MIN ELEKTRONISKE ETISKE JULEKALENDAR

Posted on Dec 01 in: Christmas calender, My life - No Comments »

I dag er det fyrste søndag i advent, så no er julevarer, juleaktivitetar og julestemning hjarteleg velkomen. Og ikkje minst så er det julekalendartid frå og med i morgon og fram til julafta. Som tidlegare nemnt så vil eg i år ha ein julekalendar her på Ann Kristin sitt webhotell.

På bakgrunn av at eg stadig vekk vert oppgitt, irritert, frustrert, trist, engasjert, interessert, sint og så vidare av ting som føregår rundt om kring, så vil eg her kvar dag dei neste 24 dagane koma med nokre tips til kva eg og du og alle andre kan prøva å gjera for å gjera verda til ein litt betre plass for oss alle.

Krigar, fattigdom, tortur, barnesoldatar, svolt, dødsstraff, klimakrisa, rusproblem, prostitusjon, korrupsjon…. Det er mykje elendighet rundt omkring. Og av og til sÃ¥ føler eg at det er hÃ¥plaust. Kva kan eg gjera? Ein tenkjer kanskje at ein ikkje kan stoppa den globale oppvarminga ved Ã¥ resirkulera litt. Ein kan vel heller ikkje redda Afrika ved Ã¥ gi vekk litt pengar. Slik kan me ikkje tenkja. Av og til føler eg at det er hÃ¥plaust, men generelt sÃ¥ klarar eg ikkje Ã¥ ikkje tru pÃ¥ at det er mogleg Ã¥ forandra verda.

Ein ting eg lærde i kristendomen (faget som heldigvis har fått nytt namn!) på skulen var at det verste er ikkje hat, men likegyldighet. Det er så sant. Og me som har det så godt har ikkje lov til å ikkje bry oss om resten.

“Be the change you want to see in the world” sa Mahatma Gandhi ein gong. Og det prøver eg pÃ¥, men mÃ¥ prøva hardare. SÃ¥ denne kalendaren er eit bidrag frÃ¥ meg til Ã¥ prøva Ã¥ fÃ¥ bÃ¥de meg sjølv og andre meir engasjerte og bevisste. Kvar bittelille ting er betre ingenting!

No ser eg det er over midnatt og difor 1.desember. SÃ¥ det er pÃ¥ tide Ã¥ koma seg i seng. Eg har hatt ein strÃ¥lande dag i dag. Eg gjekk ein lang og koseleg tur med Kristi og Solrun i strÃ¥lande vinterver. Jammen traff me pÃ¥ Jonas Gahr Støre pÃ¥ Vettakollen – stas Ã¥ sjÃ¥ han! I kveld har eg vore pÃ¥ kino med Silia. Me sÃ¥g den mexikanske filmen La Zona, som eg anbefalar pÃ¥ det sterkaste!!! Den er bÃ¥de spennande, veldig engasjerande og grusomt trist. TÃ¥rane rann, og eg var ein gong svært nære ved Ã¥ seia NEI! høgt, sÃ¥ sint vart eg. Heldigvis haldt eg kjeft, det hadde vore pinleg. Iallfall, har du sjansen, gÃ¥ og sjÃ¥ La Zona. Det var eit lite smaksprøvetips før fyrste kalendartips kjem seinare pÃ¥ dagen/kvelden.

Eg vil ønskja alle ei koseleg adventstid :)

Leave a Reply