14. DESEMBER

Posted on Dec 14 in: Christmas calender - No Comments »

SKRU AV VATNET!

På verdsbasis er vatn ein knapp ressurs, og reint drikkevatn er ein svært verdifull ressurs, som mange ikkje har tilgang til i det heile teke, og mange må kjøpa vatn på flasker i butikken. Det høyres kanskje veldig unødvendig ut å spara på vatnet i eit land som Noreg. Men det er det absolutt ikkje.

Her i Noreg er me svært heldige – me har rikeleg med vatn, og me har reint drikkevatn tilgjengeleg ifrÃ¥ springen. Alt vatnet som kjem ut av springane vÃ¥re er imidlertid rensa til drikkevatnkvalitet, og den prosessen krev mykje arbeid og energi. I tillegg sÃ¥ gÃ¥r vatnet som skyllast ned i avløpet igjennom omfattande og kostbar rensing, før det førast tilbake til naturen. Aller viktigast er det Ã¥ redusera forbruket av varmt vatn, sidan ein dÃ¥ sparar straum i tillegg. Reduserar me vatnforbruket vÃ¥rt, bÃ¥de av varmt og kaldt, sÃ¥ gjer me ein viktig miljøinnsats. GÃ¥ inn her for Ã¥ lesa om miljøkonsekvensar av vatnforbruk. For mange gode tips til vatnsparing, gÃ¥ inn her.

nisse11

Noko av det enklaste ein kan gjera for å spara på vatnet er å iallfall skru av vatnet når ein pussar tenner. Av ein eller annan grunn så lar veldig mange vatnet renna medan dei pussar tenner. Dersom du er ein av dei; frå og med i kveld så sluttar du med det! Når ein pussar tenner med vatnet rennande så sløsar ein  nemleg heilt nytteslaust vekk ca. 9 liter vatn kvart minutt, det vert mykje per person per år det.

Eit anna tips er sjølvsagt å prøva å ta kortare dusjar og kanskje dusja litt sjeldnare, begge deler må eg bli flinkare på. I tillegg så kan ein spara mange liter vatn på å skru av dusjen medan ein vaskar seg og tek i sjampo og balsam, dette er eg ikkje så verst på.

Ikkje gløym å skru av kranen under tannpussen i kveld, folkens!

No er det berre 10 dagar att til jul :)

Leave a Reply