“SEX IN THE CITY” MARATON!!!

Posted on Sep 18 in: My life - 4 Comments »

Oh yeah! Heile sesong seks, 20 episodar, har eg sett i dag. Utruleg, og litt flaut, men heilt sant.

Det kan nemnast at denne unntakstilstanden skuldast at eg ikkje gjekk på skulen eller orka å gjera noko fornuftig i dag blant anna på grunn av migrene og akillestrøbbel, det er altså her ikkje snakk om ei plutseleg total livsstilsendring, dersom nokon vart bekymra for meg.  Vanlegvis så skriv eg jo ofte her når eg har noko positivt å fortelja, men slett ikkje alle dagar er like gode, så no veit de altså òg korleis ein av mine ikkje fullt så fantastiske dagar kan utarta seg.  Jaja, dei er no ein artig gjeng å tilbringa tid me :)   Eg har no veldig lyst til å ta på meg ein super fin kjole (som eg då måtte ha kjøpt) og høge helar (som eg då måtte ha lært meg å gå på) og gå på date (som eg då måtte ha skaffa meg), men no er det leggjetid. God natt, og drøym søtt..

4 Responses to ““SEX IN THE CITY” MARATON!!!”

  1. Sindre Says:

    Høghela sko og akillesproblem bli sikkert bra du.. Go bedring!

  2. Ida Says:

    Da har du jo nesten slÃ¥tt min rekord…16 episoder+2,5 timer sex og singelliv-film!

  3. Ann Kristin Says:

    Haha..herleg, Ida!! ;)
    Hadde eg hatt filmen pÃ¥ DVD so hadde nok rekorden vore min, for eg va skikkeleg klar for dan etter siste episode. Chips, Rittersjokolade, Haagen Dazs is, du og resten av Cabaretegjengen mangla her dao…

  4. Mette Says:

    So kjedelig at fortsatt slite med det :-(
    Bra du hadde noke å gjera på da;-)
    Eg,Birthe og Silje va på tapas-restauranten igår; so masse godt!!!
    Imåro skal eg ha min første praksisdag, blir spennande!
    God bedring!!

Leave a Reply