15. DESEMBER

Posted on Dec 15 in: Christmas calender - No Comments »

TA MED POSE!

Mange av oss er innom butikken omtrent kvar einaste dag, det er alltid noko lite ein manglar. Dersom ein kvar einaste gong ein er innom butikken seier ja takk til plastpose, så vert det fort mange av desse tjukke plastposane med fargerik reklame i skapet. Me kastar i Noreg ein milliard posar kvart år, desse tek det 100 år å bryta ned i naturen. Bruk handlenett i tøy eller liknande seier eg. Men eg treng jo desse plastposane til søppelet tenkjer du. Gjer du eigentleg det?

Kina har no forbod mot plastposar, medan Australia diskuterer eit forbod. Så sjølvsagt så er det mogleg for oss òg. Og Erik Solheim har sagt at han ønskjer å forby plastposar i Noreg, men noko vedtak på det har ikkje kome, og kjem nok heller ikkje med det aller fyrste. Likevel, det finnast alternativ. Og me treng ikkje desse tjukke reklameposane til søppelet vårt.

For det fyrste så skal det teoretisk sett, når ein er flink og kjeldesorterer vekk både matrestar, papir, plast, hermetikk og glas, ikkje bli veldig mykje restavfall att, og ein treng difor ikkje så mange søppelposar i veka. For det andre så kan ein kjøpa ein rull med avfallsposar på butikken. Ca. 15 kr for 20 stk. Desse er tynnare enn dei ein kjøper(!) på butikken, og dei er ikkje dekorerte med fargerik reklame, noko som er bra for miljøet, og dei eg har er iallfall produsert med 30 % resirkulert plast. Dersom du er litt forvirra når det gjeld denne plastposedebatten, gå inn her.

I tillegg til at matvarekjedene no sel eigne handlenett i tøy eller andre materiale, så er òg det mange fine handlenett å få kjøpt rundt om kring, nokre er til og med både økologisk og rettferdig produsert. Blant anna Hippo har eit godt utval av handlenett. Dei sel til og med handlenett til frukt og grønsaker, som eg absolutt må vurdera å skaffa meg. Friends Fair Trade har òg eit godt utval. For å lesa meir om gode alternativ til plastposen, sjå her.

I tillegg til at det er meir miljøvenleg med eit godt handlenett, så er fordelene til dømes at dei er mykje meir solide, ein kan fylla dei så tungt ein vil utan fare for at dei skal ryka, dei tek seg betre ut, og dei kan vera mykje meir behagelege å bera.

nisse12

No er det berre ni dagar att til jul :)

Leave a Reply