Tikal – ei verdig avslutning paa mitt altfor korte opphald i Guatemala

Posted on Jul 05 in: Travel - 2 Comments »

Jadao, eg har endeleg vore i Tikal, og der likte eg meg. Men lat oss spara den godbiten til litt seinare, og heller byrja der eg slapp forrige gong.

Daa eg kom tilbake fraa internetturen min i Poptun paa laurdag, saa var det komne nye folk til Finca Ixobel. Den fyrste natta var eg nemleg aaleina paa rommet (sovesalen), og alle andre rundt meg var familiar og par. Men paa laurdag saa kom det altso ein israelsk fyr og to fraa Sveits, saa det var jo triveleg. Saa resten av den dagen saa laag eg i ei hengekoya og las i boka mi, sosialiserte litt med dei gutane, og aat. Saa paa sondag saa skulle eg jo eigentleg reisa vidare, men det skjedde visst ikkje. Eg tenkte eg kunne bli ein dag til og so reisa til Tikal same dag som Elin og Ericka. Saa daa vart det enda ein svaert roleg dag paa meg. Eg saag foresten ein slange den dagen, saa det var jo spennande! Og om kvelden saa aat eg middag med dei tre gutane og ei hyggjeleg jenta fraa USA. Til dessert saa kjopte eg banankaka, ho fraa USA sjokoladekaka, han eine fraa Sveits kjopte kokoskaka og han israelske kjopte mangopai – saa satte med dei midt paa bordet, tok kvar vaar skjei og stappa i oss litt av alle- kjempe lurt og godt :)

Saa neste dag, alsto maandag, saa skulle eg jo iallfall reisa vidare. Men so ringde eg til Elin for aa hoyra kvar dei hadde tenkt aa overnatta. Og dao viste da seg at dei diverre hadde blitt sjuke og maatte bli i Rio Dulce ein dag til iallfall. Og so fann eg visst ut at eg kunne bli ein dag til. So dao va da eg og han israelske so var att, og so kom det jammen to til israelske, eit par. So jadda, eg hang med dei og provde aa skjonna hebraisk :) Eg kan faktisk telja til ti no.

So neste dag, i gaar, so kom eg meg jammen avgarde. Han som er manager paa Finca Ixobel, altso der eg sov fire netter, er faktisk fraa Tyskland. Og han og hadde berre tenkt aa sova der ei natt daa han reiste rundt for fjorten aar sidan, men jammen er han der framleis. Han har kona og ungar her no og har altso jobba der i nesten fjorten aar, saann kan det gaa. Og han som driv hostellet der eg sov no, Los Amigos i Flores, er fraa Nederland, han og var paa resiefot, men vart visst verande. Artig korleis livet plutseleg kan bli heilt annleis enn det ein hadde sett fore seg. Ta det med ro, mamma! Eg kjem heim:)

Iallfall so reiste eg og han isralelske med bussen hit til Flores i gaar, eller rettare sagt til Santa Helena heiter det vel der bussen stoppa. Han skulle vidare til Mexico i dag tidleg, medan eg reiste rett vidare til Tikal daa me kom fram i gaar. Inne i Tikal saa fann eg meg ei ledig hengekoya paa Jaguar Inn, satte fraa meg bagasjen der og gjekk for aa eta lunsj. Deretter var eg klar for ein liten ettermiddagstur i Tikal, der maalet var aa sjaa solnedgangen fraa toppen av tempelet Mundo Perdido. Saa eg kjopte meg eit kart og vandra av garde. Og eg maa seia at eg anbefalla folk aa tilbringa natta i Tikal. For naar eg la av garde daa, i fem tida kanskje, saa var det jammen ikkje mange folk der. Paa vegen fraa inngongen til Mundo Perdido motte eg kun eit par personar. Eg saag derimot ganske mange apekattar og eit ekorn :)

Daa eg kom fram til tempelet saa var det jo heldigvis nokre personar der, eg var nemleg ikkje veldig lysten paa aa gaa aaleina i morket tilbake. Men det var ikkje saann veldig mange der, ti til saman kanskje. Solnedgongen var diverre ikkje saa fantastisk som me hadde haapa paa, ja me saag vel eigentleg ikkje noko solnedgang, det var ganske taakete, men det var utruleg flott aa sitja paa toppen av tempelet der. Det er ganske hogt, 38 meter trur eg (saa det var litt skummelt aa gaa opp ja), saa utsikten er god. Ein sit altso der oppe, og alt ein kan sjaa er jungel og toppen av andre pyramidar/tempel og innimellom nokre vakre fuglar og apekattar, og alt ein kan hoyra er alle fuglelydane og dei svaert hoge brola til “Howlermonkey’ane” – det var utruleg flott.

Saa paa veg tilbake saa prata eg med ein vaktmann. Me prata om alle dyra som finst der – slangar, krokodillar, pumaer og jaguarar blant anna. Han hadde sett jaguar tre gonger meinte han. Og eg sa at eg hadde veldig lyst aa sjaa desse dyra. Og han syns det var saa artig at eg var saa interessert at han sa at han kunne ta meg med paa ein tur i morket seinare, det er nemleg storre sjanse for aa sjaa desse dyra daa. Han skulle berre henta lommelykter og pistolen sin og so var han klar. Eg kunne velja kor lenge eg vil gaa, kor me skulle gaa og kva eg ville sjaa eller leita etter. Saa me avtalte aa motas klokka ni og gaa rundt i cirka ein time. Og eg hadde sjolvsagt mest lyst aa sjaa ein jaguar, men sjansen for det er ikkje saa stor trur eg. Men iallfall, naar klokka naerma seg ni saa slukka dei lyset paa hotellet. Og eg spurde om resepjonen var stengt og alt lyset av fraa daa, og dei svarde ja, saa daa tenkte eg at eg ikkje kom meg inn att viss eg reiste ut, og at eg i tilfelle ikkje kom til aa sjaa noko som helst, sidan eg ikkje hadde lommelykt. Saa den hyggjelege vaktmannen sto sikkert aa venta paa meg, men eg kom visst aldri. Utruleg irriterande!!! Eg var so klar for vandring i morket, det hadde vore skummelt, men veldig spennande. Og det verste av alt var at eg seinare fann ut at eg ikkje trong aa gaa igjennom resepsjonen for aa koma til hengekoya mi, og at det var bittelitt lys i hagen der, saa eg hadde nok sett bitte litt, utruleg irriterande rett og slett…!!!!!!!!!!!

Jaja, eg fekk iallfall litt meir sovn daa i det minste. Det var jo greit aa faa lagt seg litt tidleg, sidan eg sto opp att 04.15 i dag. Klokka 04.45 skulle eg nemleg mota opp for ein guida tur. Me byrja turen med aa sjaa soloppgongen fraa det hogaste tempelet. Soloppgongen var heller ikkje saa veldig bra, framleis taakete, men guiden meinte visst at me var veldig heldige, det var visst ikkje saa ofte det var betre. Men etter fantastiske solnedgongar paa Playa Maderas i Nicaragua saa skal det litt til aa imponera meg. Men det var jo heilt andre omgivnadar her daa, det bor no nemnast. For det var jo veldig fint! Men eg likte meg betre paa toppen av Mundo Perdido. Saa resten av turen saa gjekk me altso rundt og saag paa store delar av ruinane. Og eg torde faktisk aa bestiga alle saman, den eine, tempel nummer fem, var ganske hog og rett opp og skummel, men eg klarde det :)

Saa naar turen var ferdig, og dei andre gjekk tilbake, saa gjekk eg litt rundt paa eiga hand. Eg gjekk blant anna til “Temple of the Inscriptions”, som ligg litt avsides i hove til resten. Saa det var ein fin gaatur igjennom jungelen for aa koma dit. Og etter turen dit saa kjende eg gnagsaara koma snikande, eg trur kanskje ikkje svaert slitte Coversessko staar paa lista over anbefalt skotoy, altso behagelege tursko sko med godt feste, saa eg valde aa gi meg der. Paa vegen tilbake gjekk eg innom vatnet der det skal vera krokodillar, men eg saag diverre ingen.

Saa daa eg kom tilbake paa hotellet mitt saa traff eg ho amerikanske jenta som var paa den okologiske plassen fraa sondag til maandag, saa me aat lunsj ilag. Det er artig kor ofte ein faktisk treff att folk. For i tillegg til ho saa traff eg i dag tidleg, paa toppen av tempel fem klokka fem i dag tidleg, og att ein fyr fraa Canada som tok same buss som meg fraa Managua til San Salvador, artig.

Saa vel fornogd med mitt opphald i Tikal saa tok eg altso bussen fraa Tikal til Flores klokka halv tolv. Og Flores er jo faktisk ein skikkeleg koseleg liten by. Eg skulle gjerne blitt her ein dag eller to, aa gaatt tur, ete paa ein av dei koselege restaurantane paa paalar i vatnet, bada og reist paa baattur eller padla litt og saant, det ser jo skikkeleg idyllisk ut her. Men allereie i morgon tidleg klokka fem so set eg meg paa bussen til Belize City. Og der er planen aa ta baat vidare med ein gong til Caye Caulker.

Det ser diverre ikkje ut som eg faar treffe att Elin og Ericka. Stakkar Ericka er nemleg veldig sjuk og har faatt forbod av legen om aa reisa vidare for ho er betre, saa dei er altso framleis i Rio Dulce, veldig kjedleg. Men men, faar berre haapa ho vert betre snart iallfall.

No trur eg eg skal tusla tilbake til Los Amigos og prova aa velja noko aa eta fraa den svaert fristande menyen med veldig mange vegetaralternativ :)

Hada bra so lenge, folkens!

2 Responses to “Tikal – ei verdig avslutning paa mitt altfor korte opphald i Guatemala”

  1. Mette Says:

    Hei!

    No sitte eg og Sander i sofaen på Hafslo og ser litt morgen barne-tv. Eg ser litt blå himmel ute,so håpa det ikkje blir regn idag hvetfall!

    So synd at du ikkje fekk reist på jungelturen,hadde sikkert vært spennande!

    Høres ut som du treffe menge hyggelige folk,det e bra; blir litt mindre einsomt da:-)

    Skal du ta buss til Mexico etter denna øya? Hen i Mexico skal du?

  2. pappa Says:

    Hei pao deg igjen, ja i dag var da mykje moro ̴ lesa Рigjen. Du opplever fantastisk mykje moro, mange flotte stadar forst̴r eg.
    I dag har me vore heima pao Hafslo, Sander og eg har sykkla både han sin sykkel og i sykkelsete med meg. Han kosar seg dao.
    Lettskya bra ver her, men deler av austlandet ligg under vatten, største flaumen pao 50 aor i landet vaort.
    No ska eg ut pao Hafslo vatne å padla, da er blikkstille vatten og glimrande for dan nye raske kajakken.
    Du kan gleda deg te å prøva dan. Kos deg vidare no den siste tida.
    Beste helsing og stor klem frao pappa

Leave a Reply