20. DESEMBER

Posted on Dec 20 in: Christmas calender - No Comments »

KLIMABILLETT!

Medan det er rike land som står for mesteparten av klimautsleppa, er det folk i fattige land som klimaendringane går hardast utover. Me veit jo no at me bør fly mindre, sidan fly er svært lite klimavenleg. Det er likevel ikkje så lett å slutta å fly når ein elskar å reise. Det er rett og slett umogleg.

Om fem dagar, 25.desember, set eg og familien oss på flyet til Isla de Margarita, Venezuela. Dette er ei lang flyreisa, og me skal berre vera der i fjorten dagar, så dette gir meg sjølvsagt svært dårleg miljøsamvit, difor har eg i dag kjøpt meg ein klimabillett. 714 kr tur/retur kosta den. Ved å kjøpa klimabillett så veg ein opp for den negative innverknaden flyreisa har på miljøet, og inntekten for billetten vert brukt på ulike klimaprosjekt i utviklingsland. Det aller beste er sjølvsagt å droppa flyturen, men når det ikkje skjer, så bør me i allfall kjøpa ein klimabillett!

I tillegg til å kjøpa klimabillett, er min personlege flypolitikk at eg ikkje flyr innanlands og eg prøver å vera vekke ei stund når eg fyrst flyr av garde, ikkje alltid like lett å gjennomføra, men eg prøver iallfall.

Dersom de vil kjøpa ein klimabillett neste gong de skal ut og fly, gå inn her. Veldig enkelt og greit. På denne sida, mitt klima, er det òg mogleg å kompensera for bilkøyring, husstandens energiforbruk, forbruk av kjøt og mjølk, og utslepp av CO2.

 

nisse

 

Ellers så vil eg oppfordra alle til å køyra mest mogleg kollektivt, og bruka bilen minst mogleg. Gå eller sykla på korte turar, ein sekk til å bera matvarer i er lurt dersom ein skal gå eller sykla til butikken. Å gå og sykla meir er både miljøvenleg og godt for kropp og sjel.

For tips til ein miljøbevisst ferie, sjå her. Og gløym ikkje klimabilletten på neste flytur!

No er det berre fire dagar att til jul :)

Leave a Reply