JOBBING I DANMARK NESTE

Posted on Jul 06 in: Random, Travel - 1 Comment »

No har eg vore heima på Hafslo på ferie i nesten to veke, så det er på tide å tena litt pengar!! I morgon tidleg 05.55 set eg meg på bussen til Bergen. Derifrå går turen vidare med båt til Hanstholm.  Eg skal nemleg dei neste 12 dagane jobba for Bergen kommune som gruppeleiar på ferietur for psykisk utviklingshemma.  Det vert veldig spennande.  Me skal halda til på Fjerritslev Vandrerhjem. Det ser ut til å vera mykje å finna på i området, så eg vonar at dei alle får ein fin ferie, eg gler meg.

Eg kjem tilbake fredag 18.juli, og då kjem eg til å ta nattoget til Oslo.  Laurdagen vert det klesvask, for på søndagen allereie skal eg møta opp på mitt neste jobboppdrag.  Frå 20.juli til 1.august skal eg vera hjelpar på ein sommarleir for 10 til 16 åringar på Frambu, senter for sjeldne funksjonshemmingar .  Det vert altså hektisk frå 7.juli til 1.august, men eg gler meg veldig til desse sommarjobbane, eg trur det vert både veldig utfordrande og morosamt.  Etter dette vert det to veke ferie att, så eg skal ikkje klaga.  Fyrst går turen til Ida og Mona i Kristiansand, så vert det kanskje ein tur til Stad med Karine, og så er det 5 års elevtreff på Valdres folkehøgskule siste helga før skulen byrjar att.  Eg har altså mykje spennande framføre meg og vert nok kanskje ikkje så veldig tilgjengeleg dei neste vekene, men kanskje kjem det nokre oppdateringar undervegs, kanskje ikkje, får sjå.

Ellers så har eg hatt nokre fine dagar her heima på Hafslo.  Det har blitt mykje tid ilag med mine skjønne tanteungar :) Eg har òg gått nokre turar på Molden og Øvrabøstølen, padla ein del på Hafslovatnet og ein gong på fjorden, og bada ein del både i vatnet og i fjorden. Det er herleg å vera heima med vatn, fjord, skog og fjell omtrent rett utanfor døra :)

No må eg pakka, snart kjem Siri på besøk :)

God sommar, alle saman!!

One Response to “JOBBING I DANMARK NESTE”

  1. Mette Says:

    Hei!

    Har du det fint i Danmark?
    E dei snille med deg?

    Sander e med mamma og pappa til Norheimsund, dei reiste igår og komme heim i måro.

    Her e det sol idag:-) Veit ikkje heilt ke eg skal finna på med Eline..

    Kos

Leave a Reply