3. DESEMBER

Posted on Dec 03 in: Christmas calender - No Comments »

GI AV DEG SJØLV!

Då meiner eg bokstaveleg talt. Hundrevis av nordmenn ventar nemleg i kø for eit nytt organ som kan redda livet deira, og for mange døyr i køen. Dei aller fleste av oss vil takka ja til å motta eit organ frå eit anna menneske dersom det kan redda livet vårt, så då er det vel rett og rimeleg at me òg er villige til å donera bort våre eigne organ, slik at dei kan redda andres liv? Ein donor kan redda fleire liv, me har sju organ kvar å gi bort: hjarta, to lunger, to nyrer, lever og bukspyttkjertel.

Så eg oppfordrar alle til å fylla ut eit donorkort. Dette kortet kan du finna her eller på apotek og legekontor. Oppbevar så kortet i lommeboka/veska. I tillegg er det veldig viktig at ein informerer pårørande om avgjerda, og at ein fører namna til desse pårørande på donorkortet.

I tillegg så er det behov for blodgivarar. I motsetnad til mange andre livsviktige legemidlar så kan blod verken kjøpast eller lagast kunstig. Mange kan i dag ikkje overleva utan blodoverføring, og er difor avhengige av hjelp frå medmenneske. Å gi blod er ein viktig samfunnsinnsats. Eg vil altså òg oppfordra alle som kan til å melda seg som blodgivar, og det kan du gjera her.

Vil du lesa meir om organdonasjon, gå inn her.

Vil du lesa meir om blodgiving eller lurar på om du kan gi blod eller kvar du kan gi blod, gå inn her.

No er det berre 21 dagar att til jul :)

Leave a Reply