19. DESEMBER

BEREKRAFTIG KOSTHALD (DEL 2)!

Kriteriar for eit berekraftig kosthald er:

  • at ein vel økologisk produsert mat
  • at ein vel lokalt (regionalt) produserte varer
  • at ein har variasjon i kosten
  • at ein et lÃ¥gt i næringskjeda
  • at ein utnyttar sesongmessige fordeler
  • at ein brukar minst mogleg ferdigvarer (heil- og halvfabrikata)
  • at ein vel etisk/rettferdig produserte varer

Medan eg i går kort tok føre meg dei tre fyrste kriteriane, skal eg i dag seia noko om dei fire siste.

Eta lågt i næringskjeda

Det vil i hovudsak seia å leggja om forbruket ifrå animalsk til vegetabilsk føde. Akkurat det å redusera kjøtforbruket er ein av de viktigaste kosthaldsendringane ein kan gjera i høve til miljøet. Leiaren i FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, oppfordrar alle til å eta mindre kjøt dersom ein vil gjera ein innsats i kampen mot klimaendringane. Han anbefalar alle til å kutta ut kjøt ein dag i veka, for så  og gradvis redusera forbruket ytterlegare. Ikkje berre er eit meir vegetabilsk kosthald viktig for miljøet, det er òg viktig i høve til ei meir rettferdig fordeling av matvareressursane globalt sett. I tillegg kan eit kosthald med mindre kjøt og meir belgfrukter, korn, grønsaker og frukt ha positive ernærings- og helsemessige effektar.

Utnytta sesongmessige fordeler

Å leggja opp kosthaldet etter kva som finnast lokalt i sesong er ressursmessig gunstig fordi det vil redusera behovet for transport, bearbeiding og lagring. Bruk av matvarer i sesong er òg ein god måte å styrka utnytting av lokale ressursar på, òg utmarksressursar, og kan difor bidra til å styrka lokal produksjon av mat. For vår eigen del vil fordelar blant anna vera at seongvarer er billege og ferske.

Bruka minst mogleg ferdigvarer (heil- og halvfabrikata)

Det er ein fordel med ferdigvarer; det gÃ¥r som oftast fort. Det er mange fordeler ved Ã¥ laga maten sjølv; det er mindre ressurskrevjande og difor meir miljøvenleg, ein slepp unna tilsetjingsstoff, maten er ferskare, maten er sunnare, og ikkje minst – det smakar betre. I tillegg sÃ¥ treng det ikkje ta veldig lang tid eller vera veldig vanskeleg, det er kanskje lett for meg Ã¥ seia, som likar Ã¥ laga mat. Men iallfall, kjøp i det minste ikkje kvit saus posepulver, ver sÃ¥ snill! Prøv Ã¥ lag litt meir mat utan ferdigvarer, kanskje er det artigare enn du trur. Og du har iallfall full kontroll pÃ¥ bÃ¥de sukker- og saltinnhald. I tillegg sÃ¥ slepp du som sagt unna alle ekle tilsetjingsstoff, og dei er det mange av.

Velja rettferdig produserte varer

Rettferdige varer vil altså seie at produsentar/bønder får ein rettferdig pris for produktet, og dei er sikra ei minsteløn uansett om det er svingande råvareprisar.  I tillegg til dette jobbar fairtrade-organisasjonar for: å motvirka barnearbeid, rett til arbeidskontrakt, rett til fagorganisering, akseptabel arbeidstid, rett til ein fridag per veka, ingen diskriminering, ingen fysisk eller psykisk utnytting og produsenten må tillata ekstern kontroll, sjølvrapportering og overhalda krav frå lokale myndigheter. Rettferdige varer er òg ofte økologiske. Så ja, ved å kjøpa rettferdige varer bidrar me til ei meir rettferdig verd. Det har den siste tida vore litt negativ fokus på rettferdige varer, og mange vert skeptiske og let vera å kjøpa desse varene. Til dette vil eg berre seia at ingen system er feilfrie, og skandalar sel generelt betre i media enn suksesshistoriar, så dette forklarar vel kvifor fokus vert på ein av dei få plassane det ikkje fungerer så bra som det skal, i staden for mange av dei plantasjane der bøndene faktisk har fåt auka levestandard på grunn av fairtrade. Les òg kva dagleg leiar for butikken Friends Fair Trade skriv om kritikken, sjå her.

nisse

PÃ¥ onsdag hadde me praktisk munnleg eksamen, og eg, Kjersti og Line sto med glans med vÃ¥re to vegetarrettar – grønsaksgrateng og chili sin carne.

PC170004 PC170010

No er det berre fem dagar att til jul :)

Leave a Reply