4. DESEMBER

Posted on Dec 05 in: Christmas calender - 2 Comments »

NEI TIL UADRESSERT REKLAME!

Sjølv om eit stort fleirtal av befolkninga i Noreg ikkje ynskjer reklame i posten, og all denne reklamen fører til eit stort utslepp av klimagassar, sÃ¥ dumpar likevel rundt 60 000 tonn reklame ned i postkassane kvart Ã¥r. Eit forslag er at ein skal snu ordninga slik at det vert “ja takk” klistremerker i staden for “nei takk” klistremerker, altsÃ¥ at dei som ynskjer reklame i posten skaffar seg eit “ja takk” klistremerke, medan resten av befolkninga slepp unna alt avfallet. Diverre sÃ¥ har det no etter ein lang kamp blitt vedteke av Stortinget og Regjeringa at ordninga held fram slik den har vore. Ikkje bra. Men eg oppfordrar iallfall difor alle til Ã¥ skaffa seg eit slikt “nei takk” klistremerke – og korleis de gjer det kan de sjÃ¥ her.

Dersom de ynskjer å motta reklame for å ikkje gå glipp av gode tilbod, men samstundes vil vera mest mogleg miljøvenleg, her er løysinga: Dei aller fleste matvarekjeder og andre butikkar har no tilbodsavisene tilgjengelege på nett. Mange tilbyr abonnement, det vil seie at du kvar veka i staden for å få tilbodsavisa i posten, mottek den same avisa via mail, altså i di elektroniske postkasse. Veldig greit. Så uansett om du ynskjer å motta dei gode tilboda eller ikkje, skaff deg eit klistremerke! Så kan du gå inn på sidene til butikkar i nærleiken som du ynskjer tilbod frå og ordna dette.

Dersom du vil lesa meir fakta om uadressert reklame, gå inn her.

Dersom du vil lesa meir om korleis du kan stoppa reklame både via post, telefon og så vidare, gå inn her.

No er det berre 20 dagar att til jul :)

(Dette innlegget kom ein dag for seint grunna manglande internettilgong i går)

2 Responses to “4. DESEMBER”

  1. Mona Says:

    Konge kalender Anki! Gleder meg til å åpne hver dag, og skal prøve så best jeg kan å følge opp tipsene dine!:)

  2. Ann Kristin Says:

    So kjekt å høyra, Mona!! :)

Leave a Reply