7. DESEMBER

Posted on Dec 07 in: Christmas calender - No Comments »

SKRIV HANDLELISTA!

Både ernæringsmessig, miljømessig og økonomisk så har det å skriva handlelista og planleggja matinnkjøpa absolutt sine fordeler. Set deg ned ein dag i veka, til dømes i starten av veka, søndag kveld eller måndag, og tenk litt igjennom middagsmenyen for den komande veka. Ein kan òg tenkja litt igjennom kva pålegg ein vil ha, kor mykje ein treng og så vidare.

På denne måten kan ein unngå mange impulskjøp, som ofte kan bli meir usunne enn planlagde kjøp. Ein vil òg ved å planleggja kasta mykje mindre mat, noko som er bra for både miljø og lommebok.

Det kan òg på denne måten vera lettare og variera og prøva ut nye rettar. Sidan ein når ein går svolten på butikken rett etter jobb eller skule, ofte kan bli litt tom for idear og endar opp med dei same rettane. Dersom ein derimot tek seg litt tid og tenkjer igjennom dette, kan ein til dømes kvar veka finna ei ny oppskrift ein vil prøva ut.

Kos dykk med matinnkjøp og matlaging, og skriv gjerne både handlelista og middagsplan. Det vert kasta altfor mykje mat.

No er det berre 17 dagar att til jul :)

Leave a Reply