres ut so du ha da bra ja! :) Eg e pao nattevakt atte eg dao, e no heldigvis stille Ã¥ role (bank i bordet). Reise til Leikanger pao fredag, e jo reunion pao laurdag, da bli knall, berre so dumt da bli uten deg! Bli nok pao leikanger ti onsdag elle torsdag, ha litt fri no, deileg da, e litt lainge ti eg ska ha ferie, ekje før 23. juli da…i allefall…kom me ein oppdatering snart! :) Kosa deg, Ã¥ pass opp fø skumle manna Ã¥ slikt! Klem :)

Leave a Reply