22. DESEMBER

Posted on Dec 22 in: Christmas calender - 2 Comments »

SPAR PÃ… ENERGIEN!

Med det meiner eg sjølvsagt ikkje din psykiske og fysiske energi, den er det ingen grunn til å spara på. Den er til for å brukast. Den kan jo til dømes brukast på å gi eit kompliment til nokon, det var dagens tips frå grønn hverdag sin julekalendar. Eit godt tips, som mange av oss kan bli flinkare på. Det er rart at det ofte er så veldig mykje enklare å kritisera enn å gi eit kompliment. Kven likar ikkje å få eit kompliment? Så lat oss gjera mot andre slik me vil dei skal gjera mot oss.

Så over til energiforbruket som skadar kloden vår. Her har dei fleste av oss mykje å henta.

Nokre endringar me kan gjera for å redusera forbruket:

-senka innetemperaturen med ein grad (eller meir dersom den i utgangspunktet er unormalt høg)

-slå av lys i rom som ikkje er i bruk

-byta til sparepærer

-slÃ¥ av stand-by-straum (det vil seie Ã¥ skru av tv, stereoanlegg og liknande heilt, ikkje berre med fjernkontrollen slik at det raude lyset lyser, dÃ¥ sug nemleg tv’en framleis til seg straum utan noko som helst nytteverdi for nokon)

-velja energieffektive kvitevarer

-redusera bruket av varmtvatn

-bruka minst mogleg tørketrommel

-fylla opp vaskemaskin og oppvaskmaskin før ein set dei på

nisse16

Eit anna tips til kva me kan bruka vår miljøvenlege energi til: å engasjera oss! Delta i fakkeltog, underskriftskampanjar, demonstrasjonar og så vidare. ikkje tenk at det ikkje nyttar, det nyttar iallfall ikkje å ikkje prøva.

Julekaker og te står no på programmet her i Oslo, kanskje litt kortspel òg.

No er det berre to dagar att til jul :)

2 Responses to “22. DESEMBER”

  1. Karine Says:

    du fortena ein kommentar, Ann Kristin!! eg e mektig imponert over alt du skrive! du mao gi ut bok, slik eg ha sagt før! Du ha talent innan samfunnsengasjerande innlegg. kanskje du kan få fast spalte i sogn avis??! e jo ein byrjing ikkje sANT!

    Ynksjer deg og familien ein knakande go julefeiring, og god tur t venezuela! So mao du snart koma pao besøk atte! ska tenka pao å dra meg t oslo snart og!

    gla i deg, ikkje finn pao nåke tull!!
    storeslem
    karine

  2. Ann Kristin Says:

    For ein utruleg koseleg kommentar, Karine, tusen takk! :)
    Eg e veldig glad i deg òg, og kjem nok snart på besøk att ja!!
    Men fyrst so må eg visst ein liten tur bort i Karibien ;)

Leave a Reply