13. DESEMBER

Posted on Dec 13 in: Christmas calender - No Comments »

VER MERKEBEVISST!

svanen_220 debio_220


energimerking_220 fairtrade_2202

Noko av det enklaste me kan gjera for å leva litt meir miljøvenleg,  er å bruka augene våre når me er i butikken, og sjå etter merka ovanfor.

Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Dersom ein vel eit produkt med dette merket så veit ein at produktet har vore igjennom ei grundig og objektiv vurdering, og ein bidreg til eit meir berekraftig forbruk.

Debio sitt Ø-merke er det norske godkjenningsmerket for økologiske produkt. Dersom ein kjøper ei vare med Ø-merket er den garantert produsert på ein naturleg, dyrevenleg og berekaftig måte.

Kvitevarer vert energimerka for å visa kor mykje elektrisitet kvart enkelt produkt brukar. Slik kan ein samanlikna energibruken til ulike produkt og velja det mest energieffektive produktet. Noko som vil vera både miljøvenleg og billegare, med tanke på straumrekninga.

Fairtrade er ei merkeordning som kontrollerar at produkta er berekraftig produsert, at arbeidsrettar vert respektert, og at betalinga dekkar reelle produksjons- og levekostnader. Når ein kjøper Fairtrade-merka varer bidreg ein til at bønder og plantasjearbeidarar i nokre av verdas fattigaste land får rettferdig betalt for det dei produserar.

For å lesa meir om dette gå inn her, her og/eller her.

nisse10

Eit siste lille tips for i dag: Dersom du ikkje har sett filmen “Hotel Rwanda”, sjÃ¥ den! Det har eg gjort i kveld.

No er det berre 11 dagar att til jul :)

Leave a Reply