“What Happens in Vegas”

Posted on Aug 17 in: My life, Random - 1 Comment »

Eg kan forstÃ¥ dei som ikkje likar romantiske komediar – det er jo i grunn berre ganske urealistisk, ikkje spesielt meiningsfullt og svært forutsigbart vas.  Likevel, romantisk og drøymande som eg er, sÃ¥ mÃ¥ eg nok berre innrømma at eg storkosar meg med ein god romantisk komedie.  I dag stod “What Happens in Vegas” pÃ¥ sendeskjemaet oppe pÃ¥ rommet/i kinosalen til min kjære vetlebror, og anbefalingar frÃ¥ vener og det at Cameron Diaz og Ashton Kutcher har hovudrollene gjorde at eg hadde visse forventningar.  Eg er no akkurat sÃ¥ full av hÃ¥p og lengsel og misunning og frustrasjon og gode kjensler som eg brukar Ã¥ vera etter ein slik film – og eg kjem nok til Ã¥ drøyma om Ashton i natt ja ;)   “What Happens in Vegas” er ein bra romantisk komedie, men ikkje den beste, men heilt klÃ¥rt vel verd Ã¥ sjÃ¥ for oss som likar denne sjangeren.

AltsÃ¥ ein bra kveld pÃ¥ Hafslo i Noregs beste (kan ikkje nemnast ofte nok…) kommune, Luster .  Fyrst stod min heimelaga pizza pÃ¥ menyen. SÃ¥ dÃ¥ mine smÃ¥ søte tanteungar var i seng, sÃ¥ haldt eg, mi syster, min bror og hans kjære fram med dessert – sjokoladefondant med vaniljeis og bringebær til…. nam nam.  SÃ¥ vart det dÃ¥ godteri og denne bÃ¥de artige og koselege filmen – herleg herleg.

God natt!

One Response to ““What Happens in Vegas””

  1. Mette Says:

    Det va ein perfekt kveld! Minus det at Eline va forferdelig sint da.. :-(

Leave a Reply