BYEN E BERGEN!!!!

Posted on Jan 31 in: Travel - 5 Comments »

Forrige veka var eg i Bergen ein tur, og eg storkoste meg!! Var så koseleg å sjå dykk att, alle saman:) Etter å ha budd der i to av mine tjuefire leveår, så følast det litt som å koma heim..

Etter skulen på onsdag sette eg meg på toget, med store forventningar om ein strålande togtur. Eg likar nemleg å ta tog, det er jo så fint å sitja og sjå ut glaset og tenkja, eg kan til og med lesa på tog utan å bli kvalm. Det eg ikkje hadde tenkt på var at det i Noreg på denne tida av året vert ganske så tidleg mørkt, og når ein sit inni toget og det er mørkt ute så ser ein berre sitt eige spegelbilete der i vindauga.. Heldigvis så hadde eg teke med meg nokre skulebøker å lesa i, men uheldigvis så hadde eg ikkje lyst å lesa i dei, eg angra berre på at eg ikkje hadde med meg ei ikkje-skulebok.

Ein halvtime etter ruta kom eg fram til Bergen, og eg tok fyrste buss til Silia pÃ¥ Fantoft. Sjølv om eg kom rundt midnatt sÃ¥ diska ho opp med bÃ¥de nydeleg middag og dessert, og me kom oss ikkje i seng før i fire tida. Etter ein dusj, ein lang god frukost og litt triveleg sosialt samvere med Silia sÃ¥ var eg i to, halv tre tida endeleg pÃ¥ veg til sentrum for Ã¥ møta Solrun. Me gjekk fyrst bittelitt i butikkar, og eg fekk faktisk kjøpt meg ein jakke som var nedsett med 70 %. SÃ¥ gjekk me pÃ¥ kino og sÃ¥g “Eventyr i New York”, og Ã¥t masse smÃ¥godt. Etter Ã¥ ha site i ro i to timar og stappa i oss godteri sÃ¥ var me jo sjølvsagt svoltne, sÃ¥ ferden gjekk vidare til Harbour Café. Der koste me oss med god mat og kvarandres hyggjelege selskap, før me tok bussen til LandÃ¥s og den kjempe koselege leilegheita til Solrun og Jon. Var jo nemleg ein veldig spennande handballkamp pÃ¥ tv den kvelden, som diverre ikkje enda som me hadde hÃ¥pa pÃ¥. Etter kampen var Jon og Solrun sÃ¥ snille og køyrde meg tilbake til Fantoft. Der vart det igjen nattmat og dessert, og me gjorde eit forsøk pÃ¥ Ã¥ sjÃ¥ ein rumensk komedie, men me var for trøytte til Ã¥ fullføra.

Morgonen etterpå var me derimot opplagte og klare for rumensk film. Etter ein god frukost og ein etter kvart ganske så artig film, så pakka eg tinga mine og tok bussen til sentrum igjen. Der møtte eg Elin og vart med ho til Arna. Me såg på masse bilete, åt graut, is, sjokolade og drue, prata og koste oss, kjempe koseleg. Så tok eg toget tilbake, satte i frå meg bagasjen hjå Siri, og så gjekk me ilag opp alle bakkane til Ruth Wenche. Der hadde me tre pluss Annbjørg ein super kveld med taco, is, sjokolade og singstar. Alle, med unntak av Ruth Wenche, var ganske skeptiske til singstar, men me tok jo heilt av etter kvart, og det var faktisk utruleg moro! Me hadde jo litt plana om ein å ta ein tur ut etterkvart, men neida, me song og me song, til Ann Kristin mista stemma si.. :)

Etter ein koseleg og god frukost på laurdagen, så gjekk eg og Siri til Vil Vite senteret, der me skulle møta Karine. Etter å ha hoppa slengtau, bora etter olje, spelt trommer, pluss pluss pluss, så gjekk me til byen ein tur. Me var innom nokre skobutikkar på håplaus jakt etter støvlettar, før me gjekk og fekk oss litt sushi til lunsj. Etterpå var eg og Siri innom eit par butikkar før me vandra heimover til leilegheita til Siri, som eg forresten vart forelska i etter to netter der. Me dusja og gjorde oss klare for kvelden, før me gjekk kvar våre vegar for nokre timar. Ho var på gebursdagsfest, medan eg åt indisk med Christianne og Ida. Det var eit godt måltid med gode vener :) Så byrja det å rykka litt i dansefoten, og det var tid for Havana igjen. Me var veldig spente på om det framleis var kjekt der, utanom 10 min i august, så var det jo faktisk over eit år sidan eg var der sist. Men jada, me hadde det kjempe kjekt! Me traff att gamle kjende og dansa masse :)

Neste morgon sov eg lengre enn eg nokon gong har gjort før, klokka var vel nesten halv eit dÃ¥ eg vakna.. SÃ¥ det vart ikkje tid til noko anna enn ein koseleg frukost med Siri og pakking, før eg mÃ¥tte gÃ¥ til toget. Eg lærde av forrige togtur, at sjølv om skulebøker er dei einaste bøkene eg har med sÃ¥ betyr ikkje det at eg kjem til Ã¥ lesa i dei (eg visste det vel eigentleg frÃ¥ før..), sÃ¥ denne gong kjøpte eg med meg ei bok, “Drageløparen”, og det var ei skikkeleg god bok, sÃ¥ togturen gjekk jo kjempe fort, sjølv om me var 40 min forsinka.

Dagane i Bergen gjekk altfor fort. Eg hadde det fantastisk. Det var utruleg koseleg å treffa dykk att, alle mine kjære. Eg vil snart tilbake. Og då håpar eg òg å få treffa dykk eg ikkje fekk tid til å treffa denne gongen.

Hejdå!

5 Responses to “BYEN E BERGEN!!!!”

  1. Mette Says:

    Hørtes ut som ein heilt topp tur! Bra du kosa deg og traff so mange venner:-)
    Gleda meg til me skal til Gol neste helg! Blir koselig å se deg igjen.

    No e begge ungane lagt og huset ser ikkje ut.. So eg burde rydda og vaska, men eg har vondt i hodet, e sliten og vil berre se tv og surfa på internet som eg pleie om kveldane;-) Hmm,får prøva å få gjort litt i måro isteden..

    Eg skal kanskje på kino i måro; va filmen bra?

  2. Ann Kristin Says:

    Ska du sjå dan filmen? Me ska jo sjå dan ilag, du må kje tru eg hadde gløymt da, berre tenkte at eg kunne sjå dan på nytt med deg :) Men ska du sjå dan i måro? Eg likte han ja! I dag ha eg sett Kautokeinoopprøret, dan va òg bra!
    Eg òg gler meg t neste helg :)

  3. Mette Says:

    Åja.. Men me kan sikkert finna ein an film å se på kino ilag:-)
    Ja, skal kanskje med Silje og Elisabet.

  4. Mette Says:

    So fin bloggen din har blitt!

  5. Sjefen sjølv Says:

    Jøss, takk! Va i grunn litt tilfeldig, eg sakna kartet litt dao, men fint med forandring :) va ganske lei dassa blomadn no.

Leave a Reply