12. DESEMBER

Posted on Dec 12 in: Christmas calender - No Comments »

KJØP BRUKT!

All produksjon av varer gir utslepp av klimagassar. Å handla brukt er difor ein fin måte å redusera utsleppa våre på. Dersom ein til dømes kjøper to brukte klesplagg i månaden, i staden for to nye, vil ein spara rundt 500 kilo, altså eit halvt tonn, CO2 i løpet av eit år.

I tillegg til gode gamle Fretex, så dukkar det stadig opp fleire second hand-, vintage- og redesignbutikkar. Redesignbutikkar sel klede som har blitt pynta på eller sydd om, slik at plagget kan få eit lengre liv. Ei oversikt over nokre slike butikkar finn de her.

Det aller meste kan kjøpast brukt. Klede. Sportsutstyr. Møblar. Elektroniske ting. Her finn de ei oversikt over loppemarked, bruktmarknadar på nettet og så vidare. For fleire oversikter over bruktbutikkar, klikk inn her, eller her.

UFF-butikkkane her i Oslo er ellers butikkar eg vil anbefala. UFF står for U-landshjelp frå Folk til Folk. Dei har tre butikkar i Oslo, ein familiebutikk, ein ungdomsbutikk og ein liten vintagebutikk. Les meir om UFF her.

I tillegg til å handla brukt, vil eg oppfordra til å levera inn ting de ikkje treng i staden for å kasta dei. Slik er me med på å redusera søppelmengda, og andre kan få glede av tinga me ellers ville ha kasta.

nisse8

No er det berre 12 dagar att til jul :)

Leave a Reply