18. DESEMBER

BEREKRAFTIG KOSTHALD (DEL 1)!

Eit berekraftig kosthald vil seie eit kosthald der både fordelings, miljø-, helse- og ernæringshensyn leggjast til grunn for samansetnaden av kosten. Eit berekraftig kosthald skal altså, i den grad det er mogleg, utformast med omsyn til ei meir rettferig ressursfordeling, og forbruket skal skje innanfor naturens eigne tålegrenser. I tillegg skal kosthaldet vera i tråd med ernærings- og helsemessige krav.

Kriteriane for eit berekraftig kosthald er:

  • at ein vel økologisk produsert mat
  • at ein vel lokalt (regionalt) produserte varer
  • at ein har variasjon i kosten
  • at ein et lÃ¥gt i næringskjeda
  • at ein utnyttar sesongmessige fordeler
  • at ein brukar minst mogleg ferdigvarer (heil- og halvfabrikata)
  • at ein vel etisk/rettferdig produserte varer

I stor grad så styrkar desse kriteriane kvarandre innbyrdes, dei er òg i stor grad i tråd med  anbefalingar for ein sunt kosthald. I nokre tilfeller kan imidlertid kriteriane vera litt motstridande. Det å eta lokal mat er jo til dømes positivt med omsyn til miljøet, men kan ha negative konsekvensar for eksport av produkt i den tredje verda. Samstundes så kan det å eta lokal mat begrensa variasjonen i kosten. Og kva bør ein eigentleg velja med tanke på miljøet, ein kortreist brokkoli frå Noreg eler ein økologisk brokkoli ifrå Argentina? Generelt gjeld det å prøva og finna ein balanse mellom dei ulike omsyna. Om ein ikkje alltid tek det perfekte valet, så gjeld det her å ha desse kriteriane i bakhovudet når ein handlar, så vil det etter kvart gå meir av seg sjølv.

Økologiske varer

Viktige målsetjingar for økologisk produksjon er:

  • Ã¥ produsera matvarer med høg kvalitet, i tilstrekkjelege mengder og rettferdig fordelt.
  • Ã¥ forvalta naturressursane slik at skadelege verknader pÃ¥ miljøet unngÃ¥s.
  • Ã¥ sikra genetisk mangfald, artsrikdom og resirkulering av næringsstoff.
  • Ã¥ skapa eit miljø som tek hensyn til husdyras naturlege Ã¥tferd og behov.

Ja, økologiske varer er som oftast litt dyrare enn konvensjonelt produserte varer, men tenkjer ein på miljøet og dyra så vert valet likevel ikkje så vanskeleg. Eller? Eg kjøper heller ikkje alltid det økologiske alternativet, for nokre gonger er prisforskjellen rett og slett altfor stor. I mange tilfeller er det imidlertid liten eller ingen prisforskjell. Så kjøp iallfall desse varene, folkens. Mjølk er eit godt døme på liten prisforskjell. Så uansett om mjølk er den einaste vara du kjøper økologisk, så kjøp iallfall den, det er viktig. For miljøet, for dyra, for bøndene som produserar økologisk og for oss forbrukarar som ynskjer betre tilgang til økologiske varer.

Det går iallfall rette vegen. Det dukkar stadig opp nye økologiske varer. Dersom du no er inspirert og vil ha ein økologisk julemiddag, det er mogleg, sjå her. Ellers så er Helios ein super butikk der alt er økologisk.

Lokale varer

Dette kriteriet vil fyrst og fremst bidra positivt til miljøet ved at det reduserar behovet for transport av matvarer. Me treng imidlertid  ikkje berre eta mat produsert i nærmiljøet. Poenget er at me iallfall bør vera litt bevisste på at mykje mat vert frakta med fly frå veldig langt unna. Så dersom me har gode alternativ som er produsert nærmare så bør me kanskje kjøpa dei. Me har jo mykje god frukt, gode bær og gode grønsaker her i landet. Jordbæra våre er best. Epla våre òg. Så me bør nytta oss av våre gode norske råvarer, og tenkja over kor lang flytur ulike varer har hatt når me går rundt i butikken. Å eta lokalt er eit svært godt tips når ein er på ferie òg. Støtt heller lokale produsentar i staden for store multinasjonale selskap.

Variasjon i kosten

Variasjon i forbruket vil bidra til meir variert produksjon, som igjen vil styrka det biologiske mangfaldet. Spesielt dersom variasjonen er basert på lokalt produserte varer. Variasjon kombinert med lokale varer kan nemleg bidra til meir vekt på småskalaproduksjon, noko som kan verka omfordelande i forholdet mellom lokalsamfunnet og verdsmarknaden.

Det held for i dag. Del 2 om berekraftig kosthald fylgjer i morgon.

nisse

I dag vart denne kassen levert på døra mi:

PC180005

Den vart levert av Kolonihagen. Dei leverar altså kassar med mat på døra, kva type kasse du vil ha og kor ofte du vil ha levering vel du sjølv. Eg har valt singelkassen. Det vil seie at eg kvar gong får eit utval av både grønsaker og frukt, i tillegg til egg, brød og ei overasking eller to. Det aller meste er økologisk eller biodynamisk, dei vel alltid norske produkt dersom det er mogleg, og dei støttar òg rettferdig handel dersom det let seg gjera. Har du lyst på økologisk mat levert på døra, sjekk her om det er mogleg der du bur.

PC180007

I kassen min i dag fekk eg rettferdige bananer, klementiner, epler, poteter, gulrøter, kålrot, raudkål, purre, agurk, raud paprika, cherrytomater, salat, egg, grovt speltbrød, rettferdig grøn te og peparkaker.

No er det berre seks dagar att til jul :)

2 Responses to “18. DESEMBER”

  1. Mette Says:

    No kan du kosa deg;-)
    Pleier du å få sånn kasse? Eller e det første gongen?

  2. Ting Says:

    Ellen: Nej, jeg er sikker pe5, at de vinedr kf8kkenhave-kampen. Nok godt det samme, at jeg ikke har se5dan e9n i England… ;-) d8h nok ikke, jeg kan ne6sten ge6tte det… ;-)

Leave a Reply