SOFASURFING!!!!

Posted on Sep 28 in: My life - 1 Comment »

LIVET I OSLO ER BRA – DEI SISTE DAGANE HAR INKLUDERT BLANT ANNA SOFASURFING, ELVELANGS OG KULTURNATT. DET ER I OSLO DET SKJER, FOLKENS. KOM PÃ… BESØK!

Etter ein lang dag på Blindern på torsdag tok eg med meg Silia til Oslo S der eg skulle møta min fyrste sofasurfar.  Etter å ha hatt profil på www.couchsurfing.com heilt sidan oktober 2005, men ikkje tilgjengeleg sofa, har eg no endeleg anledning til å ta imot sofasurfarar. Så frå torsdag til laurdag hadde eg portugisiske Joao Miguel på besøk.

Joao Miguel fekk så vidt satt ifrå seg bagasjen før eg og Silia tok han med oss ut på tur. Elvelangs stod nemleg på planen.  Det er eit årleg arrangement der ein hyller haustjamndøgn, altså når dag og natt er like lange. Dei slukker alle lys langs Akerselva og tenner faklar heile den 8-9 kilometer lange vegen.  Ein kjem forbi ulike kulturinnslag på ferden, og mange mange folk. Veldig stemningsfullt.

Me tok ein stappfull trikk opp til Kjelsås, der me møtte andre sofasurfarar.  Det var blant anna folk frå Sverige, Noreg, Tunisia, Romania, England, Singapore og Portugal.  Så vandra me meir eller mindre ilag nedover.  Etter cirka tre timar var vandringa unnagjort.  Resten av gruppa gjekk vidare for å ta noko mat eller drikka ein plass, men sidan eg skulle på jobb på fredag og stå opp kvart over fem så tok eg, Joao og Silia kvelden.  Dersom de gjekk glipp av Elvelangs i år, så gled dykk iallfall til neste år, det er absolutt verd å få med seg.

Fredag ettermiddag fekk Silia besøk av ei polsk veninna og hennar veninna. Så ho møtte dei og tok dei med opp til meg, der me lagde middag ilag alle saman, eg, Silia, dei to polske og Joao. Kjempe triveleg. Gode og mette etter middag og sjokoladeis til dessert var me så endeleg klåre for Oslo kulturnatt.  Me starta med å sjå litt på opningsshowet i Spikersuppa.  Deretter gjekk me vidare til Frelsesarmeen sin stand. Og den var fantastisk.  Der delte dei ut både lapskaus og svelar med syltetøy, så våre utanlandske vener var svært så nøgde med å få smaka litt norsk tradisjonsmat.  I tillegg fekk me laga pinnebrød. Det har eg aldri gjort midt i byen før, artig var det, og smakte godt gjorde det.

Vidare gjekk turen innom rådhuset og  Akershus festning, der me uvitande om kva som skulle skje kom akkurat i tide til fyrverkeriet.  Etter det spaserte me vidare til operaen, der me slappa av og vart underhaldne på taket ei god stund.  Kvelden vart toppa med ein tur med den utvendige glasheisen på Oslo Plaza. Endeleg fekk eg meg ein tur med den. Kvelden gjekk så altfor fort, me rakk ikkje halvparten av det me hadde tenkt, men ein bra kveld var det iallfall.

DÃ¥ me var ferdige med Ã¥ køyra heisen opp og ned, sÃ¥ var klokka sÃ¥ mykje at siste t-bana hadde gÃ¥tt for ei god stund sidan.  SÃ¥ natt til laurdag hadde eg fire sofasurfarar pÃ¥ besøk.  Neste morgon Ã¥t me ein god frukost ilag, før me fylgde Joao til flytoget. Resten av dagen nytta eg til Ã¥ rydda og vaska litt, før eg tok turen opp til Guro. Der stod fotball pÃ¥ programmet, fyrst Everton-Liverpool, sÃ¥ Sogndal-Sandefjord.  Deretter gjekk me pÃ¥ kino og sÃ¥g den nye norske filmen “De usynlige” – den anbefalast pÃ¥ det sterkaste!

For meir informasjon om kva sofasurfing er, gå inn på linken øverst.

“CouchSurfing is not about the furniture, not just about finding free accommodations around the world; it’s about making connections worldwide. We make the world a better place by opening our homes, our hearts, and our lives. We open our minds and welcome the knowledge that cultural exchange makes available. We create deep and meaningful connections that cross oceans, continents and cultures. CouchSurfing wants to change not only the way we travel, but how we relate to the world!”

“CouchSurfing is a worldwide network for making connections between travelers and the local communities they visit.”

“Participate in Creating a Better World, One Couch at a Time”


One Response to “SOFASURFING!!!!”

  1. mamma Says:

    HEI PÅ DEG.Høres ut som du har hatt en flott helg,og at sofasurferen din har fått opplevd mye i løpet av noen dager.Så neste år vil mamman din og være med å gå langs Akerselva.Vi har hatt en fin helg med besøk,og Eline som har lært å gå.Ho er kjempe stolt.Nå skal pappan din snart sette seg på nattbussen,så du får ha det godt,Klem fra mamma

Leave a Reply