Guatemala – Livingston

Posted on Jun 28 in: Travel - 11 Comments »

Det er ei stund sidan eg har skrive her no, saa eg har altso reist eit stykke sidan sist og befinner meg no i Livingston i Guatemala.

Eg likte meg utruleg godt i Playa Sunzal i El Salvador, saa eg skulle svaert gjerne blitt der mykje lengre, og eg skulle gjerne besokt andre plassar i El Salvador.  Men men, etter fire netter der saa folte eg at eg maatte koma meg vidare, det er jo jammen ikkje lenge til eg maa vera i Cancun.. 12.juli har eg fly fraa Cancun i Mexico til Santo Domingo i Den dominikanske republikk.  Eg skulle saa gjerne hatt minst ein maanad i kvart land her, men det skal nok bli fint aa koma heim att til Noreg snart og :)

Eg var altso i Playa Sunzal i El Salvador fraa onsdag kveld til sondag midt paa dagen.  Der provde eg aa surfa kvar dag.  Men det var ikkje so lett.  Det var so mange folk i vatnet, og eg hadde litt lite brett i hove til kor smaa bolgjer det var.  Men det var veldig kjekt med dei faa bolgjene eg klarde :)   Ellers so gjekk dagane med til aa eta og hengja med dei to som budde der eg budde, Toru fraa Japan og Noel fraa USA, ja eg veit eigentleg ikkje kva anna eg dreiv med der, men dagane gjekk iallfall veldig fort.

Laurdag kveld reiste eg paa bytur til hovudstaden San Salvador.  Ein fyr eg vart kjend med naar eg surfa paa torsdag, Rene heiter han, henta meg i Playa Sunzal i seks-tida og saa koyrde med til storbyen, som ligg cirka ein halvtime unna.  Det var faktisk ein veldig bra kveld.  Han var veldig hyggjeleg og interessant aa prata med.  Og eg betalte visst ingenting heile kvelden.  Han tok meg med til den fine delen av San Salvador, altso tydlegvis der den velstaanade delen av befolkningen heng, og altso den trygge delen av byen.  Det var veldig fint der, og det foltes absolutt ikkje som om eg var i eit utviklingsland, det er saa utruleg store forskjellar her.  Veldig trist er det, men det var alikavel interessant aa faa eit innblikk i korleis dei meir velstaande i landet har det og.  Fyrst saa var me innom ein bar og helste paa nokre kameratar av han, saa var me innom ein veldig fin og ekslusiv sjokoladebutikk (nam nam ;) ), saa koyrde me berre litt rundt paa ein omvisningsrunde.  Saa stakk me innom der mor hans bur og helste paa ho, ho budde i eit kjempe fint hus, og det er heilt tydleg at denne familien har nok pengar.  Dei lever i ei heilt anna verd enn til domes familien eg leigde rommet mitt av.  Saa koyrde me til ein restaurant der eg skulle faa smaka hummar for fyrste gong i mitt liv.  Me bestilte kokosvatn til drikka og ris med hummar og gronsaker og tempurascampi og -gronsaker, det var kjempe godt alt saman.  Og so heilt gratis dao..tihi..

Etterpaa var planen aa sjaa Pirates of the Carribean 3 paa kino, men me kom diverre litt for seint til den siste framsyningen av den filmen.  Saa det einaste alternativet me hadde var ein film som heiter noko saant som The Fantastic Four elde noko liknande, iallfall ein heilt utruleg tragisk daarleg film, saa daarleg at det vart heilt latterleg, meir er det ikkje aa seia om den.  Saa etterpaa saa fekk eg sjaa huset hans og helsa paa dei tre hundane hans.  Og eg fekk sjaa pistolane hans…Han baerer nemleg alltid vaapen, alle gjer visst det her.  Han hadde dei ikkje med seg denne kvelden berre fordi han ikkje ville skremma meg.  Men naar han skulle koyra meg tilbake om natta saa maatte han ha med ein pistol, det er visst ikkje saa trygt aa koyra om natta, han pleier aa prova aa unngaa aa gjera det.  Saa eg fekk nesten litt daarleg samvit som forlangte aa bli koyrt heim att, eg hadde jo tilbod om aa sova paa gjesterommet hans, men neida, eg ville heim. 

So dao koyrde me avgarde med pistolen liggjande i ein boks i mellom oss.  Daa me naerma oss der eg budde og me skulle stoppa snart saa tok han den ut av boksen slik i tilfelle.  Det foltes jo nesten heilt surrealistisk ut for meg som kjem fraa Noreg der ikkje politiet ein gong gaar rundt med vaapen. 

Saa paa sondag, etter surfing og lunsj, saa forlot eg El Salvador i bil.  Eg lever visst eit skikkeleg luksusliv om dagen.  Amerikanaren som budde der eg budde hadde nemleg leigebil, saa eg overtalte han til aa reisa tilbake til Guatemala paa sondag, slik at eg kunne sitja paa.  Eg likar veldig godt aa ta dei lokale bussane, dei er varme og trange, men turane er som oftast alikavel veldig artige og interessante.  Men eg kan ikkje leggja skjul paa at aa krusa fraa El Salvador til Guatemala i bil var svaert saa behageleg.  Og ein ser saa mykje betre, fraa framsetet i ein bil saa har ein jo panoramautsikt i hove til aa sitja klemstra i ein gammal amerikansk skulebuss.  Saa me koyrde altso fraa Playa Sunzal til Antigua i Guatemala paa sondag.  Me koyrde litt feil og det vart morkt og det holjeregna og lynte og tordna, saa me var litt bekymra ei lita stund, Guatemala er jo ikkje det tryggaste landet aa ferdast i etter at det har blitt morkt, og med surfebrett paa taket er det ganske openlyst at me er turistar.  Men me kom oss trygt fram i Antigua.  Og det var skikkeleg koseleg aa vera tilbake i byen der eg budde fem veker for to aar sidan.  Opphaldet i Antigua vart jo diverre svart kort, allereie neste formiddag saa var me paa vegen att.  Saa eg har lyst aa stikka innom Antigua att om nokre dagar, men det spors om eg faar tid.  Jaja, eg fekk iallfall kjopt med meg eit halvt bananbrod fraa Doña Luisa, og det smakte akkurat saa godt som eg hugsa det.

Saa paa maandag so var planen aa koyra fraa Antigua til Rio Dulce.  Og for aa koyra den strekningen saa maa ein igjennom Guatemala City.  Me koyrde litt feil, men det var berre moro, me var ganske flinke, spesielt kartlesaren gjorde ein god innsats syns eg :)   Det var mykje vegarbeid, saa dei fyrste timane gjekk usannsynleg seint.  Saa me ankom igjen vaar destinasjon i morket i posande regn.  Saa i gaar saa tok me baat fraa Rio Dulce til Livingston, og her er me framleis. 

Livingston er ein liten by paa den karibiske kysten av Guatemala, og ein kan berre koma seg hit i baat.  Baatturen i gaar var kjempe fin, saa eg gler meg til tilbaketuren.  Etter at me kom fram i gaar so fann me oss eit hostal, aat lunsj og saa gjekk me tur.  Eg likar aa gaa paa oppagelsesferd, saa eg drog med meg min amerikanske ven, privatsjaafor om du vil, paa tur i omraadet utanfor sjolve byen.  Me vandra paa stiar og surra rundt, og paa stirringa til dei lokale, saa tyda det paa at ikkje saa altfor mange turistar tek turen i det omraadet.  Saa plutseleg saa kom me til ei fotballbana ute i bushen der, og dei skulle akkurat til aa starta, saa dei spurde min ven om han ville bli med.  Og det ville han etter overtalelse fraa meg, og saa spurde eg om kanskje eg og kunne faa bli med sjolv om er ei jenta.  Og det fekk eg.  Men eg hadde diverre ikkje sko, eg vandra nemleg rundt i flipp floppar, saa det var ikkje saa lett.  Underlaget var ganske vondt, og daa ein av mine motstandarar trampa meg paa vrista med fotballknottane sine saa valde eg aa gi meg.  Men ein artig ettermiddag var det.

Saa om kvelden saa var me ute og aat Tapado.  Det er ein lokal Garifuna rett som eg hadde lese om i Lonely Planet og  bestemt meg foar at eg maatte smaka.  Det er ei suppe som inneheld blant anna kokosmjolk, platanos, fisk og krabbe.  Og det var svaert godt!

Natt til i dag tilbrakte eg i ei hengekoya utanfor rommet der min ven og andre sov, det var ganske behageleg. Og i hove til prisen, som er cirka tolv kroner, saa var det veldig behageleg.  Saa det vert nok hengekoya i natt og ja.

Dagen i dag har eg tilbrakt for meg sjolv.  Eg sende min ven avgarde paa ein organisert tur, medan eg tok ein liknande tur paa eiganhand.  Og eg har hatt ein herleg dag.  Det einaste triste er at eg ikkje har hatt noko kamera aa ta bilete med.  Eg gjekk fem kilometer langs stranda her til eg kom til noko dei kallar Los Siete Altares.  Det er altso ei rekkje vatnfall og naturlege basseng.  Heilt nydeleg var det.  Og eg var der heilt aaleina.  Saa eg klatra opp vatnfall og styrte paa, litt skummelt var det, men veldig moro. Og vatnet var so kjoleg og herleg!!  Saa etter badinga saa vandra eg dei fem kilometerane tilbake og bestillte lunsj – kokosbrod, bonnestuing og steikte platanos med ananasmoothie til drikka.  Og etter lunsj saa har eg site her.  No begynnar eg aa bli lei og klar for ein dusj.

Eg likar meg godt her i Livingston, og kunne gjerne blitt eit par dagar til, men eg trur me kjem til aa reisa vidare i morgon.  Daa staar Tikal for tur.  Saa daa vert det nok nokre nye timar i bil, eg gler meg faktisk eg.  Det er herleg aa krusa igjennom den vakre frodige naturen med Jimi Hendrix i bakgrunnen (den einaste cd’en me har), eventuelt guatemalsk radio. 

11 Responses to “Guatemala – Livingston”

  1. mamma Says:

    Hei :-) Så mye du får oppleve ,ja du er heldig.Det er så kjekt å lese alt du skriver,det er de beste dagene mine når jeg står opp og slår på dataen og noe nytt dukker opp på skjermen.Ja nå er det båre 21 dager til du er tilbake i Norge,gleder meg til det.Men det er synd du ikke får tatt så mye bilder,du skulle ha kjøpt deg noen engangskameraer.Her er det overskya i dag,jeg skal på jobb,seinvakt.Så reiser jeg til Oslo med nattbussen.Skal til Håkon og Solveig i dobbel 50 års dag på lørdag.Det blir kjekt.Du får kose deg videre og ta godt vare på deg sjøl.Ha en fin dag,klem fra mamma

  2. Mette Says:

    Heisann:-)

    Det høres ut som du kosa deg ja! Men me gleda oss til du komme heim no!
    Eg og Sander e heima idag. Me va heima igår og. Sander hadde 39 i temp. tirsdag kveld, so va han feberfri (men dårlig matlyst) på dagen onsdag, men hadde feber igjen om kvelden. Håpa me kan i barnehagen imåro, da det e siste dag før ferien og alle ungane slutter jo (kanskje ikkje Lasse).
    Stian blei pappa til ei jenta igår:-)
    Sander e hvertfall i fin form no; eg blåse såpebobler og han e heilt vill:-) Akkurat no går han berre i trusa ,skal prøva å avvenna han med bleier no i ferien.
    Ta vare på deg sjølv og hold oss oppdatert! Du må ta bilder!
    Kos fra Mette & Sander

  3. Sander Says:

    Z,. 9EDILK IIIIIIIIIIIIIIIIDDDDDDDDDDDDDDDDDDD—ÆJKKÃ…PODEO|
    999999999999999999999z9

  4. Christianne Says:

    Haisann kjære deg :) So kjekkt Ã¥ sjao att du nyte livet, kasta ikkje vekk tiden du! Gleda meg te du kjeme atte, dao bli me fjellgeite i Jotunheimen. Snakka med Mona pao tlf ista, Ã¥ ho gleda seg masse t turen vÃ¥r. No reiser eg t Kreta om 2 tima…deileg med strand og bading igjen! Eg og Joar har forresten planlagt samnakommst for dei me har gÃ¥tt pÃ¥ ungdomsskule med pÃ¥ Bjelde gard den 18 juli…men ekje heilt sikker pÃ¥ om du e komen heim dao…see u soon dearest :)

  5. Ida Says:

    Skal si du ordner deg fint Ann Kristin. Gratis skyss, helaften i storbyen+++
    Du besøker så mange steder og opplever så mye gøy! Er litt misunnelig, og jeg får kjempelyst til å reise når jeg leser bloggen din.

    Har du forresten noen gang vurdert å bli journalist? Var inne på hjemmesiden til kusina mi, Henriette, som er sportsjournalist, og så tenkte jeg på deg. Du er jo utrolig flink ti å skrive! Glad i å reise og utforske er du jo og. Tror du hadde vært en veldig god journalist! Måtte bare si det:)

    Her hjemme er alt bra. Har begynt Ã¥ jobbe, men synes egentlig det er greit. Sitter i kassa pÃ¥ Tømmerstø landhandel og ser ut pÃ¥ sjøen. Nydelig! Selger for det meste is. Tror vi mÃ¥ være den butikken i landet som selger mest is om sommeren. Du hadde likt deg! Synd at du ikke rakk Ã¥ være med pÃ¥ Kristiansand-tur (leste din søsters innlegg…hehe) Hadde vært sÃ¥ gøy!
    Fikk meldinger av Christianne idag, angående fjellturen. Jeg har heldigvis fri den helgen! Gleder meg masse, spesielt til å se deg og resten av gjengen igjen! Må si jeg savner folket.

    Du må kose deg masse videre på ferden!
    Klem fra Ida

  6. pappa Says:

    Hei igjen vetlejentao, du har da framleis strÃ¥lande les me. Veldig godt Ã¥ høyra frÃ¥ deg att. Du er ein skikkeleg tøffing, kanskje litt for tøff tykkjer no eg nÃ¥r eg les ein del av bloggane dine. No har eg nett vore i Høgsterett og fulgt med pÃ¥ endeleg dom i Nokas saka, nesten alle fekk forlenga straffa (totalt 24 Ã¥r). Har vel gitt ca 15 intervju no i etterkant, vart veldig god dom. No tek eg snart helg. Har kajakken i Oslo, so eg skal ha litt padling m.m. Mor di kom jo og inn i dag morgon 0520 (og eg mÃ¥tte jo henta ho…….) Sindre vert og i Oslo denne helga, so no manglar me berre deg igjen, for Mette og Sander dukkar nok opp. Kos deg vidare, og so ser me alle veldig fram til Ã¥ fao deg heim. Klem frao pappa

  7. Andres Says:

    Hallo!
    Aiaiai, Ann Kristin, tenk at du har spist bananbrød fra Dona Louisa igjen! Du aner ikke hvor misunnelig jeg er (men glad på dine vegne)!

    Så morsomt at du er tilbake i Guate. Og flott at du får tatt turen til Tikal denne gangen! Det er et fantastisk sted.

    GOD TUR VIDERE!

  8. Jarle Says:

    Hei Ann kristin
    Lett å sjao av reisebreva at du storkosa deg naor du e pao tur. Da e viktig da å nyta kvert øyeblikk, og suga til seg alt av inntrykk og kultur. Skikkelig tøffing du,men da viste eg no frao før.Saog du hadde våre pao tur me ein gamling og at Far din lurte på kor gammal ein gamling er.Eg tippar 49.No mao du kosa deg masse dei siste vekene og vera flinke å gje lyd i fra deg KVAR DAG.Ein liten ting til slutt. Hvis du har lyst pao noken tips om vollyball so kan me sikkert ta ein revansjekamp pao skulen he he.
    Hasta luego

  9. Mette Says:

    Hei!

    Du har tenkt å bli med heim til Hafslo når du komme til Norge 19.juli?
    Tid du skal på fjelltur?

  10. christianne Says:

    Klart du mao rett heim t Hafslo :)

  11. Ana Christina en Guatemala Says:

    Heisann heisann alle saman!!

    Bli so glad naar eg kjem inn her og ser at de ha skrive t meg, veldig moro med litt respons:) So skriv snart att alle saman!!!

    Eg ha i grunn ikkje tenkt pao om eg ska rett heim elde ikkje, da kjem vel an pao ke resten av familien ha tenkt.
    Eg reiser gjerne rett heim og spelar revasjekamp i volleyball eg :)
    Og ein gamling e foresten fodd i 1964.. :)

Leave a Reply