Surkålen t julafta i år 2008(!) e i boks

Posted on Nov 22 in: Food and nutrition - 5 Comments »

Nokre av dei største utfordringane ved vårt daglege kosthald er at me et for lite fiber, for lite antioksidantar og for lite probiotika. I dag har me hatt ein artig skuledag, me har nemleg vore på kjøkenet. Målet for denne kjøkenleksjonen var å læra om korleis me kan få meir av nettopp fiber, antioksidantar og probiotika inn i kosthaldet vårt.

Her er mitt resultat av dagen:

Me mÃ¥tte altsÃ¥ baka kvart vÃ¥rt grovbrød. Eg valde Ã¥ baka Kanelbrød med Biola, bÃ¥de fordi det var det lettaste Ã¥ fÃ¥ til og fordi det høyrdes veldig godt ut. Lett og godt var det absolutt!! Oppskrifta var enkel, og eg er særs nøgd med resultatet :) Det er skikkeleg godt!!! Eg har akkurat ete tre skiver av det, to med brunost og ei med kvitost, og begge deler var kjempe godt. Til maten drakk eg to glas med mi heimelaga, antioksidantrike og sukkerfrie bærsaft….. nam nam nam!

Lunsjen min:

Eg kom pÃ¥ litt seint at eg skulle ta bilete… sÃ¥ eg beklagar at de mÃ¥ sjÃ¥ mi halvetne brødskiva..

Iallfall, brødet er så godt at eg gjerne vil dela oppskrifta med dykk alle:

Kanelbrød med Biola (1 brød)

1,5 dl Biola naturell

1,5 dl appelsinjuice

1 dl vatn

2 ts rapsolje

20 g gjær

1 ss lønnesirup

1 ts kanel

1/4 ts salt

1 1/3 dl speltkli

1 1/3 dl klemt spelt

1 1/2 dl sammalt spelt

ca. 6 dl sikta spelt

Framgongsmåten er ganske vanleg. Bland væska og varm den til ca.37 grader, løys så gjæren opp i væska. Deretter tilsette ein dei øvrige ingrediensane utanom den sikta spelten. Rør til ein jamn masse og tilsett deretter den sikta spelten (spar litt). Rør vidare til deigen vert seig. Så tek ein sikta spelt på kjøkenbenken og oppå deigen og held fram med å elta for hand, tilsett eventuelt meir sikta spelt om det er nødvendig. Elt så ei stund, deigen er ferdig når den ikkje klebar til fingrane. Dekk til og hev til dobbel størrelse. Smør brødforma, eventuelt bruk bakepapir. Bak ut brødet, legg i forma og etterhev i ca. 25 min. Steik så brødet på 200 grader i 50-55 min.

Brødet skal passa til både søte og salte pålegg. Eg har til no berre smakt det med brunost og kvitost, og begge deler var som sagt kjempe godt.

SÃ¥ sett i gong og bak folkens!

Som de las i overskrifta så har eg allereie laga surkålen til neste års jul. Ja, de som kjenner meg veit jo at eg pleier å vera tidleg ute, so dette burde vel ikkje koma som ei overasking på dykk.. Eller?.. :)

Iallfall, surkålen er laga den, no gjenstår det berre å sjå om det som skal skje skjer og min familie og eg kan kosa oss med den den 24. desember neste år, eller om den vert mislukka og rotnar. Spennande, spennande!!

Det me har prøvd på er altså å laga mjølkesyregjæra surkål. Så den skal no stå i romteperatur i 2-3 dagar, så litt kjøleg (15-17 grader) i 2-3 veke, og så kjøleg (0-8 grader) i minst 4-6 veke. Mjølkesyregjering er ein gammal oppbevaringsmetode som er veldig haldbar og veldig sunn (probiotika!). Metoden har gått i gløymeboka og svært få brukar denne metoden i dag, men me burde absolutt bruka den. Så om nokon er interessert, ta kontakt for oppskrift på surkål eller andre grønsaker!!

No må eg avslutta her. Eg vil berre runda av med eit bilete av surkålen min og ei oppfordring om å ta ein pause i eksamenslesing og juleførebuingar og start på neste års julesurkål, så er de sikra litt probiotika oppi all julekosen :)

5 Responses to “SurkÃ¥len t julafta i Ã¥r 2008(!) e i boks”

  1. Jeanett Says:

    Va heimelaga surkålen go ? :)

  2. Ann Kristin Says:

    Ha kje smakt endao, dan mao mjelkesyregjæra seg nokre veke fyrst :)
    Eg ha store forventninga iallfall, sjøl om da ikkje sÃ¥g kjempe freistande ut akkurat….:)
    Brødet og safti va iallfall veldig godt!

  3. Jeanet;) Says:

    okay :) får venta på positift svar eg dao =)

  4. Sindre Says:

    Brøe va faktisk godt og.. anbefalast folkens!

  5. pappa Says:

    Hei pao deg, surkÃ¥len ska du fao ha fø deg sjøl, men brødet kan eg fao smaka ein dag…………
    God helg i Oslo
    pappa

Leave a Reply