Mi fyrste veka heima i Noreg att

Posted on Jul 26 in: My life - 3 Comments »

Torsdag for ei veka sidan så landa eg altså på Gardermoen etter fem og ein halv månad utanlands. Der vart eg møtt av mamma, pappa, Mette og Sander, og det var jo sjølvsagt kjempe koseleg å sjå dei att! :)

sommaren-2007-097-medium.jpgsommaren-2007-101-medium.jpgsommaren-2007-104-medium.jpg

Etter at me hadde fått bagasjen (To sekkar, ein koffert og eit surfebrett) inn i bilen og eg og Sander hadde fått leika litt, så køyrde me inn til leilegheita i Oslo. Der vart det lunsj med grove rundstykker, brunost og anna godt pålegg. Etter kvart så kom Sindre heim frå jobb, og det var jo veldig kjekt å sjå han att og!! Han hadde eg jo ikkje sett sidan eg forlot Noreg i februar, resten av familien besøkte meg i påsken. Om kvelden åt me pizza på Peppes, vandra litt rundt og åt is på Aker Brygge.
sommaren-2007-115-medium.jpgsommaren-2007-dverg-medium.jpgsommaren-2007-119-medium.jpg

PÃ¥ fredagen slappa me berre av i leilegheita, var ute og gjekk litt og Ã¥t ein god havregrautlunsj. Ã… eta to isar ilag med Helge og visa han litt bilete rakk eg og – veldig koseleg. SÃ¥ dÃ¥ Sindre var ferdig pÃ¥ jobb køyrde me heim til Hafslo.

sommaren-2007-069-medium.jpgsommaren-2007-070-medium.jpg

Og det var jammen fint Ã¥ koma heim til vakre Hafslo! Laurdagen vart blant anna nytta til Ã¥ prøva den nye kajakken til pappa og “surfing” og bading i Hafslovatnet – vatnet var herleg kaldt og friskt :) Men bølgjer var det diverre lite av..


sommaren-2007-072-medium.jpgsommaren-2007-02-medium.jpgsommaren-2007-01-medium.jpg

Leiking med Sander på plenen vart det og tid til :) Det var jo faktisk nydeleg sommarver dei fyrste dagane etter at eg kom heim, så me var jo ute og koste oss heile dagane. Laurdagskvelden grilla me på altanen.

sommaren-2007-095-medium.jpgsommaren-2007-093-medium.jpgsommaren-2007-096-medium.jpg

På søndagen hadde me ein kjemfin tur til Molden. Gravide Mette måtte bli heima, men resten av familien var med, kjærasten til Sindre, Jeanett, og to av hundane hennar var og med. På toppen hadde me matpause med rundstykker som mamma bakte rett før me gjekk, nam nam, altso ein kjempe fin dag. Nydeleg å sjå att den vakre fjorden og fjella :)

sommaren-2007-001-medium.jpgsommaren-2007-017-medium.jpgsommaren-2007-048-medium.jpgsommaren-2007-029-medium.jpg

På måndag kom Christianne innom og åt lunsj før ho skulle på jobb, veldig koseleg å sjå att ho og!! Eit anna høgdepunkt på måndagen var middagen: Rømmegraut!!! Endeleg :)

På tysdag var eg, mamma, Mette og Sander på blåbærtur. I skogen då viste min vetle nevø verkeleg fram byguten i seg, han var nemleg livredd maur.. :) Men me plukka iallfall litt bær, Sander og, så gjekk me heim og mamma lagde blåbærpai :)

I går så var me på dagstur til Norheimsund for å besøka familien der, altso bestemor, bestefar, tante, onkel og syskenborn, og det var også ein svært triveleg dag.

Den fyrste veka mi har altso vore veldig bra, det er deileg å vera heima att :)

Men samstundes så lengtar eg litt tilbake, til blant anna surfinga, og eg vil gjerne ut på tur att om ikkje så altfor lenge. Men fyrst så vert det nok litt jobb og studiar.

Veit nokon foresten om ein ledig jobb til meg??? Kanskje helst i Oslo, men andre aktuelle plassar er her heima ein plass, Stad eller kanskje i Lofoten.

Eg har diverre ikkje fått treffe så mange att enda, men eg vil veldig gjerne treffa dykk alle veldig snart!!! Eg er altso på Hafslo no, men lurar på å ta ein tur til Bergen ein dag eller nokre dagar neste veka. Nokon som er her heima i Sogn no? Nokon som er i Bergen?? Mobilen min har eg ikkje funne og teke i bruk att enda, men me må vel kanskje gjenforenast me og snart.

Håpar iallfall me sjåast snart!! :)

3 Responses to “Mi fyrste veka heima i Noreg att”

  1. Sindre Says:

    Va no 3 bra bilde i alle fall… Mohaha

  2. Hotellsjef Ana Christina Says:

    Du ha vel teke dei dao rekna eg med ;)
    Ha ein fin dag pao jobb, so sjaoast me i kveld/natt!

  3. Ade Says:

    Hi Leah! Thanks so much for this lovely blog post about The School of Satchel yes our peicrs are quite affordable considering it’s 100% genuine leather, and what’s best is that it’s made here in the Phils just like the satchel you bought from Frances. We also just launched new colors in partnership with Kaeskwela.org. Every satchel you buy equates to one school bag for charity. more power to your blog!

Leave a Reply