Siste oppdatering for eg vender heim til fedrelandet..

Posted on Jul 17 in: Travel - 3 Comments »

Jadao, for aa starta der eg slutta sist, etter to netter i Belize gjekk turen vidare til Mexico. Der fyrste stopp var Bacaral, ein plass som ikkje sto i reiseboka mi, men som Toru fraa Japan tipsa meg om i El Salvador. Og daa eg gjekk av bussen i Bacaral gjekk eg av aaleina, resten skulle til Tulum og Cancun, jippi jippi jippi, tenkte eg dao, lite turistar lovar bra. Og lite turistar var det der, og eg likte meg.

Fyrste kvelden saa gjekk eg for aa eta, og ein mexicanar som og aat aaleina spurde om han kunne setja seg med meg, og det kunne han jo. Og han var jo hyggjeleg, saa eter middagen tok han meg med paa ein liten omvisning i byen, og me enda til slutt opp pao ein restaurant der eg fraa bilen saag at dei viste fotball, altso Copa America. Det var kun fem minutt att av kampen der Brasil vann 6-0, saa den gjekk me glipp av, men kvelden var uansett ein svaert koseleg kveld. Me drakk ein smoothie og prata med dei som dreiv plassen og litt andre folk, dama som driv plassen ilag med sin mexicanske kjaeraste er fraa Sveits, og i tillegg var det ein annan sveitsar der, eit irskt par og nokre lokale, alle svaert trivelege!

Neste morgon tok eg eit morgonbad i laguna “Los Siete Colores” (dei sju fargane), vatnet der skal altso ha sju fargar, eg saag iallfall fire, og det var veldig fint der. Saa la eg meg i hengekoya der eg budde for aa lesa avisa, og daa fekk eg servert ei kokosnott av vakta der, herleg herleg!

Saa reiste eg til Cenote Azul, altso eit naturleg basseng som er 90(!) meter djupt. Der var det og veldig fint. Det vert litt kort her no sidan eg har litt for mange dagar aa skriva om. Eg symde iallfall rundt der ei stund og slappa av litt, og so tok eg taxi tilbake. Eg hoppa av taxien paa den same plassen som eg hadde vore kvelden for, der var det nemleg ny fotballkamp, Mexico spelte, og vann 6-1, so stemningen var god ja ;) Etterpaa hang eg ei stund med sveitsaren eg traff kvelden for, ein veldig hyggjeleg fyr, skiinstruktor fraa Davos. Saa om kvelden gjekk eg ut for aa eta paa same plassen, og igjen fekk eg selskap. Medan eg aat kom nemleg eit sveitsisk par eg hadde delt taxi med tidlegare paa dagen, saa me vart sitjande og prata ei god stund, veldig hyggjelege dei og.

Saa paa maandagen, etter to netter i Bacaral, reiste eg nordover til Tulum. Eg kom fram der paa ettermiddagen, i fem-tida, saa eg gjekk rett for aa eta, og saa ein tur paa internet, saa tilbake til hostellet for aa ta ein etterlengta dusj. Om kvelden hang eg berre paa hostellet, der eg traff nokre kjempe koselege norske jenter, saa det var og ein veldig triveleg kveld. Dagen etter reiste eg paa stranda i Tulum ilag med dei tre norske jentene, enda ei norsk jenta og ei svensk ei. Og der hadde me nokre nydelege timar for me maatte tilbake for aa ta bussen til Cancun. Stranda der var heilt nydeleg, og me var jo til og med omtrent aaleina der, og havet var heilt utruleg flott, knallblaatt nokre plassar og heilt turkist andre, utruleg fint.

Saa hadde eg altso bestemt meg for aa reisa vidare ilag med dei norske jentene, Marte, Helene og Signe. Me tok fyrst buss til Cancun, og derifraa baat vidare til Isla Mujeres. Der fann me oss eit hotellrom, dusja, og saa gjekk me ut for aa eta middag. Og fiskemiddagen var kjempe god. Saa gjekk me litt rundt, for me satte oss ned for aa eta att, denne gong dessert. Og steike den desserten var god!!!! Fantastisk god kokosis med nydleg mango til og notter strodd over, nam nam nam nam…:)

Min siste dag paa tur, onsdagen, sto me opp veldig tidleg, klokka halv seks trur eg det var, for aa faa med oss soloppgongen. Me fann vel aldri heilt den soloppgongen, sjolv om Marte og Signe gjekk fraa eine sida av oya til den andre paa leiting etter sola. Men eit herleg morgonbad fekk me oss iallfall :) Etter det tok me oss ein time i senga att, for me gjekk paa butikken for aa handla med oss mat til dagens utflukt. Og den dagens utflukt var altso aa leiga ein saann golfbil og koyra rundt oya. Signe vart dagens sjaafor sidan ho var den einaste som hadde vore lur nok til aa ta med seg sertifikatet. Men eg fekk og saa vidt prova aa koyra, artig var det, lenge sidan eg har koyrt no. Me hadde iallfall ein super dag!! Slike golfbilar er jo geniale, paa smaa strekningar vel og merka, dei gaar jo ikkje for fort akkurat, dei er jo luftige som ein cabriolet, berre med eit lurt og behageleg tak over som skuggar for sola. Saa me koyrde altso rundt oya, tok matpausar, kaffi/appelsinjuicepause, lang og herleg badepause og smoothiepause – ein super dag!! Saa dusja me og gjekk ut for aa eta. Saa klokka ti saa var tida inne for aa seia ha det til dei tre utruleg koselege jentene, og eg tok baaten tilbake til fastlandet att. Deretter taxi til busstasjonen og saa flybuss. Sidan flyet mitt gjekk klokka aatte nesten morgon saa hadde eg nemleg bestemt meg for aa tilbringa natta paa flyplassen. Og eg kom meg no igjennom den natta, veldig kaldt og ikkje saa veldig behageleg var det, men eg sov no nokre timar paa golvet med sekken min som puta. Resten av den dagen besto av altfor masse shopping i tax-free’en, fly til Panama, altfor stort pengeforbruk paa flyplassen der og, fly til Santo Domingo, ein svaert dyr taxitur fraa flyplassen der inn til byen, litt venting paa busstasjonen der, ein utruleg kald busstur til Sosua, taxi fraa Sosua til Cabarete, og der var eg jammen tilbake :) Og sidan det litt billege hotellet eg hadde planar om aa bu paa fyrste natta hadde stengt resepsjonen for natta, det var veldig morkt aa vandra rundt aaleina, eg var ganske troytt, og air-condition og frukostbuffet hoyrdes veldig komfortabelt ut, saa var eg visst plutseleg innlosjert paa hotell Villa Taina for 90 dollar natta. Og jaudao, det var ei veldig behageleg natt og ein god morgon, eg aat lang frukost, saag paa tv, dusja og styrte paa heilt til eg maatte forlata rommet klokka eit. Men det var ikkje verdt det i hove til der eg bur no og betalar 15 dollar. Men eg maa vel innromma at eg saknar air-condition og vifta, eg har no nemleg ingen av delene, og naar det no er utruleg varmt her paa Den Dominkanske republikk og dusjen min omtrent berre sprutar ut glovarmt vatn, saa vert det svaert varmt til tider ja, heile tida!

Men iallfall, eg har det heilt straalande her i Cabarete!!!!!!!!!! Og eg klarar ikkje og vil ikkje skjonna at eg berre har i morgon og onsdag morgon att, for eg altso maa reisa heim att eg og…….. Akkurat no har eg sinnsjukt lyst aa bli her ei stund til!!! Men eg gler meg jo masse til aa sjaa dykk att alle saman, so det vert nok supert aa koma heilt heim og!

Eg bur no paa Los locos d’enfrente, altso det raude huset paa andre sida av vegen i hove til Hummingbird. Og nede utanfor der er ein utruleg bra “spot” for nysgjerrige vesen som meg, for dei fleste her bur jo i Callejon og maa jo daa altso passera der. Saa mine maaltid der, har nemleg kjoken til disposisjon, vert ofte litt lange. Under middagen min der ein ettermiddag observerte eg svaert mange kjende ansikt susa forbi paa moto, veldig moro, eg saa mange vilt framande folk spasera ut og inn paa Humminbird (likte det ikkje), eg hoyrde sjolvsagt “Pienso en ti” og “Ay, ven” eit par gonger, eg observerte altfor mange (berre ein hadde jo vore for mange) koyrande rundt med ei hand paa styret og ei flaska ol eller rom i den andre.

Det som gler meg veldig med aa koma tilbake er at folk hugsar meg :) Eg var jo nesten bekymra for at dei eg faktisk kjenner hadde gloymt meg, men neida, her hugsar baade fruktdama og motosjaaforar meg, og folk eg til domes prata med ein gong i april kan namnet mitt – er det rart eg foler eg har kome heim att, det er jo saa utruleg koseleg her.

Ellers saa har dagane mine her blant anna innehaldt eit veldig hyggjeleg besok hjaa Papon og Oscabeli, ein svaert skuffande “shoppingrunde” i surfebutikkane (det er jo ikkje kome noko nytt, eller ingen bikiniar iallfall, men litt klede, men ikkje veldig fine, eg saa hadde saa store planar om aa kjopa so mykje fint til baade meg og i gaaver, men eg fann jo pina deg ingen ting…so det kan jo kallast eit problem..men eg er vel ei gaava i meg sjolv er eg ikkje? (eg smiler veldig sjarmerande, smiskete om de vil, her eg sit) :)

No skal dei visst stenga her att, klokka naermar seg elleve, so daa maa eg visst berre avslutta.

Til min kjaere familie: Flyet skal etter planen landa 09.50.

Sjaaast snart alle saman :)

3 Responses to “Siste oppdatering for eg vender heim til fedrelandet..”

  1. Ida Says:

    Ann Kristin, det høres helt fantastisk ut å være i Cabarete nå! Begynte å lengte skikkelig når jeg leste det du har skrevet. Har du vært og surfet på Enquentro ennå? Kan tenke meg du gleder deg til det. Det hadde hvertfall jeg gjort! Kos deg de 2 siste dagene i Cabarete! Gleder meg veldig til å se deg på fjellturen! Da blir det gøy å høre mer om reisa de, og om hvordan det var å komme tilbake til Cabarete og alle kjente der:)

    Klem Ida

  2. mamma Says:

    HEI ANN KRISTIN. :-) VELKOMMEN HJEM :-)

  3. Andreas Says:

    Hei hei, Velkommen hjem i morgen!
    Ser ut som om du reiser rett til Hafslo? Skal du være noe i Oslo i sommer da, eller har Vestlandsmafian lagt beslag på deg i hele sommer?

    Andreas.

Leave a Reply