El Salvador – Playa Sunzal

Posted on Jun 21 in: Travel - 9 Comments »

Det var jammen ikkje lett aa riva seg laus fraa Nicaragua, men no har eg iallfall klart det, og eg har kome meg til El Salvador. Det er jo ei stund sidan eg har skrive her no, har vore daarleg med internettilgong skjonar de. Eg trivst visst paa stadar utan internet eg. Eg bur paa ein slik plass no og, eg har no reist til naeraste by, La Libertad, kun for aa faa oppdatert bloggen. Det vert jo so mykje aa skriva naar det er lenge sidan sist, so det er mogleg dette innlegget vert for spesielt interesserte, det vil vel sikkert seia familien min :)

Iallfall, forrige fredag saa reiste eg og Oded, altso han fraa Israel, med buss fraa San Juan del Sur til Salinas, trur eg det heiter. Og etter aa ha faatt ein fyr t aa koyra oss eit stykke, gjekk nemleg ikkje buss eller noko der, saa kom me fram til Playa Popoyo (eller Playa Papollo, fann aldri heilt ut kva det eigentleg heiter der). Og Playa Popoyo er altso ein bitte liten plass, det er i grunn berre ein humpete grusveg som gaar paralellt med stranda, og der ligg det hus og nokre hostal/hotell og eit par eteplassar paa begge sider av vegen. Og paa denne plassen tilbrakte me tre netter. Paa laurdagen fekk eg surfa litt, eller eigentleg ikkje, eg var ute i vatnet, men eg hadde eit veldig lite brett, fekk nemleg laana det gratis, det var 5´noko, saa eg padla no litt rundt og solte meg..:) Paa sondagen saa var det sinnsjukt store bolgjer, saa eg verken ville eller fekk lov av Oded aa gaa uti, saa eg sat og saag paa dei flinke i nokre timar, det var i grunn veldig moro det og. So tok eg ein joggetur paa stranda, og steike det merka eg at var lenge sidan eg har gjort ja..uff uff.. men deileg var det.

Saa paa maandag morgon reiste me vidare, me spurde nokon om dei kunne koyra oss til bussen for litt pengar, einaste maaten og gjera det paa der. Eller naar me hadde god tid, saa kunne me berre gaa langs vegen og venta paa at nokon tilbydde oss gratis skyss, me gjorde det paa den maaten naar me skulle paa butikken paa laurdag, folk var kjempe hyggjelege og hjelpsame der. Bussturen fraa Salinas til Rivas, ca. to timar eller noko, var kjempe fin! Oded hadde nemleg sett paa fredagen daa me kom dit at naar bussen var full so sat folk paa taket. Saa me spurde om me fekk sitja paa taket, og det fekk me. Me maatte berre gaa ned naar me naerma oss Rivas, for politiet godtek det ikkje. Saa me sat paa taket der, aaleina i starten, etter kvart ilag med nokre syklar, nokre lokale gutar og eit par plastsekkar med grisungar oppi..akkurat det siste var ikkje so triveleg akkurat.. Men utanom det saa var det heilt straalande:)

Saa daa me kom fram til Rivas var det tid for aa skiljast fraa Oded. Han skulle nemleg sorover til Costa Rica att, medan eg skulle nordover til El Salvador. Det var ganske stusseleg, me har jo vore ilag heile tida i ei veka no, og han er ein skikkeleg koseleg kar. Paa vegen til Rivas saa prata me litt med eit svenskt par, saa daa Oded skulle gaa paa bussen sin, saa var han bekymra for meg som vanleg, saa han sa at dei maatte ta vare paa meg, me skulle nemleg vidare til same byen, Granada. Og om det var paa grunn av at han sa det eller ikkje veit eg ikkje, men me enda iallfall opp paa same hostal i Granada. Og eg prata ganske mykje med dei, me aat baade lunsj ilag naar me kom fram og frukost neste morgon for dei reiste vidare til San Jose. Dei var kjempe koselege, og dei var faktisk paa bryllupsreise.

Natta mi i Granada sov eg faktisk i ei hengekoya, det var nemleg det einaste som var ledig paa hostalet der, og det var saa koseleg der so eg ville bli. Hengekoya var inne paa hostellet, men det var ein saann hage inne paa hostellet, saa det var altso ute, saa eg var litt bekymra for myggane, men det gjekk utruleg fint. Eg sovna under stjernehimmelen og sov faktisk veldig godt. Granada skal jo vera ein av dei finaste byane i Mellom Amerika, den liknar paa Antigua i Guatemala, berre at den er ein del storre. Eg saag i grunn ikkje saa mykje av den. Etter aa ha vore paa kysten no, i naerleiken av ei strand, i mange maanadar no, saa faar eg nesten klaustrofobi naar eg kjem inn i landet, spesielt i trange travle byar.. Eg vil berre koma meg til havet igjen. Saa midt paa dagen paa tysdag saa tok eg bussen til Managua, hovudstaden i Nicaragua. Sidan eg hadde bussbillett med Tica bus klokka fem om morgonen dagen etter saa la eg meg inn paa hotellet paa busstasjonen der. Saa klokka tre i gaar natt so sto eg opp. Eg dusja og pakka og gjekk til terminalen, ein maatte nemleg vera der 45 minutt for. Saa var eg paa veg til El Salvador. Og etter 11-12 timar paa buss og to grenseovergongar saa var eg framme i San Salvador i gaar ettermiddag. Bussturen gjekk faktisk ganske so fort. Tidlegare klarde eg jo aldri aa sova paa bussar, men no klarar eg jo nesten ikkje aa halda meg vaken.

Vel framme i San Salvador saa byrja jakten paa minibank og bussane til La Libertad. Etter mykje gaaing og sporjing om vegen saa sat eg tilfreds paa bussen paa veg til Playa Sunzal, direktebuss altso, slapp aa byta buss i La Libertad. Paa vegen saa byrja eg aa bli litt bekymra, det vart nemelg morkt. Og eg pleier alltid aa prova aa unngaa aa ankomma plassar eter at det har blitt morkt. Saa naar bussen stoppa og alle gjekk av so befannt me oss paa ein ganske aude plass utan gatelys, saa eg hadde i grunn ikkje lyst aa gaa ut av bussen. Men so spurde bussjaaforen meg om kvar eg hadde tenkt meg, saa eg viste fram namnet paa plassen eg hadde funne i Lonely Planeten min, og so fylgde han meg dit, noko eg var svaert takksam for :)

I natt so skal eg sova ein annan plass, eg har no flytta til ein plass driven av ein veldig koseleg familie, og no har eg rom med eige bad til berre 6 dollar natta, tilgong paa kjoken har eg og.

Dagen min i dag starta tidleg. Og den starta bra. Eg gjekk ut og aat frukost, stor og god frukost bestaande av brod, omelett, ris, bonner, avocado og platanos, nam nam. Saa flytta eg tinga mine ut fraa der eg hadde budd til min nye bolig. Saa reiste eg for aa surfa. Der eg bur har dei tre brett, eigentleg for smaa for meg, men sidan eg ikkje visste kor langt det var til utleige so tok eg med meg eit og provde. Men det er so flaut aa vera saa daarleg naar alle andre er flinke.. og det gjekk skikkeleg daarleg..

Men ute i vatnet der saa vart eg iallfall kjend med ein fyr fraa San Salvador. Ein ganske gammal ein. Og han sa han hadde eit brett som var perfekt for meg. Saa no har eg eit brett paa rommet mitt som eg faar bruka heilt gratis :) Og i tillegg saa fekk eg skyss til byen der eg er no. Og ikkje nok med det, han kjem visst og hentar meg i den store behagelege bilen sin i morgon kveld. Daa skal eg visst bli med han til San Salvador, altso hovudstaden. Eg takka ja til tilbodet etter lang vurdering. Der eg bur er det jo berre meg no, om det ikkje kjem nokon i dag, og det einaste eg kan gjera der er aa eta, lesa, skriva og tenkja. Dette er jo aktivitetar eg trivst svaert godt med, men eg tenkjer at det kan vera kjekt aa finna paa noko i storbyen ein kveld og. Saa no har eg valt aa stola paa at eg er ei god menneskekjennar og eg vert altso med han i morgon. Dersom han dukkar opp daa, eg har jo brettet hans, saa det gjer han nok. Og daa er planen aa gaa paa kino, eg haapar paa Pirates of the Carribean 3, og saa ut og eta eller noko, og so har han lovd aa koyra meg tilbake hit etterpaa.

Nei, no er eg sliten, eg gloymde nemleg aa ta med meg brillene. So eg faar gaa ut og sjaa om eg finn ein buss som skal min veg. Saa har eg vore paa butikken her, og har planar om aa laga pannekaker til lunsj, om eg klarar det, eg har jo ikkje kokkelert paa evigheiter. Deretter vert det kanskje eit nytt forsok paa aa surfa. Faar sjaa.

Eg har det iallfall bra!! Og eg haapar at det staar veldig bra til med alle dykk og :)

9 Responses to “El Salvador – Playa Sunzal”

  1. Mette Says:

    Heisann!
    No e me alle 3 heima igjen.. Hans Christian har vært på Toten fram til idag,mens eg og Sander har budd i sentrum. Me hadde sommarfest i barnehagen idag. Hans Christian kom på den og so kjørte me ilag heim. Da rydda me og Sander fekk testa ut dei nye leikene sine.
    På tirsdag va Sander på 2-års kontroll. Han e 91 cm og 13,3 kg (lang & slank:)
    No e det berre 6 daga igjen på jobb,so har eg 4 uker ferie:-)
    Du må komma heim til me skal til Kristiansand den 13.!
    Kos

  2. Ann Kristin Says:

    Heisann:)

    Eg fekk ikkje ringt Sander i gaar, for eg bussa heile dagen. Og no faar eg helde ikkje ringt, for da e kje Skype elde telefonar her, du mao forklara han situasjonen, og gratulera han frao meg, sei at eg e veldig glad i han og sakna han, og so gi han ein stor klem frao meg!!!

    Eg vil veldig bli med t Kristiansand!!!!!!! men da e kje mogleg..viss de utset da ei helg do e eg dar. Eg ha jo fly frao Cancun t Dom Rep 12.juli og so heim 18.juli. ke lenge ska de vera i Kristiansand eigentleg??? Eg kjem t Noreg 19.juli. Eg kan reisa etter dikka dao. Evt eg kan bli litt lengre i Cabarete, viss de alikavel ikkje e dar og tek imot meg.

    So deileg med ferie dao, de mao kosa dikka masse:) :)

    No mao eg verkeleg gao aa eta for eg svelt ihjel..

    Klem klem :)

  3. mamma Says:

    Hei igjen.Fint Ã¥ se at du har kommet deg trygt fram.Jeg hÃ¥per du ikke sov pÃ¥ hele turen slik at du fikk sett litt av plassene du kjørte forbi.Det er jammen godt at du treffer sÃ¥ hyggelige folk som følger deg trygt til der du skal.Pappa synes ikke sÃ¥ mye om at du sitter pÃ¥ taket nÃ¥r du tar buss,men jeg regner med at det ikke gikk sÃ¥ fort.HÃ¥per han “gamle “mannen passer pÃ¥ deg da.Det blir sikkert fint Ã¥ fÃ¥ se seg litt om i landet.Ja imorgen reiser vi heim til hafslo. Kjedelig Ã¥ kjøre men blir godt Ã¥ komme heim og.Ha det godt sÃ¥ lenge og pass pÃ¥ deg selv.Klem fra mamma

  4. Marianne Says:

    Hei igjen!
    Er så moro å lese d du skriver, føler neste jg er litt m på reisen:)
    Høres trygt ut at du har reisefølge m n gutt, hjelper på, mn har du forlatt han nå? trist?
    Ellers eter, surfer og ser du…? Litt av et liv!
    her hjemme har ting begynt å gå inn i rutinene, hjelp!
    Hater stress og mas, jobb og studieplaner..
    Blir gal av all planlegginga.
    Hvorfor ikke bare ta livet m ro og nyte?
    Sånn som du gjør nå, himmelsk!
    Hold oss oppdatert da, er spennende detta!

  5. Mette Says:

    Hei!
    Me skal berre væra ei helg i Kristiansand; 13. til 16. Hans Christian og Sindre har jo ikkje ferie.. Det e einaste helga me kan.

  6. Ruth Wenche Says:

    Heisann!
    Ã…, det er jammen veldig spennende Ã¥ følge reisen din her pÃ¥ webhotellet ditt! ;) Og kjempebra at du møter sÃ¥ mange hyggelige folk!! Kordan var turen til hovedstaden med han gamle mannen? Har vore pÃ¥ nattevakti natt eg, og skal pÃ¥ nattevakt i kveld ogsÃ¥… Ha det godt videre, eg syns du e ein skikkelig tøffing som reiser rundt aleine og klarer deg sÃ¥ bra!! Stor klem fra Ruth Wenche. PS: Eg e forresten i Oslo nÃ¥r du kommer tilbake, hadde vore veldig kjekt Ã¥ truffet deg dÃ¥.. Er i Oslo fra 8. – 21. Juli…
    Klem igjen.. ;)

  7. pappa Says:

    Hei kjære dotter, ja no ventar me i spenning att pÃ¥ siste nytt. Vert ikkje akkurat rolege me her heima av Ã¥ lesa bloggen din………….
    Du er ikkje skvetten, og tek sjangsar, men eg hÃ¥par at du er dan gode menneskekjennaren som du meinar. Trur no kanskje litt for godt om alle, kanskje……
    Kva er alderen på ein gammal mann forresten?
    I dag har eg ein fridag, og er heima og kosar meg med å slå plen, sykla, padla og jobba litt. Til Oslo att i kveld. Ha da godt og ver varsam både i bølgjer og kva/kven du sit pao med. Stor klem frao pappa

  8. Mette Says:

    Hei!

    No e det på tide å du gir lyd fra deg igjen! Mamma e hvertfall veldig beskymra.. Håpa du har det fint!
    Me va på Tekninsk museum med barnehagen igår, det va veldig bra:-) Berre 4 dager til ferie no!!!

  9. Mette Says:

    Hørte du hadde snakka med resten av familien igår; det va bra:-) Og so hadde du visst komme til Guatemala.. Skal du være lenge der da? Ke e neste reisemål?

Leave a Reply