ETIOPISK BILJARD – utruleg festleg!

Posted on Oct 17 in: My life - 2 Comments »

No kom eg akkurat heim frå ein artig kveld hjå Silia på Nord-Norsk Student og Elevhjem. Eg, Silia, Tadesse frå Etiopia og Shuang frå Kina tilbrakte fyrst ein del timar på kjøkenet der. Me lagde og koste oss med ein trerettars middag. Forrett: Ein stor porsjon deileg salat, litt steikt gulrot, sopp og brokkoli, og brød til. Hovudrett: Fiskesuppe med fiskebollar og kokte poteter. Dessert: Blåbærpai med vaniljeis til.

Deretter tenkte me Ã¥ ta eit slag biljard. DÃ¥ me skulle leggja opp kulene viste det seg imidlertid at biljard i Etiopia verkeleg ikkje er som biljard i Noreg. Stilla kulene opp inni trekanten? Ã… neida, dei skal jo sjølvsagt liggja fordelt langs kantane pÃ¥ langsidene av bordet, det er jo klÃ¥rt. Og sÃ¥ skal ein jo dÃ¥ byrja med Ã¥ fÃ¥ ned kule nummer tre, begge laga/personane prøver pÃ¥ dette, og den som klarar det fÃ¥r dÃ¥ tre poeng. Dersom ein kjem borti ei anna kula før nummer tre fÃ¥r ein derimot minus sÃ¥ mange poeng som det talet kula viser. Dersom den kvite kula gÃ¥r nedi er det minus to poeng. NÃ¥r kule nummer tre dÃ¥ er blitt skoten nedi av eit av laga skal ein skyta nedi kule nummer to, og sÃ¥ fire, fem seks, sju… og sÃ¥ vidare. Kvifor byrjar ein ikkje med kule nummer to i staden for tre? “I don’t know” etterfylgt av latter var svaret pÃ¥ det. Etterkvart som spelet gjekk dukka det stadig opp nye reglar, plusspoeng for det, og minuspoeng for det, dersom kula til dømes ligg litt langt i frå  sÃ¥ kan ein sjølvsagt berre snu køen og bruka den tjukke enden, “no problem!”, og ligg ei kula litt nære den kvite slik at det vert litt vanskeleg Ã¥ koma til, sÃ¥ er det klÃ¥rt ein berre kan leggja handa rundt den kula og støtta seg pÃ¥ den og sÃ¥ sikta pÃ¥ den kvite. Kanskje var me spesielt fnisete, ikkje veit eg, det heile var iallfall utruleg komisk der og dÃ¥. Om denne biljardformen  berre er ein lokal variant eller ikkje,det veit eg ikkje, utruleg festleg hadde me det iallfall.Tadesse kom med den eine regelen meir ulogisk enn den andre, og eg følte ei stund der at eg var deltakar i Team Antonsens Joker Nord.

Dersom nokon forferdeleg nok ikkje har fått med seg Joker Nord før, eller fordi de sjølvsagt alltid er klare for eit gjensyn, trykk dykk in på Joker Nord linken ovanfor (altså der det står Joker Nord med kvit skrift i avnsittet ovanfor).

Kos dykk med klussetall og burkajoker! ;) God helg!

2 Responses to “ETIOPISK BILJARD – utruleg festleg!”

  1. silia Says:

    einaste biljarden for meg fra no av! :D

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    Ja, du ha jo talent!

Leave a Reply