Berre 23 dagar att til jul :)

Posted on Dec 01 in: My life - 1 Comment »

Kvart år irriterer eg meg øve julevarene som kjem så altfor tidleg i butikkane. Tappert har eg no i fleire veke sete og sett på pappa og Sindre stappa i seg julemarsipan og sirupssnippar rett framføre augo mine.. Det har vore hardt, men eg har faktisk klart det! Ikkje ein gong ei klementin har eg ete. Før i dag.

I dag er det 1.desember, fyrste dag i advent. Så i dag kan me byrja å smaka på julematen og setja advensstaken i glaskarmen. I dag. Ikkje i slutten av september. Ikkje i oktober. Og heller ikkje i november. Men i dag!

Så til lunsj i dag koste eg meg med både risgraut, marsipangris og klementin :)

Nam nam nam! Det er fint å ha noko å gleda seg til. Då smakar det jo ekstra godt. Og me har alle saman verkeleg berre godt av å ikkje få alt me har lyst på til ei kvar tid.

No er iallfall nedteljinga til jul starta, så no kan de trygt ta dykk ei peparkaka eller to utan å få verken stygge blikk eller kommentarar frå meg.

Ha ei fin adventstid, folkens :)

(PS! når eg skriv at eg i dag har ete risgraut og klementin så vil ikkje det seie at eg meinar at me ikkje skal eta det heller før 1.desember. Men eg personleg droppar nok risgrauten i nokre månader før, slik at det vert ekstra stas, haha..eg høyres nok litt gal ut. Når det gjeld klementiner så vil eg aldri anbefale å eta noko som er sunt berre ein månad i året, køyr på med frukt og grønt året rundt!! Eg personleg likar all frukt og grønt, så eg lid inga naud om eg ikkje et akkurat klementiner før advent)

One Response to “Berre 23 dagar att til jul :)”

  1. Mette Says:

    Bra du har kosa deg idag:-)
    Eg har berre spist ei marsipanstang og eit par klementiner før desember,so har vært ganske flink;-)
    Me har vært på stressande julehandel idag..

Leave a Reply