24. DESEMBER

Posted on Dec 24 in: Christmas calender - 2 Comments »

KOS DYKK!

Hohoho! No er det jul, folkens. Kos dykk! Jula er ikkje tida for å spara på kaloriar eller tenkja på alt det ein skulle eller burde ha gjort. Det er heller tida for å kosa seg skikkeleg. Eta mykje god mat. Tilbringa tid med dei ein er glad i. Slappa heilt av med ei bok eller ein film om det er det ein vil. Bruka alle fridagar på ski om ein ønskjer det. Så eg håpar de alle får ei veldig fin jul. Eg vil berre minna dykk på å setja pris på alt saman  -  på gåver, den gode maten, julemarsipanen, familien, vener, den gode stemninga og så vidare.

Ellers sÃ¥ vil eg gjerne sitera fantastisk festlege Asbjørn Brekke sine ord i hans siste luka i klimakalendaren: “Alle tipsene mÃ¥ brukes med fornuft og følelser. Ikke bli fanatisk og ikke gi blaffen. Husk at vi har ikke fÃ¥tt jorda fra vÃ¥re foreldre, vi lÃ¥ner den av vÃ¥re barn. Og vi som eventuelt ikke har barn, lÃ¥ner den av noen andres barn.” “Bruk hodet og hjertet!” er hans tips i dag, sÃ¥ det tipset heng eg meg pÃ¥.

Eg vil så takka alle som har fulgt julekalendaren min. Eg håpar den ikkje berre har gitt dykk dårleg samvit, men heller gjort dykk meir bevisste på nokre ting. Det er mange ting som ikkje krev mykje innsats frå oss, men som likevel er svært viktige. Så lat oss bruka hjarta og hovudet, og ikkje gløyma at kvar minste lille innsats er betre enn ingenting. Ta gjerne ein titt på tipsa att på nyåret, men akkurat no, KOS DYKK!

nisse18

Julafta for familien Johannessen har vore noko annleis i dag. Me skal som nemnt reisa til Venezuela, nærare bestemt øya Isla de Margarita, i morgon tidleg. Flyet går 08.00 om morgonen fyrste juledag. Så me køyrer vel mot flyplassen i fem-tida i natt/morgon tidleg. Difor så har me altså feira julafta i leilegheita her i Oslo. Seks vaksne, ein eittåring og ein treåring i ein toroms-leilegheit midt i Oslo sentrum. Det er noko anna enn julefeiring i huset på Hafslo det. Men det har vore fint.

Dagen starta med ein god felles frukost. Så pakka eg litt medan eg sjølvsagt såg på Askepott. Etterkvart så var det grautspising. Ingen fann mandelen, for mamma hadde nemleg gjort ein ny vri og kjøpt marsipangris til alle. Den orka eg ikkje å eta kom eg på no, så kanskje den må få bli med i bagasjen i morgon. Etter grauten tok eg med Sander og Eline bort til Akerselva for å mata endene. Me hadde med ein pose med brød og vart svært så populære blant endene, veldig koseleg tur med tanteungane. Ellers så har vel dagen gått med til litt pakking, litt tv, litt matlaging, mykje eting og litt pakkar.

Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåva i år, men fekk likevel nokre få. Eg fekk pengar av alle mine besteforeldre, så no har eg lommepengar til turen. Ellers så fekk eg vottar frå eine tanta og onkelen min, og ei smoothie-kokebok frå mamma og pappa, mamma klarte ikkje overaskande ikkje å lata vera å  kjøpa noko sjølv om me hadde bestemt det, det var no berre koseleg. Tusen takk for nyttige og fine gåver!

Menyen i dag var kalkun, medisterkaker, sånne små pølser, kikertkaker, poteter, brun saus, kålrotstappa og kokt brokkoli, blomkål og gulrøter. Til dessert hadde me riskrem, jorbærsaus, bringebær og sjokoladekaka. Veldig godt.

No er klokka berre halv elleve, likevel sÃ¥ har alle dei andre allereie sove ei stund. SÃ¥ eg bør vel koma meg i seng viss eg skal fÃ¥ sove litt før me skal avgarde til flyplassen. I morgon kveld er me pÃ¥ Isla de Margarita – eg gler meg!!

GOD JUL, alle saman! :)

2 Responses to “24. DESEMBER”

  1. Ruth Wenche Says:

    Heisann:)

    God jul alle saman! Dette var verkeleg ein imponerande, tankevekkande og interessant kalender!!
    Eg har fylgt nøye med dag for dag! Bra jobba!
    Ønske dokke ein strålande tur til Venezuela, det vert nok kanonbra!

    Stor klem! :)

  2. pappa Says:

    Hei pao deg, eiig med dei so skriv at du hadde ein imponerande julekalendar.
    Svært godt jobba, og du har eit godt engasjement som er flott å sjå.
    Me hadde 2 fine veker i Venezuela, godt Ã¥ ha med ei som “snakkar sprÃ¥ket” nÃ¥r ein e pao tur.
    God halg- snakkast måndag.Sander og eg et laurdagsgotteri no.
    Pappa

Leave a Reply