11. DESEMBER

Posted on Dec 11 in: Christmas calender - 6 Comments »

BRUK MATBOKS!

Ein europear produserar i gjennomsnitt 1 kilo søppel kvar dag, 7 kilo i veka. Til saman vert det 365 kilo søppel per person kvart år. Dersom alle i verda hadde forbrukt like mykje som oss her i Europa, ville me hatt behov for tre jordklodar for å overleva.

Halvparten av alt som kastast i Europa er avfall frå innpakning og emballasje. Eg vil difor i dag slå eit slag for matboksen. Mykje avfall vert spart ved bruk av matboks i staden for plastposar, matpapir, aluminiumsfolie, plastboksar til salat og så vidare.

Eg må i denne samanheng nemna min eminente matboks, Laptop Lunches. Dette er ein koseleg boks som inneheld fleire små boksar i fine fargar. De kan sjå nokre dømer på korleis ein lunsj i denne flotte matboksen min kan sjå ut:

PB180058

Denne dagen hadde eg med meg eit par (litt vel godt steikte) Amaranthburgarar, gulrøter, valnøtter og rosiner, og tomatbønner tilsett lauk, raud paprika og krydder.

PC080026

Denne dagen hadde eg med meg nokre knekkebrød (Fiberrik tranebær) med Philadelphia naturell, gulrøter, cherrytomater og ein salat beståande av makaroni, oliven, erter, bønner, raudlauk, soltørka tomater og krydder.

Utanom å bruka matboks så er det å anbefala og ikkje kjøpa flaskevatn, men heller fylla på ei flaske, skriva ut på begge sider av papiret, og bruka minst mogleg eingongsting. Gjenbruk er bra! Og matboks er heilt topp!

nisse

I dag har me hatt juleavslutning pÃ¥ skulen – det var kjempe koseleg! Resultatet av dagen kan de sjÃ¥ under her. Julebrød, lefser, lussekattar, havreflarn, kakemenn og smultringar. Me lagde òg karamellar, laktoseredusert risgraut og kÃ¥lrotstappa. Ein god dag!

PC110030

No er det berre 13 dagar att til jul :)

6 Responses to “11. DESEMBER”

  1. mamma Says:

    Hei,Ja her var det mye god mat.Mat boksen din er kjempe fin,kanskje jeg skal kjøpe meg en.Julebaksten er i boks skjønner jeg,så nå kan vi feire jul i Oslo før vi reiser til sol og varme.Klem fra mamma

  2. pappa Says:

    hei pao deg hotellsjef, ja her er mykje god mat. Kanskje eg faor smaka litt, i dag har eg jo ete dan rare lasagnen din (var no ikkje så verst)
    Snart jul no

  3. Hotellsjefen sjøl Says:

    Ja, du va heldig so fekk smaka min kjempe gode lasagne!! :)

  4. Hotellsjefen sjøl Says:

    Og ja, julebaksten e i boks mamma, so no får de jammen koma dikka hit snart!! :)

  5. Christianne Says:

    Hei på deg snuppa!! Hehe må berre sei at det e VELDIG informativt å lesa julekalendaren din, lære lika masse her so på forelesninga/lesesalen :) Men da e veldig kjekkt ivertfall! Haha e morsomt å les listene dine, minna meg litt om listene til han i Naiv Super ;) Trist att de ikkje skal tilbringa juli pao Hafslo, men trur nok de skal greia å gjera det beste ut av da i Venezuela og ;) Eg reise heim t Hafslo imåro, da blir utruleg godt!! Skal delevis jobba, men masse fri og so da blir herlich!! Ringe deg før de reise! Har du oppskrift på dei konfektane du laga ifjor?? Gokos

  6. Ann Kristin Says:

    Jøss, endeleg kom du deg inn her ein tur, Christianne, no stige du på rankinglista over gode vener ;)
    Ja, eg er glad i lister!! Og har nok arva da etter mamma. Lister er ein viktig del av livet mitt. Eg minna deg kanskje ikkje mindre om Naiv Super no.
    Dei konfektane tenkte eg faktisk på ein dag, og irriterte meg over at eg ikkje har oppskrift. Men liggje sikkert heima hjå mamma ein eller annan plass, så kanskje finn eg dei att ein dag.
    Tusen takk for besøket, og velkomen igjen!! :)

Leave a Reply