5. DESEMBER

Posted on Dec 05 in: Christmas calender - No Comments »

SKRIV ØNSKJELISTA!

Dagens tips er eit enkelt og koseleg tips. Lag deg ein kopp te/kaffi/varm sjokolade og sett på litt god musikk, gjerne julemusikk, kanskje har du nokre peparkaker òg. Finn fram penn og papir. Og tenk så igjennom om det er noko du treng og/eller ynskjer deg. Skriv det ned.

I Storbritannia vart det i fjor gitt uynskte gåver for rundt 40 milliardar kroner. Desse gåvene som berre vert liggjande i ein skuff eller innerst i skåpet eller rett og slett kasta i bosset, er jo årsak til like store uttak av råvarer, vatn, utslepp av klimagassar og kjemikaliar som dei gåvene me brukar til dei er utslitne.

Dersom du ikkje ynskjer deg noko spesielt, sÃ¥ svar uansett ikkje “ingenting” eller “eg veit ikkje”. Kanskje vil du heller at dei gir nokre kroner til ein bistandsorganisasjon? Kanskje set du pris pÃ¥ noko etande? Eller kanskje ein billett eller invitasjon er midt i blinken? Dersom du svarar noko, sÃ¥ minkar sjansen for bortkasta gÃ¥ver som eigentleg berre vert til søppel. SÃ¥ ta deg nokre rolege minutt for deg sjølv og skriv ønskjelista.

No er det berre 19 dagar att til jul :)

Leave a Reply