GRATULERAR MED EIT GODT VAL, USA!!

Posted on Nov 06 in: My life, Random - No Comments »

I g̴r vart altso USA sin 44.president valt РBarack Obama. Det vart eit historisk val РBarack Obama er nemleg USA sin fyrste afro-amerikanske president.

Det er enorme forventningar til Obama. Han kjem heilt sikkert ikkje til å innfri alle dei. Politikarar lovar jo alltid litt meir enn det dei kan halda. Og han kan uansett ikkje endra USA over natta. Han åleina kan heller ikkje endra noko særleg. Som han sa i talen sin så har dei ikkje endra USA ved å vinna dette valet, dei har berre vunne ein sjanse til å endra USA. Så gjenstår det å sjå om dei lukkast med det.

Obama har jo ikkje det beste utgongspunktet, med to pågåande krigar og den økonomiske krisa. I tillegg så er forventningane så utruleg høge at dei ikkje er mogleg å innfri. Samstundes så har Bush vore så dårleg at han uansett kjem til gjera ein betre jobb enn han. Å ta over jobben for akkurat Bush er ein takksam situasjon slik sett.

SÃ¥ vidt eg har fÃ¥tt med meg sÃ¥ var det rekordhøg valdeltaking ved dette valet, spesielt auke i valdeltaking har det vel vore blant unge og afro-amerikanarar. Obama har òg samla inn rekordmykje pengar, og veldig mykje av desse pengane har kome i smÃ¥ summar frÃ¥ heilt vanlege folk. Obama har klart Ã¥ engasjera pÃ¥ ein fantastisk mÃ¥te, ingen tvil om det. Eg synast han er ein veldig dyktig talar, som alltid høyres veldig truverdig, engasjert og sikker ut. I sigerstalen sin fekk han til og med fram nokre tÃ¥rer hjÃ¥ meg. Dette pluss det faktum at demokratane har eit stort fleirtal i bÃ¥de senatet og “The House of Representatives” gir hÃ¥p om at det kan bli endring framover. Som vanleg er eg ikkje veldig optimistisk og vel heller Ã¥ bli positivt overaska, men eg har tru pÃ¥ Obama. Han var iallfall utan tvil den beste kandidaten.

Ellers så må eg nemna at eg synast at McCain haldt ein veldig fin og verdig avslutningstale, det skal han ha.

Mange har i dag sagt at det at ein afro-amerikanar no har blitt president i USA viser at endring er mogleg. Noko eg alltid har vore heilt sikker pÃ¥. SÃ¥ eg gler meg til Globaliseringskonferansen som startar i morgon. “Globaliseringskonferansen er for deg som vil forstå¨og forandre verden!”. “Yes we can!”, som Obama seier.

Lukke til!

Leave a Reply