Kvifor sova i ei mjuk og varm seng når ein har nye kalde baderomsfliser å sova på?

Posted on Mar 11 in: My life - 5 Comments »

Eit dumt spørsmÃ¥l med veldig mange tilhøyrande opplagde og enkle svar, tenkjer de kanskje. Og det tenkjer i grunn eg òg…. Men det kunne i gÃ¥r ettermiddag verka som om dette ubevisst har vore noko eg har undra over og utan Ã¥ vera klÃ¥r over det ville finna svar pÃ¥, eller kanskje var eg berre usedvanleg glad for at badet vÃ¥rt endeleg er omtrent ferdig nyoppussa; eller sÃ¥ er eg rett og slett, som visse familiemedlemmer heilt klÃ¥rt meiner, berre ein klønete vimsekopp??

I gÃ¥r ettermiddag i fem-tida klarte eg iallfall Ã¥ bli innelÃ¥st pÃ¥ badet. I gledesrus over endeleg Ã¥ ha badedør igjen, eller kanskje grunna ekstrem svolt, eller som sÃ¥ vidt nemnt, fordi eg berre er klønete, sÃ¥ klarte eg visst Ã¥ slenge att døra utan Ã¥ tenkje pÃ¥ at den mangla dørhandtak pÃ¥ innsida…….ooooops…!

Fyrst tenkte eg at pappa kom vel snart heim og redda meg, men neida, eg kom etterkvart pÃ¥ at han skulle overnatta i Stockholm… Eg prøvde Ã¥ banka litt i bÃ¥de tak og veggar og kom med nokre litt beskjedne, men tapre, rop om hjelp…. eg prøvde òg sjølvsagt Ã¥ fÃ¥ opp døra pÃ¥ ein eller annan mÃ¥te, men nokon MacGyver trur eg nok ikkje eg skal skryte pÃ¥ meg Ã¥ vera. Sjølv om eg dÃ¥ det stod pÃ¥ sjølv syntest eg var ganske sÃ¥ kreativ, og vart til slutt overbevist om at den døra var sÃ¥ vanskeleg at heller ikkje sjølvaste MacGyver hadde fÃ¥tt den opp. Eg tenkte òg pÃ¥ Ã¥ prøva med rein muskelkraft, altsÃ¥ Ã¥ sparka ut døra eller liknande, men tenkte at det vart vel litt dramatisk Ã¥ byrja og øydeleggja døra med ein gong den var komen pÃ¥ plass, eg hadde vel heller ikkje særleg tru pÃ¥ eiga muskelkraft.

SÃ¥ sakte men sikkert byrja eg Ã¥ innsjÃ¥ at eg sannsynlegvis kom til Ã¥ tilbringa natta pÃ¥ dei kalde nye flisene (varmekablane har me ikkje teke i bruk enda). Eg var sinnsjukt svolten!!!! Etter Ã¥ ha springe ein time pÃ¥ tredemølla før skulen sÃ¥ var eg nemleg klar for Ã¥ kjøpa lunsj i kantina, men den var stengd…. krise!!! SÃ¥ nÃ¥r eg kom tilbake til Oslo gjekk eg rett pÃ¥ Meny og handla masse god mat. SÃ¥ skulle eg berre ein bitteliten tur pÃ¥ do før middagslaging stod pÃ¥ programmet. Men slik gjekk det altsÃ¥ ikkje… Eg vart sitjande/stÃ¥ande/liggjande pÃ¥ vÃ¥rt vesle, nye, nesten ferdige, tomme bad heilt til klokka ti i dag tidleg, dÃ¥ snikkarane kom. Gjett om eg følte meg dum dÃ¥ dei kom…(!!!).. men og veldig veldig glad for Ã¥ endeleg koma meg fri :)

Det vart ei natt prega av frysing og svolt. For å unngå dei kalde flisene bretta eg ut ei pappøskja eg fann, den vart vel kanskje 30 x 40 cm stor i utstrekt form, så oppå den prøvde eg å krypa saman i fosterstilling. I tørketrommelen låg det nokre klede, litt undertøy, ein treningstights og to pysjbukser, og dei plagga kom godt med. Eg tok på meg eit ekstra sokkapar, treningstightsen vart hovudputa, pysjbuksene vart til ein kreativ gensar, og ei (rein!) trusa vart nytta til sovemaska, lyset stod jo på fullt. Eg skulle gjerne hatt eit bilete av meg der eg låg. Så satte eg tørketrommelen på om att og om att for å halda varmen. Utruleg nok så fekk eg sova litt òg.

DÃ¥ eg kom att frÃ¥ ei leseøkt pÃ¥ biblioteket i dag, sÃ¥ stod det ein nydeleg kvit orkidè pÃ¥ kjøkenbordet, pÃ¥ kortet stod det: “Beklager hendelsen. HÃ¥per det gÃ¥r bra med deg, Ann Kristin. Hilsen byggmester Chr. Weltz AS.” SÃ¥ utruleg koseleg!  Og sÃ¥ utruleg flaut! Er ikkje kvar dag denne jenta fÃ¥r blomar akkurat, skulle gjerne følt at eg fortente dei litt meir nÃ¥r eg fyrst fekk dei men. Gjett om eg føle meg dum. Spesielt etter at snikkaren vÃ¥r fekk opp døra i løpet av eit minutt, ved hjelp av to skruar og nøkkelen som stod i lÃ¥sen…… FLAUT! Han sa òg at døra er sÃ¥ tynn at eg lett kunne ha sparka hol i den……. Jaja… Koseleg med ein blom som trøyst for mangelen pÃ¥ intelligens, vel fortent synast eg….. uff.. :)

Heilt til slutt sÃ¥ mÃ¥ eg berre gjenta russemottoet mitt, det er like aktuelt i dag som det var i mai 2002:) – Utan mat og drikk(j)e duger helten ikkje!! Neida, det er ikkje eit forsøk pÃ¥ Ã¥ bortforklare noko som helst…..

5 Responses to “Kvifor sova i ei mjuk og varm seng nÃ¥r ein har nye kalde baderomsfliser Ã¥ sova pÃ¥?”

  1. Ann Kristin Says:

    Eg forstår at det har vore litt problem med å få lagt inn kommentarar, dette skal no vera ordna. Ha ein fin dag, alle saman :)

  2. Solrun Says:

    Herregud! Du faor da ti also! Innelaost pao badet alder so lainge, uffa meg! Eg ler! Du e ein liten vimsekopp e du ja! Haha, bra du aoverlevda strabasadn, Ã¥ so blomst i tillegg dao, fantastisk! :) Ve no litt obs i framtiden no dao, høyrdes ikkje so øye kjekt ut da dar… :) klem

  3. Mette Says:

    Hehehe,den historien e utrulig bra!!! Komme nok til å bli fortelt mange ganger;-)
    Veit du tid dere skal reisa heim på fredag?

  4. Jeanett :) Says:

    Off… Eg hadde fÃ¥tt panikk… Tenk hadde du komfyren pÃ¥, eller ovnen elle nÃ¥ke… Kunne vert skummelt, elle da va skummelt :P

  5. pappa Says:

    HEi vimsekoppen vaor, fint at du set pris pao da nya, dyra og fine badet vaort i Oslo, men da e no maote pao Ã¥ vera glad i eit bad – vera dar inne i 17 timar i strekk e no Ã¥ øvedriva litt.

    Ja, ja me kan no le av da no, men eg tykkte no verkeleg synd pao deg og dao.
    Du faor no sjekka dørar, nøkklar og andre ting framover………………

Leave a Reply