2. DESEMBER

Posted on Dec 02 in: Christmas calender - 2 Comments »

Send AMNESTY til 1960!

Kvar månad dei siste åra har eg motteke eit par sms frå Amnesty. Der står det om ein el fleire av så altfor mange triste skjebnar rundt om i verda, eg sender ein sms tilbake med namnet mitt, og slik er eg på ein svært enkel måte med på og prøva å skapa ei meir rettferdig verd. Enklare kan det nesten ikkje bli.

Eit døme kan vera at eg får ein sms om at ein person skal henrettast utan at det finst bevis eller at ei kvinne skal henrettast for utroskap fordi ho vart valdteken, eg sender så sms med namnet mitt. Namnet vert så lagt til i ein ferdigskriven appell som vert vidaresendt av Amnesty via post eller fax til mottakar, til dømes statsleiaren i det aktuelle landet.

Dette kostar 3 kr per sms, og maks 12 kroner i månaden.

At desse sms’ane vil stoppa tortur, henrettingar og andre grusomme handlingar er absloutt ikkje garantert. men det finst dømer der det har nytta. Og dess fleire som aksjonerar/sender sms, dess meir press, og dess større sjanse vert det for at slike handlingar vert stoppa. SÃ¥ send AMNESTY til 1960 no!

Amnesty International er ein verdsomspennande organisasjon, som er uavhengig av regjeringar, økonomiske aktørar, politisk overbevising og religiøs tru. Basis for arbeidet til Amnesty International er FNs verdserklæring om Menneskerettane.

“Kjernen i Amnestys arbeid er: Alle mennesker har rett til liv, frihet og personlig sikkerhet; ingen skal utsettes for tortur eller annen grusom, umenneskelig eller nedverdigende behandling eller straff; og alle har rett til tanke, menings, religions og ytringsfrihet. Ingen skal utsettes for diskriminiering pÃ¥ bakgrunn av sin tro, hudfarge, kjønn, etnisk opprinnelse, sprÃ¥k eller religion.”

Dersom du vil lesa meir om kva Amnesty International er og kva dei driv med, gå inn her. Dersom du vil bli medlem og betala ein fast sum i året eller månaden, gå inn her. Dersom du er interresert i å delta på andre aksjonar enn sms-aksjonen gå inn her.

No er det berre 22 dagar att til jul :)

2 Responses to “2. DESEMBER”

  1. Mette Says:

    Spennande med kalender :-)

    Gleda meg sooo til juleferie no!!

  2. Ann Kristin Says:

    Dao rekna eg med at du følgje tipsa mine og dao ;) Iallfall ein del av dei!

    Eg òg gler meg t ferie – Venezuela here we come!!!!!!!!!!!! :) :) Bli bra Ã¥ vera sambuar med deg og dine søte smÃ¥ att :)

Leave a Reply