9. DESEMBER

Posted on Dec 09 in: Christmas calender - No Comments »

SKAFF DEG EIN UNGE!

  • Eit av sju born i u-land har ikkje tilgang til helsetenester.
  • Eit av seks born i u-land manglar mat.
  • Eit av fire born i u-land har ikkje tilgang til reint vatn.
  • Eit av tre born i u-land har ikkje toalett eller sanitæranlegg heima.
  • Kvar dag døyr 16000 born av matmangel.
  • Kvar dag døyr 1000 born av aids.

Synast du dette er forderdeleg? Sjølvsagt. Vil du gjere noko med det? Det synast eg du skal. 8 kroner per dag vil det kosta deg. 8 kr!!!! Altså omtrent det same som ein tyggispakke. Tenkjer du ofte at du ikkje har råd til å kjøpa ein tyggispakke?

Sjølv om du er student, så har du 8 kroner å avsjå for at eit born skal få eit betre liv. Dersom du er ute i full jobb, så har du nok til og med 16 kroner å avsjå, noko som vil seie at du kan skaffa deg to fadderborn.

I følgje UNICEF sÃ¥ døydde det for 40 Ã¥r sidan 20,4 millionar born under fem Ã¥r – medan talet i dag er redusert til under 10 millionar. Dette viser at det gÃ¥r framover, men at situasjonen framleis er veldig trist. Difor vil eg i dag oppfordra dykk pÃ¥ det sterkaste, ja nærast beordra dykk, til Ã¥ skaffa dykk eit fadderborn. Dersom alle me som har rÃ¥d til det hadde skaffa oss iallfall eit fadderborn kvar, sÃ¥ ville dette gitt store utslag, sÃ¥ skaff dykk ein unge i dag!!

Under her er nokre av organisasjonane der ein kan bli fadder eller hjertevenn for eit born:

Plan , Røde Kors , Strømmestiftelsen , SOS-barnebyer , Røde Kors

 

Sjølv er eg Plan-fadder. Eg hugsar ikkje heilt kva tid fadderskapet starta, men det var anten hausten 2004 eller på nyåret 2005. Fyrst var eg fadder for Maciel frå Paraguay, medan eg no er fadder for tre år gamle Jhoel ifrå Bolivia.

Eg er svært nøgd med mitt fadderskap i Plan, og vil absolutt anbefala denne organisasjonen. Her får ein bilete av fadderbornet og informasjon om familien og landsbyen og liknande. Ein mottek informasjonsavisa Planposten. Mange mottek òg brev frå fadderbornet eller familiemedlemmar. Det er svært lett å senda brev eller gåver til fadderbornet, og det er i tillegg moleg å reisa og besøka bornet. Ein får òg informasjon om arbeidet som vert gjort i nærmiljøet der fadderbornet bur. Ein får altså informasjon om kva pengane ein gir faktisk går til. Og pengane vert automatisk trekt frå kontoen kvar månad, så ein tenkjer aldri over dei pengane. Dersom du vil lesa meir om Plan, gå inn her.

No er det berre 15 dagar att til jul :)

Leave a Reply