10. DESEMBER

Posted on Dec 10 in: Christmas calender - 3 Comments »

FYSISK AKTIVITET!

Det er veldig mange gode grunnar til å vera i fysisk aktivitet. Gå til jobb, gå til butikken, gå ein tur i skogen, gå i fjellet, ta på skia og gå ein tur no til helga, gå trappene i staden for å bruka heisen, ta ein sykkeltur, ta ein tur i skibakken, gå på skøyter, meld deg inn i eit treningssenter, ta ein joggetur, eller begynn med ein ny idrett, kanskje er klatring noko for deg, eller dans, eller kanskje likar du ballspel?

Mange gode grunnar til å vera fysisk aktiv:

  • Betre søvn
  • Betre humør
  • Betre evne til Ã¥ tÃ¥la stress
  • Meir overskot
  • Sterkare hjarta
  • Sterkare immunforsvar
  • Betre mage- og tarmfunksjon
  • Betre konsentrasjonsevne
  • Redusert risiko for mange kreftsjukdommar
  • Betre grunnlag for Ã¥ halda vekta stabil
  • Sterkare musklar
  • Større lungekapasitet
  • Betre fysisk uthald
  • Mindre risiko for diabetes type 2
  • Gunstig effekt pÃ¥ kolesterolet
  • Auka sjølvtillit
  • Fastare former
  • Sterkare beinbygnad, brusk, sener og leddband
  • Betre rørsleevne
  • Betre balanse og koordinasjon
  • Betre sjølvkjensle
  • Betre mettheitskjensle
  • Betre psykisk uthald
  • Mindre risiko for høgt blodtrykk
  • Betre regulering av blodsukker
  • Tydlegare svoltkjensle
  • Mindre risiko for belastning- og slitasjeskadar
  • Mindre risiko for hjarte- og karsjukdommar

nisse7

Ein fysisk aktiv befolkning vil i stor grad vera ein frisk og glad befolkning. Og det er brei einighet om at fysisk aktivitet er samfunnsøkonomisk lønsamt. Pengane spart på grunn av ein friskare og gladare befolkning kan så brukast på andre gode tiltak.

No er det berre 14 dagar att til jul :)

3 Responses to “10. DESEMBER”

  1. Mette Says:

    Her stod det ikkje mykje…

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    Eg skjønna ikkje ke du meina ;)

  3. pop Says:

    Det er jo nesten som et irtenif8rblad, bare i musematteform. Pe5 en lekker og elegant me5te. Du burde bestilt flere slike musematter og solgt til fanklubben din;) Jeg ville ha kjf8pt. Elsker den logoen din nemlig! STILIG. I dag har jeg ve6rt pe5 jobb i 12 timer sammenhengende, og morgendagen ser likedan ut. Det er utrolig kjedelig, man mister nesten litt motet..og bloggingen faller iallefall helt i do. Vi fe5r he5pe pe5 bedre tider etterhvert. Ha en fin fin ….natt eller tror heller jeg me5 si dag i morgen;) Klem

Leave a Reply