Vi trenger en kjøttavgift

Posted on Feb 13 in: Food and nutrition, Random - 6 Comments »

04a1-09

Måndag 9. februar var dette ei overskrift på eit innlegg i Dagsavisen. For å lesa heile innlegget, noko eg anbefaler, gå inn her.

Ei kjøtavgift er eit glimrande forslag spør du meg. Så lat meg kort summera opp nokre av poenga i innlegget:

FN’s matvareorganisasjon FAO meiner produksjonsdyrsektoren er ein av dei to eller tre verste bidragsytarane til miljøproblem pÃ¥ alle nivÃ¥. Tre omrÃ¥der vert spesielt trekne fram, nemleg utslepp av klimagassar, tap av biologisk mangfald, og vassureining. Verdas produksjonsdyr stÃ¥r for 18 prosent av dei totale utsleppa av drivhusgassar, det vil seie at denne sektoren er ei større utsleppskjelde enn transportsektoren. Noko som igjen vil seie at kjøteting er ein av dei aller fremste Ã¥rsakene til klimaendringar.

Med ei kjøtavgift vil ein kunne korrigera for nokre av kjøtets usynleggjorte kostnader. Ei kjøtavgift vil gjera kjøt dyrare for den storetande forbrukaren, og slik gi eit incentiv til å redusera kjøtforbruket. Avgiften måtte ha vore slik at den kunne skilja dei verste typane kjøtproduksjon frå dei meir miljøriktige.

I eit sosialdemokratisk samfunn som vårt brukar me skattar og avgifter for å finansiera viktige samfunnsgoder og for å avgrensa omfanget av ulike onder. Når det viser seg at kjøt er blitt eit slikt onde, bør det òg skattleggjast!

Så kva med å ha ei kjøtfri helg folkens?

Til inspirasjon vil eg dela ei eigenkomponert lasagneoppskrift med dykk:

LASAGNE (3-4 personar)

Tomatsaus:

2-3 ss rapsolje

1 finhakka raudlauk

3-4 fedd finhakka kvitlauk

1 finhakka chili utan frø og hinner

5-6 sjampinjong i små bitar

4  rivne gulrøter

ein skalk riven rotselleri eller to stilkar selleri i små bitar

5-6 finhakka soltørka tomater

1 boks hermetiske tomater (kan gjerne bruka dei med oregano og basilikum, dei er salta!)

litt vatn

frisk basilikum

salt, pepar, tørka urter og eventuelt litt sukker

Spinatsaus:

ca. 1/2 pakke frosen spinat

1-2 fedd finhakka kvitlauk

2 ss margarin

2 ss kveitemjøl

4-5 dl lettmjølk

salt, pepar, muskat og litt riven parmesan

Lasagneplater, riven ost.

1. Lag tomatsaus ved og fyrst surra lauk og kvitlauk i litt olje, bland deretter i chili og sopp, så selleri og gulrot, lat surra litt. Tøm så oppi tomatene og eventuelt litt vatn. Småkok ei stund (15-20 min), og smak til.

2. Lag spinatsausen ved å smelta smøret, surra spinat og kvitlauk, dryss over mjølet, spe med mjølka, kok i ca 5 minutt, og smak til.

3. Smør forma med litt olje. Legg lasagneplater i botn, så tomatsaus, spinatsaus, plater, tomatsaus, plater, spinatsaus, ost på toppen.

Serverast gjerne med salat og godt brød til.

Dette er berre ei av mange lasagnealternativ eg pleier å laga, her kan ein nesten putta i det ein vil. Aubergine og squash er kjempe godt, oliven og fetaost, brokkoli, bønner ++++. Bruk fantasien og bruk det du likar.

Dersom ein ikkje klarar å gi heilt slepp på kjøtet kan ein alternativt bruka til dømes 200 g kjøt i staden for 400 g, og erstatta 200 g med grønsaker.

GOD HELG! :)

6 Responses to “Vi trenger en kjøttavgift”

  1. Deniz Says:

    Totally disagreed. Men lasagnan ser smaklig ut ;)

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    Ikkje einig? Seriøst? Eg trudde du var smartare enn det ;)

  3. Deniz Says:

    Smart? Du kan testa mig med den quizen som du pratade om.
    Challenge me!!! :)

  4. Tove Says:

    Hei Anne Kristin!
    Jeg er helt enig med deg, og det er sjanser for at dette er noe som vil tvinge seg fram.
    Flott å se at du er så samfunnsengasjert og følger med, vi trenger mange, mange som deg.
    Tove

  5. Hotellsjefen sjøl Says:

    Godt å høyra at nokon er einig med meg! :)

  6. John Hernning Says:

    Dette er gode tankar! Avgift på kjøt som er basert på korn/kraftfor. Samtidig må vilt og anna kjøt som er produsert på ressursar som menneska ikkje kan nytta seg av direkte, vera avgiftsfritt. Eller kanskje subsidiert. Norge med store utmarkressursar kan produsera mykje godt kjøt med husdyr som kan utnytte dette, som sau, geit og storfe som f. eks.Skotsk høylandsfe.
    Stao pao!

Leave a Reply