23. DESEMBER

Posted on Dec 23 in: Christmas calender - No Comments »

MOBILRETUR!

No når eg skulle til å skriva om denne flotte ordninga, så ser eg at den for tida ikkje er heilt oppe og går. Plan skriv på sida si at det for tida vert gjort ein gjennomgang av ordninga, sjå her. Likevel så vel eg å skriva om den, og eg håpar at den vert gjenopptatt etter gjennomgangen. Dette er nemleg ei glimrande ordning som starta opp allereie i 2004. Kort fortalt så går den ut på at ein kan levera inn gamle mobiltelefonar til ulike mobilfohandlarar og ein del andre butikkar, på grunn av at ordninga for tida har pause så finn eg diverre ikkje oversikten over desse butikkane, og eg hugsar ikkje alle i hovudet. Eg får heller koma tilbake med meir praktisk informasjon ved ein seinare anledning. For kvar mobiltelefon som vert levert inn, så mottek Plan 50 kr. Pengane Plan har fått inn på mobilretur har gått til gjennoppbygning etter tsunamien på Sri Lanka og til skulebyggjing i Sør-Sudan.

Dette prosjektet støttar altså to gode tankar; det sparar miljøet for farleg avfall ifrå gamle mobiltelefonar og det støttar Plans arbeid for fattige born verda over. Dei telefonane som framleis er brukbare vert skilt ut og går til gjenbruk i land som har stort behov for brukte telefonar, dei øvrige går til godkjend destruksjon.

Ein del skular i Noreg har hatt som prosjekt å samla inn brukte mobiltelefonar til Plan. I tillegg til at Plan då har motteke 50 kr per telefon, så har skulane fått 10 kr per telefon til miljøtiltak. Dette høyres jo ut som eit veldig bra prosjekt, som kan vera både lærerikt og engasjerande for elevane.

Antakeleg så ligg det rundt 4-5 millionar mobiltelefonar i skuffer og skåp rundt om i landet. Dette kan stemma bra, eg fann nemleg fire berre i min skuff. Eg har jo som nokre veit arva veldig mange godt brukte telefonar opp igjennom.

Som sagt så vert ordninga no  gjennomgått, og Plan kjem tilbake med meir informasjon skriv dei på sida si. Det gjer eg òg. Så det er berre til å fylgja med. I mellomtida kan de jo leita fram gamle mobiltelefonar.

nisse17

No er det berre ein dag att til til jul :)

Leave a Reply