16. DESEMBER

Posted on Dec 16 in: Christmas calender - No Comments »

KJELDESORTERING!

Kjeldesortering vil seia å sortera avfall i ulike typar, slik at det kan gjenvinnast til råstoff for nye produkt på ein best mogleg måte for miljøet.

Korleis det er lagt til rette for kjeldesortering varierar  rundt om i Noregs land. Heima på Hafslo har dei ein bossdunk til matavfall, ein til papir og ein til restavfall, i tillegg samlar dei all plast i ein stor plastpose som òg vert henta ilag med resten av bosset. Så er det sjølvsagt containarar til glas, metall og klede borte i sentrum. Her i Oslo derimot, iallfall her i sentrum, så står det ikkje fullt så bra til. Her har me ein dunk til papir, medan både matavfall og plast går rett i restavfallet. Eg hadde eit prosjekt i fjor haust der eg skylte og tok vare på all plasten og hadde planar om å senda det med pappa heim i helgene, av ulike grunnar så fungerte dette dårleg, så eg har no noko motvillig innfinne meg med at plasten ikkje vert sortert her i byen. Heldigvis så les eg at dette skal endrast i løpet av nokre år. Hausten 2009 så skal det starta eit pilotprosjekt for kjeldesortering av matavfall og plastemballasje i Oslo. Og fram mot 2012 så er planen å gradvis innføra kjeldesortering av plastemballasje og matavfall i heile byen. Det er jammen på tide!! Noko som er bra her i Oslo, er det at 90 % av befolkningen no berre har 300 meter å gå til returpunkt for glas- og metallemballasje, og eg er ein av dei.

Så kvifor skal me kjeldesortera? Det er viktig å skilja avfall som kan brukast ifrå avfall som ikkje kan brukast. Mykje av det me kastar, til dømes klede, kan vera ein nyttig ressurs for andre. Mykje anna, som aviser, mjølkekartongar, plast, glas og hermetikkboksar kan bli til nye produkt. Det er mykje mindre ressurskrevjande å laga eit nytt produkt av resirkulerte materialar, enn å laga produktet av nye råstoff. Ein anna enda viktigare grunn til å kjeldesortera er at ein slik kan få tak i farleg avfall som kan vera til skade for miljøet. Ein veit nemleg aldri kva tid mengda av miljøgifter når eit kritisk nivå. Det er difor svært viktig å levera inn farleg avfall. Her kan du sjå ei oversikt over kva som er farleg avfall.

For ei alfabetisk oversikt over korleis ein sorterer ulike produkt, gå inn her. Ellers så er kildesorteringsguiden ei veldig nyttig side. Der kan ein finna ut av kva avfallsordningar som finnast i heimkommunen, og ein kan søka på kvar ein skal gjera av ulike produkt/avfallstypar.

nisse13

No er det berre åtte dagar att til jul :)


Leave a Reply