ABONNER PÃ… MEG

Posted on Oct 03 in: About the blog - 5 Comments »

No kan faktisk DU få MEG rett heim i di elektroniske postkassa!!

Dersom dette er eit freistande tilbod for deg, så kan du gå inn på den nye lenkja ovanfor her og på ein svært enkel måte ordna dette. Gå altso inn på lenkja, skriv inn di elektroniske adressa og trykk send. Deretter mottek du eit elektronisk brev der du må bekrefta et du faktisk ønskjer å abonnera på meg. Slik slepp du altso bomturar innom hotellet her, og du er alltid sikker på å få med deg nye innlegg. Samstundes så slepp hotellsjefen dårleg samvit for dine bomturar.. Ei flott ordning for oss alle!

Abonnementet er til og med heilt GRATIS! Men betal gjerne med nokre kommentarar, det vil bli sett stor pris på!

Abonnementet er også UTAN BINDINGSTID, du kan når som helst på ein svært enkel måte melda deg av.

Eit tilbod for godt til å vera sant tenkjer du kanskje..? Men neida, det er heilt sant, og ingen bakdelar skrivne med små bokstavar følgjer med.

Du kan heilt trygt starta ditt abonnement I DAG!! :)

5 Responses to “ABONNER PÃ… MEG”

  1. Sindre Says:

    Å takk te Sindre før dan nye funkjsonaliteten. (drittsekk)

  2. Drittsekken Says:

    Mogleg du fortena ein stor takk ja……….;)

  3. Drittsekken Says:

    TUSEN TUSEN TAKK, SINDRE!! Kelais skulle eg ha klart meg utan deg?

  4. Guro Kristin Says:

    Eit gratis abonnement kan eg vel ikkje gao glipp ao ;)

  5. Ruth Wenche Says:

    Heisann!
    Jammen var det interessant oppdatert skriving på bloggen din ennå.. ;) Hørtes jammen ikkje dumt ut med gratis abonnement på dette her altså..
    ;)

Leave a Reply