21. DESEMBER

Posted on Dec 21 in: Christmas calender - No Comments »

GATEMAGASIN!

Eit gatemagasin er eit magasin, eller ei avis, som seljast av heimlause, narkomane, og andre menneske “pÃ¥ gata”. FøremÃ¥let med gatemagasina er Ã¥ gi seljarane ein moglegheit til Ã¥ tena pengar utan Ã¥ mÃ¥tte ty til tigging eller kriminalitet. Ikkje minst sÃ¥ er føremÃ¥let Ã¥ gi seljarane verdigheit, og Ã¥ gi oss lesarar kunnskap om situasjonen og saker som pÃ¥verkar livet pÃ¥ gata. Som redaktøren i =Oslo skriv i prologen i Ã¥rets julebok: “det som er enda viktigere for selgeren enn selve salget, er møtet med deg som kunde og leser. Det er i dette møtet pÃ¥ gaten eller gjennom tekst at magasinselgere over hele byen opplever respekt og forstÃ¥else. Fra en by som fortsatt bryr seg”. Kronprinsen seier i intervju i den same juleboka: “øker du andres verdighet, øker du ogsÃ¥ din egen”.

Verdas fyrste gatemagasin, Street News, vart utgitt i New York i 1989. The Big Issue, som kom ut fyrste gong i London i 1991, er i dag det mest kjende. Det har spreidd seg til fleire delar av England, og Australia, Sør-Afrika, Namibia og Japan har i dag sin eigen versjon av bladet med same namn.

I Noreg vart det fyrste nummeret av =Oslo utgitt i 2005, og seinare har det kome fleire slike magasin rundt om i landet. I tillegg til =Oslo i Oslo, vert Megafon utgitt og selt i Bergen, i Trondheim har dei Sorgenfri, i Tromsø har dei Virkelig, i Kristiansand har dei Klar, og i Asker og Bærum har dei Grip Dagen. Seljarane kjøper magasina til ein sum, ofte 25 kr, og sel dei så vidare for det dobbelte (50 kr) og beheld overskotet.

Akkurat no er =Oslo si julebok 2008 i sal til 100 kr. Den inneheld mykje god lesing, og kan vera ei fin julegåva til deg sjølv eller andre, dersom du er i Oslo ein tur.

nisse15

Global Dignity er eit prosjekt som vart starta av blant anna vår kjære kronprins i 2006.

Hovudprinsippa for Global Dignity er:

1. Alle menneske har rett til å leva eit verdig liv

2. Eit verdig liv er å kunna bruka sine ressursar som menneske. Ein føresetnad for dette er å ha tilgang til eit tilfredsstillande nivå av helsetenester, utdanning, inntekt og sikkerhet.

3. Verdighet inneberer Ã¥ ha fridom til Ã¥ ta avgjerder og treffa val som berører eige liv – og at denne retten vert møtt med respekt.

4. Verdighet bør vera det underliggjande styrande prinsipp for alle handlingar.

5. Vår eigen verdighet heng nøye saman med andres verdighet.

Kloke ord å ta med seg!

No er det berre tre dagar att til jul :)

Leave a Reply