STOLT tanta t to :) :)

Posted on Nov 10 in: My life - 4 Comments »

Fredag for to veke sidan, altså 26.oktober 2007, så pressa mi kjære syster ut denne skjønne skapningen de ser ovanfor. Bra jobba, Mette!! Ho var 51 cm lang, 3482 g tung og heiter Eline. Velkomen til verda, Eline!!

Grunnen til at eg er litt treig med denne oppdateringen skuldast sjølvsagt delvis min strålande ineffektivitet, men og det faktum at for ein person med ikkje veldig god konsentrasjon (meg!) så er det ikkje så lett å setja seg ned for å skriva noko som helst når ein deler ein 75 kvadratmeter stor leilegheit med seks andre personar.

Eg bur altsÃ¥ no i leilegheita til pappa i Oslo (han jobbar i Oslo og pendlar heim til vakre Hafslo kvar helg). Her har eg budd sidan semesterstart i byrjinga av august. I tillegg til meg og pappa sÃ¥ bur og min kjære vetlebror Sindre her. Sidan det berre er to soverom her og Sindre kom fyrst, sÃ¥ er eg henvist til stova, sÃ¥ dobbelsenga i hjørnet her er soverommet mitt. PÃ¥ grunn av oppussing sÃ¥ har Mette og Sander (min fantastiske nevø) òg budd her dei siste to mÃ¥nadene, me tre har delt dobbelsenga i hjørnet av stova :) SÃ¥ veka før Mette hadde termin sÃ¥ flytta jammen mamma òg inn her i familiekollektivet. I tillegg sÃ¥ har me drive med oppussing av leilegheita til Mette og HC, den skal nemleg seljast, sÃ¥ det har har jo gÃ¥tt med ein del tid til det og.. PÃ¥ onsdag var me til dømes pÃ¥ Ikea til klokka elleve om kvelden, for Ã¥ handla inn litt nytt for Ã¥ gjera leilegheita fin til fotograferinga i dag, og i gÃ¥r vaska me og styrte pÃ¥ til midnatt. SÃ¥ det har ikkje blitt tid til sÃ¥ mykje anna enn familieliv den siste tida. SÃ¥ det er jo bra eg likar familieliv :) Det har vore ein kjempe fin haust med masse tid ilag med Sander og resten av familien, eg hadde jo litt tantetid Ã¥ ta att etter seks mÃ¥nadar i utlandet. I dag hadde eg og Sander ein siste tur pÃ¥ Lindeberg 4H gard, det var veldig moro! Det vert jo mindre tantetid no nÃ¥r dei flyttar heim att til Hafslo… trist!

I dag reiste nemleg alle heim til Hafslo (eg hadde nok blitt med skulle eg ikkje ha jobba i helga), sÃ¥ eg har heile leilegheita for meg sjølv. Etter Ã¥ ha levd i eit meir eller mindre kaos av leiker, vogner, vÃ¥tserviettar, bleier og diverse sÃ¥ tenkte eg at det kom til Ã¥ bli herleg Ã¥ fÃ¥ litt orden igjen, og vera Ã¥leine litt. Men nei, etter at eg har rydda og vaska her no sÃ¥ er det rett og slett ukoseleg ryddig. Eg saknar dykk! Det vert nok litt stussleg framøve..! PÃ¥ den andre sida sÃ¥ vert det jo meir tid til ting som studiar, trening og vener no, og der har eg mykje Ã¥ ta att!!! Eksamen nærmar seg skremmande fort…

No bør eg vel snart leggja meg, eg skal jo pÃ¥ jobb i morgon. Fyrst sÃ¥ vil eg berre minna om den fantastiske abonnementsordninga eg tilbyr, sjekk ut førre innlegg!! Det er heilt gratis og utan bindingstid, berre gÃ¥ inn pÃ¥ linken “Abonner pÃ¥ meg”. Anbefallast! :)

Til slutt så får de nokre bilete av den nydelege lille prinsessa, Eline, og den stolte mamma, storebror, onkel, tante, bestemor og bestefar :)

4 Responses to “STOLT tanta t to :) :)”

  1. mamma Says:

    Hallo.Koselig med et lite brev på lørdags morgen.Ja jeg kan tenke meg at det ble både tomt og stille hos deg nå,men får håpe du finner roen til å studere nå da.Her blir det nok travelt framover med å få alt på plass i nye huset.Men det blir koselig å få ha barnebarna boende her i noen uker.Hadde vært fint om du hadde tatt deg en tur heim neste helg og,men du har kanskje andre planer.Nå har jeg fyra i ovnen så det det er godt og varmt til de andre står opp.Tror Sander gleder seg til å leke i snøen.Ha en fin helg.Klem fra mamma

  2. Mette Says:

    Det va eit koselig innlegg:-)
    Sander har kosa seg veldig med å bu ilag med tante,onkel og bestefar hvertfall! Eg og syns det har vært koselig!
    Men blir fint å komma i orden i mitt eige,lille,nye hus.
    Lykke til med studiene!

    Kos fra storesøster:-)

  3. Anonymous Says:

    Facinerande mange bilete av ein person som ikkje vert fødd før den 26.november 2007…? ;)

  4. Den stolte tanta Says:

    Jippi jippi ja!! Endeleg ein lesar som faktisk les det eg skriv. Denne “feilen” var jo sjølvsagt lagt inn med vilje, med det føremÃ¥l Ã¥ testa mine gjester litt. Det venta til og med eigentleg ein liten premie pÃ¥ fyrste observante lesar, men utan namn ingen premie, synd da Anonymous! Dan premien tek eg visst sjølv :)

    No nÃ¥r “feilen” endeleg er blitt oppdaga sÃ¥ fÃ¥r eg vel endra til den verkelege datoen… ;)

Leave a Reply