8. DESEMBER

Posted on Dec 08 in: Christmas calender - No Comments »

GJER EIT GODT VAL!

I september neste år er det igjen val. Så fyrst av alt vil eg oppfordra alle til å bruka stemmeretten sin. Deretter vil eg oppfordra alle til å gjere eit fornuftig val. I fornuftig legg eg det at ein iallfall klarar å sjå litt lenger ein sin eigen skotupp. Kva er viktigast? Skattelette og låge alkohol- og drivstoffavgifter? Eller satsing på eit mest mogleg rettferdig og bærekraftig samfunn? Vil mindre offtentlege inngrep og privatisering vera ei god løysing for fleirtalet? Eller vil det auka dei sosiale skilnadane og føra til eit meir urettferdig samfunn? Kva er best for samfunnet totalt? Kva er best med tanke på miljøet og heile verdas befolkning?

Under har eg henta utdrag frå nokre parti sine internettsider:

“Fremskrittspartiets hovedmÃ¥l er sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep”.

Høyre vil ha større spillerom for hvert menneske til Ã¥ bestemme sin egen tilværelse og fremtid”.

Det røde og det grønne er bærebjelken i SV  (Sosialistisk Venstreparti) sin politikk. Det røde betyr at vi vil ha et samfunn uten store forskjeller mellom folk. Det grønne betyr at vi arbeider for et økologisk bærekraftig samfunn”.

Arbeiderpartiets politikk handler om Ã¥ skape og Ã¥ dele”. “Vi ønsker et rettferdig samfunn, med god fordeling og smÃ¥ forskjeller”. “Derfor vil vi ha en omfordeling gjennom et skattesystem der de som har mye, betaler mest”. “Vi vil satse pÃ¥ fellesskap, fremfor skattelettelser til de som har mest fra før”.

 

 

Så vil eg igjen anbefala Asbjørns klimakalender, den er både veldig morosam og fornuftig. Espen Eckbos figur Asbjørn er ein herleg fyr med gode klimatips. Sjekk den ut!

No er det berre 16 dagar att til jul :)

Leave a Reply