6. DESEMBER

Posted on Dec 06 in: Christmas calender - 7 Comments »

KLIKK HER FOR Ã… GI GRATIS MAT!

The Hunger Site er ei internettside der du ved Ã¥ gÃ¥ inn pÃ¥ sida og sÃ¥ klikka pÃ¥ ruta der det stÃ¥r: Click Here to Give – it’s FREE!”, gir ein kopp med mat til svoltne rundt om i verda.

923 millionar menneske i verda er svoltne. Rundt 16000 born døyr kvar dag av grunnar relaterte til svolt – det vil seie eit born kvart femte sekund.

I gjennomsnitt er nærmare 200 000 menneske inne pÃ¥ sida og klikkar kvar dag. Sidan sida starta opp i 1999, har folk klikka seg inn og til saman gitt vekk 500 millionar koppar med mat. Dette er jo bra, men tala kunne sjølvsagt vore utruleg mykje høgare. SÃ¥ start ei ny rutine i dag og klikk inn her kvar dag, klikk sÃ¥ vidare pÃ¥. “Click Here to Give – it’s FREE!”. SÃ¥ gir du vekk ein svært viktig kopp med mat kvar dag. Eg har no denne sida som startside, sÃ¥ eg kjem direkte inn og treng berre Ã¥ foreta meg eit lite museklikk kvar dag. Veldig enkelt og greit, anbefalast!

Det er altså  ulike sponsorar som betalar for denne maten, og den vert distribuert ut til dei svoltne av organisasjonane Mercy Corps og Feeding America. Dersom du vil lesa meir om korleis dette fungerar og resultata, gå inn her.

Øverst på denne sida er det òg linkar til liknande sider der du på same måte kan støtta brystkreft, borns helse, lese- og skriveopplæring, regnskog og berging av dyr. Så ein kan jo når ein er inne der klikka seg inn på alle saman om ein vil.

No er det berre 18 dagar att til jul :)

7 Responses to “6. DESEMBER”

  1. chris Says:

    Hei hei.

    Jeg ramlet innom bloggen din ganske tilfeldig fordi jeg søkte litt rundt på samfunnsernæring. Jeg er litt nysjerrig på denne utdanningen. Vet du om det er god mulighet å få seg relevant jobb etter bachelorgrad? Og så lurer jeg litt generelt på hvordan studenter på denne utdanningen er. Om de er treningsnarkomane som aldri rører sjokolade eller er de litt rundere i kantene:p
    Jeg forventer ikke noe langt avansert svar fra deg, men jeg hadde blitt glad om du hadde svart.

    Ha en fortreffelig førjulstid:D

  2. Ann Kristin Says:

    Heisann Chris!

    Artig at du ramla innom sida mi – e jo alltid kjekt med besøk.
    Samfunnsernæring er iallfall eit veldig spennande studie. Korleis moglegheitene for jobb er, er noko me i klassen òg lurer veldig på. Skal me tru våre lærarar og førelesarar så er moglegheitene veldig gode, det er eit stort behov for oss der ute, det er mykje å ta tak i, og me kjem ikkje til å bli arbeidsledige med det fyrste, seier dei. Så lat oss håpa at det er nokre interessante jobbar til oss. Eg vil jo tru det. Det er eit fagområde med auka interesse rundt, og det var jo ein grunn til at studiet starta opp i 2005. Og det er veldig mange ulike type stillingar kompetansen vår kan koma til nytte i. Så ikkje lat usikkerhet angåande framtidig jobb stoppa deg :)

    Når det gjeld folka i klassen so kan eg vel nesten ikkje uttala meg om da her i da offentlege rom.. ;) Neida, me er ein fin gjeng med veldig forskjellege typar folk. Nokre er treningsnarkomane. Nokre rører, iallfall omtrent, ikkje sjokolade og andre søtsaker. Nokre trenar ikkje, iallfall lite. Nokre et vel omtrent som nordmen flest. Nokre, blant anna meg sjølv, likar veldig godt å trena, men er langt ifrå treningsnarkoman, og er veldig glad i sjokolade, men et det absolutt ikkje kvar dag, og er nok ganske så runde i kantane ja! :)

    Spør igjen om du lurar på noko!

    God førjulstid til deg og! :)

  3. Mette Says:

    Ke du meina med at du e rund i kantane? ;-)

  4. Mette Says:

    Åja, no såg eg at han spurde om det.. Betyr altso at du ikkje e heilt helse freak?!

  5. Mette Says:

    E du god på å skriva innleiingar?

  6. chris Says:

    Tusen takk for svar Ann Kristin:)
    Veldig hyggelig.

    Dette høres absolutt ut som et studie jeg kan tenke meg å søke på til høsten.

    Åj, så nå at rundere i kantene fikk litt dobbel betydning her, haha:p

  7. KrishNa Says:

    Woah! I’m really ennyoijg the template/theme of this site. It’s simple, yet effective. A lot of times it’s very difficult to get that perfect balance between superb usability and visual appeal. I must say you have done a great job with this. Also, the blog loads super quick for me on Opera. Excellent Blog!

Leave a Reply