MITT LIV I OSLO….

Posted on Nov 01 in: My life - 6 Comments »

Eit lite utdrag av kvardagen min her i hovudstaden:

Onsdag 22/10

Eg starta dagen med ein tur på SATS klokka 07.00, Høg Puls stod på programmet, ein fin start på dagen. Deretter tok eg ein dusj, og åt min vanlege havregrautfrukost. Så var det på tide å setja seg på bussen til Kjeller, eg hadde nemleg førelesning frå 12.30 til 14.30. Keisamt å reisa så langt for så lite undervisning, veldig spennande førelesning var det heller ikkje.

Om kvelden tok eg og Silia ein tur i operaen, det var fyrste gong for min del. Me sÃ¥g førestillingen “Dead Beat Escapement”, som handla om dødsstraff. Temaet var kva amerikanske fangar pÃ¥ “death row” et som sitt siste mÃ¥ltid og kva dei veljer som sine siste ord.

“I did not do it”

“This execution is not justice, this execution celebrates revenge”

DÃ¥ eg kom heim frÃ¥ operaen var eg svolten, men eta kunne eg ikkje. Eg deltek nemleg i eit forskningsprosjekt om omega-3, og mÃ¥tte difor fasta i 12 timar før blodprøvar torsdag morgon. Espen Eckbos nye program “Tett pÃ¥ tre” fekk eg òg med meg den kvelden, artig.

Torsdag 23/10

Torsdag morgon satte eg meg som vanleg på bussen til Kjeller. Det som var uvanleg denne dagen var at i veska mi hadde eg faktisk ein urinprøve, eg var litt nervøs for lekkasje der ja, men det gjekk bra. Vel framme på skulen leverte eg i frå meg min urin og litt blod, og fekk utlevert krilloljekapslar. I sju veke framøve skal eg ta seks krilloljekapslar dagleg.

Etter denne visitten kunne eg endeleg eta litt frukost, og sÃ¥ var hjernen klar for førelesning. Temaet for dagen var: mat i globalt perspektiv, og førelesaren var Trine-Lise Offergaard. Ho er veldig flink, engasjert og inspirerande. Og hennar førelesningar er alltid veldig interessante, eg skulle ynskt me hadde ho meir. Det handla iallfall i hovudsak om økologi, bærekraftighet og verdas matsituasjon. Det er nok mat i verda til at alle kunne ha blitt mette kvar einaste dag. Likevel, paradoksalt nok, lider 800 millionar menneske i verda av svolt (FAO 2006), medan enda fleire – ein milliard menneske – lider av overernæring og fedme (WHO 2006).

I siste friminuttet kom eksamenskarakteren, så sidan eg er av dei som ikkje sjekkar den på skulen, så kunne eg nesten ikkje venta med å koma meg heim. Og då eg endeleg fekk sjekka det kunne eg nesten ikkje tru det eg såg: AAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAA. Jippi!! Dette vart feira med grønsaksgrateng til middag, så gjekk eg ut og kjøpte gebursdagsgåva til Eline. Om kvelden var eg og Silje på besøk til Mona. Der fekk me servert varm sjokolade med is og nydelege bollar, nokre med rosiner, nokre med vaniljekrem og nokre med sjokolade inni, nam nam nam!!! Ein veldig koseleg kveld.

Fredag 24/10

Etter skulen på fredag kom Gry på besøk, ho var nemleg innom Oslo på veg til Beitostølen, så det var veldig koseleg. Me åt lunsj ilag, restar av grønsaksgrateng, steikt fiskepudding og brød. Då ho skulle reisa vidare med bussen gjekk eg ein tur på SATS, spinning vart det den dagen. Ellers så hadde eg ein herleg, roleg tv-kveld med Skal vi danse, Nytt på nytt og Senkveld.

Laurdag 25/10

På laurdag tok eg ein tur til Dreamteam frisører. Dei har studentrabatt, så vask, klypp, føn og styling får ein for 449 kr. Noko anna bra med denne salongen er at dei har økologiske produkt, både hårfarge og produkta dei sel. Så eg var faktisk innom og kjøpte meg ein økologisk hårkur i dag. Enda ein bra ting med denne frisøren er at dersom de nemner mitt namn når de betalar der, så får eg 50 % på neste klypp. Så eg anbefalar sjølvsagt alle å ta ein tur dit.

klokka 16.48 satte eg meg på toget til Ås. På togstasjonen der vart eg møtt av Marianne. Me gjekk heim til ho og lagde taco og koste oss, før me tok ein tur innom eit vorspiel hjå ei av Mariannes klasseveninner. Vidare gjekk turen til Samfunnet på Ås, der det var UKA konsert: The Wombats og Kaizers Orchestra. Det var ein strålande kveld. Kjempe bra konsertar, trivelege folk, og eg og Marianne tok dansegolvet med storm. Det verkar veldig kjekt på Ås, så no har eg lyst å studera der.

Søndag 26/10

På søndag fylte ein av mine to fantastiske tanteungar, Eline, 1 år. Gratulera, søta!!! Eg gjekk diverre glipp av feiringa, for på søndag så vakna eg opp hjå Marianne på Ås. Etter ein god frukost så tok eg toget tilbake til Oslo. Resten av dagen vart nytta til ein del husarbeid, og ein tur innom SATS, der gjekk eg på ein HipHop time. Eg trur nok dei fleste andre hadde ein eller annan danseerfaring, så eg hang ikkje heilt med for å seie det sånn, så bittelitt pinleg var det jo til dømes å gå til høgre når alle andre gjekk til venstre, men veldig kjekt var det faktisk.

Om kvelden kom Gry innom igjen, no på veg tilbake til Stavanger. Så me lagde pizza og koste oss, veldig kjekt.

MÃ¥ndag 27/10

SÃ¥ vidt eg hugsar gjorde eg ingenting spesielt pÃ¥ mÃ¥ndag. Eg var pÃ¥ skulen, eg kom heim og lagde middag, og eg trente litt (Step og Stram Opp). Om kvelden var eg heima og sÃ¥g pÃ¥ tv med pappa, blant anna Ylvis møter veggen og Dokument 2 om Frimurerlosjen. Den dokumentaren sjokkerte meg. Lojalitet til “brødrene” i Frimurerlosjen vert omtala som viktigare enn Noregs lover. Eg seier NEI til Frimurerlosjen!! (Eg følte berre behovet for Ã¥ ytra mi meining).

Tysdag 28/10

På tysdag kom sjølvaste Wenche Andersen frå God morgen Norge på besøk til oss på skulen, ho lagde mat til oss og prata om litt forskjellig. Artig. Og på tysdag skal me på besøk til ho under sending, bak kamera altso, me skal berre observera. Wenche skal nemleg vera sensor under vår praktisk-munnlege eksamen i desember, og då skal me laga mat framfor sensorane slik ho gjer på tv. Emnet me har no heiter nemleg matlaging og matkultur.

Etter skulen rakk eg ein tur heimom for å eta før eg starta på jobb klokka fire. Eg hadde ein fin dag på jobb. Klokka elleve var eg ferdig. Og på veg frå t-bana og heim gjekk eg forbi mange politifolk og politisperringar, knivstikkinga som skjedde på tysdag var nemleg rett nedanfor her eg bur, skumle greier.

Onsdag 29/10

På onsdag vakna eg opp til snø, eit ganske koseleg syn i grunn. Men det skapte jo sjølvsagt trafikkaos. Og eg enda faktisk opp med å haika det siste stykke til skulen. Då eg var veldig kald på tommelen og nesten i ferd med å gi opp, stoppa det ein koseleg mann, og eg og tre andre i klassen fekk sitja på til Kjeller. Tusen takk, snille mann!

På skulen den dagen hadde me besøk av Eksportutvalget for fisk. Etter litt informasjon om fiskeinntak og liknande vart me delt inn i grupper og skulle kokkelera. Eg og Line fekk i oppgåva å laga lasagne med torsk. Resultatet av dagen vart ein nydeleg fiskebuffet med seiburgarar, laksewok, torskelasagne, pizza med sei, omnsbakt laks, grønsaker og poteter, bacalao, torsk masala og torsk med lauk- og paprikasaus. Nam nam, då koste me oss!

Etter skulen tok eg ein tur på SATS, der eg gjekk på 30 min dans og 30 min mage/rygg. Om kvelden var eg på besøk til Silia på det Nord-Norske student- og elevhjemmet. Medan me sat og åt is, kom me i prat med ein annan nordnorsk bebuar der. Og det viste seg etterkvart at han var ein såkalla sjaman som meinar han kan heala folk. Så har eg jo då framleis desse smertefulle problemarmane mine som plagar meg, så då han tilbaud seg og prøva å heala meg, så tenkte eg at det var vel verd eit forsøk og takka ja. Så plutseleg låg eg i ei seng med lukka auge og lytta til trommespeling. Eg treng visst to behandlingar til for at det skal fungera. Eg er håpefull, men svært skeptisk.

Det skal jo i Oslo vera ca ei rotta per innbyggjar, og tre av desse skapningane fekk eg oppleva på jernbanetorget t-bane stasjon natt til torsdag. Dei slår seg tydlegvis laus om natta, for då sprang dei att og fram og ut og inn av hola sine i veggen.

Torsdag 30/10

I gÃ¥r tilbrakte eg og Silia nokre timar pÃ¥ Oslo S der me delte ut smaksprøvar pÃ¥ rettferdig cola og sjokolade for butikken Friends Fair Trade, der eg prøver Ã¥ fÃ¥ tid til Ã¥ jobba som frivillig av og til. Det var i grunn ein ganske artig jobb. Det var overaskande mange som ikkje visste noko som helst om “fair trade”, og sÃ¥ var det gledeleg Ã¥ sjÃ¥ at ganske mange faktisk var interesserte. Som ernæringsstudent sÃ¥ var det jo litt spesielt Ã¥ stÃ¥ og stappa cola og sjokolade i folk. Men bodskapen fÃ¥r vera at dersom ein skal konsumera cola og sjokolade sÃ¥ kan ein iallfall gjera det med litt betre samvit, ved Ã¥ bidra til ei meir rettferdig verd. Rettferdig sukker er jo ein del dyrare i butikken enn vanleg produsert sukker, og sidan me generelt fÃ¥r i oss altfor mykje sukker, sÃ¥ er ikkje rettferdig sukker berre med pÃ¥ Ã¥ bidra til ei meir rettferdig verd, men kan òg bidra til eit meir moderat sukkerforbruk. Satt pÃ¥ spissen: kjøp rettferdig sukker, sÃ¥ har du ikkje rÃ¥d til Ã¥ eta pÃ¥ deg fedme og livsstilssjukdommar, og samstundes bidrar du til at bøndene som har produsert det fÃ¥r ein betre kvardag. Ikkje dumt nei.

SÃ¥ etter ein veldig kjapp pastamiddag hjÃ¥ meg, sprang eg og Silia bort til Cinemateket/Norsk filminstitutt, der me hadde gratisbillett til den norske filmen “Iskyss”. Eg sleit diverre litt med Ã¥ halda meg vaken og fekk av den grunn ikkje heilt med meg handlinga, irriterande, men eg trur det var ei fin kjærleikshistorie. Etter den filmen var det ein liten pause før dei viste enda ein gratisfilm, “South Pacific” frÃ¥ 1958. Til den filmen fekk me selskap av vÃ¥r tunisiske ven, Marouen. Eg var heldigvis ikkje trøytt under neste film, for den var veldig bra, og eg storkoste meg. EtterpÃ¥ vandra eg, Silia og Marouen litt rundt i Oslos gater og var innom nokre uteplassar, før me tok kvelden.

Eg har det altså fint her i Oslo, sjølv om eg saknar bølgjer og fjell.  Eg reknar med at de alle, utanom mamma, no har fått ei overdose meg. Så framøve kjem eg kanskje heller til å skriva litt meir om ting som opptek meg. Eg håpar det står bra til med dykk, alle saman!!  Eg har travle dagar i vente, eg skal nemleg jobba åtte av dei neste elleve dagane. Hej då!

6 Responses to “MITT LIV I OSLO….”

  1. Mette Says:

    Heisann lillesøster:-)

    Eg fekk ikkje overdose av deg; syns det va kjempe koselig å lesa om ke du drive med!
    Denna uka har eg vært ganske sliten.. Eline har bestemt seg for å sova dårleg 2. kver natt:-( Me hadde vår siste dag med undervisning på torsdag; ganske trist og skummelt.. For på mandag startar 5 uker med praksis og masse oppgåver og til slutt 2 mappe eksamenar..
    Eline var på 1 års kontroll på onsdag. Va flink når ho fekk sprøytene. Ho e 77 cm og 9,7 kg.
    Mamma passa dei nokre tima den kvelden, da eg va ein tur innom klassefesten.

    God Helg!

  2. mamma Says:

    HEI PÅ DEG. Ja du har nok rett i det at mamman din liker at du skriver om hverdagen din.Så det ble en fin start på dagen.Ja du kan tro jeg tenkte på deg den kvelden med knivstikkingen,så skummelt.Du får nå tiden til å gå,mangler visst ikke aktiviteter eller på besøk av venner.Skulle gjerne ha smakt all den gode maten dere laga :-) Her er det kaldt idag minus 7,men det blir sol .Har prøvd å ringe deg et par ganger ,men du har vel vært opptatt skjønner jeg.Du får sende en melding når du har tid til å skravle litt.Ha en fin helg,klem fra mamma.

  3. Ruth Wenche Says:

    Heisann:) Veldig kjekt Ã¥ lese om livet i Oslo ja,- fÃ¥r lyst til Ã¥ reise til Oslo ein tur eg nÃ¥, mykje kjekt som foregÃ¥r der forstÃ¥r eg… :) Kos deg vidare:) God helg!

    Klem

  4. Ida Says:

    Heisann! Koselig å lese om hverdagen din! Virker som du har en veldig allsidig hverdag, i motsetning til meg som står opp, leser, og legger meg! Men heldigvis ikke lenge igjen til eksamen er over, og Christianne og jeg kommer inn til Oslo. Det skal bli koselig det! Ha en fortsatt fin helg! klem

  5. pappa Says:

    HEi pao deg kjære dotter.
    Da va no litt du burde ha teke med frao livet i Oslo, nemleg at du no har ordna deg med hushjelp.
    Nemleg ein pappa som ryddar kjøkkenet når du og dine vener har laga mat og kosa dykk, so staor no eg dar med oppvasken ut pao kvelden.
    For ikkje Ã¥ snakka om alle dei panner og kjelar eg mao vaska……………….
    Ha ei fin helg med jobbing
    Beste helsing pappa

  6. Hotellsjefen sjøl Says:

    So kjekt med kommentarar!!

    Beklaga at innsatsen din ikkje vart nemnt, pappa. Eg set iallfall stor pris pÃ¥ at hushjelp e inkludert i dan gratis husleiga mi…… ;)

Leave a Reply