EI LANGHELG I BUDAPEST

Posted on Mar 08 in: Travel - 9 Comments »

P3060065 P3060064   P3070248

 

I staden for å setja meg på bussen til skulen på torsdag morgon, så sette eg meg heller ilag med Silia på bussen til Rygge flyplass. Klokka tolv landa me på flyplassen utanfor Ungarns hovudstad, Budapest. Sjølv om Forex hadde gitt oss gamle tusenlappar som ikkje var gyldige lenger, så kom me oss etter kvart på bussen og så vidare på metroen som tok oss inn til semtrum. Ein kan altså i Budapest reisa med den vanlege kollektivtransporten til og ifrå flyplassen, så det er veldig billeg og greit. Me satte så ifrå oss sekkane våre på Nyugati togstasjonen, og gjekk for å finna oss noko mat. Me var veldig svoltne og heiv oss omtrent over det fyrste me fann, noko som viste seg å ikkje vera så velluka. Me kjøpte eit pizzastykke kvar, og den pizzaen konkurrerer med ein pizza eg åt i Playa Tamarindo, Costa Rica ein gong om å vera den dårlegaste pizzaen eg har smakt, den smakte rett og slett berre ekkel ost og smør, men me vart iallfall litt mette. Sidan det regna ute og me begge er veldig glad i mat og matbutikkar så gjekk me vidare til eit ganske stort supermarked. Her hadde dei så flott frukt og grønt avdeling at eg berre måtte ta eit bilete, men det fekk eg streng beskjed om at ikkje var lov. Heldigvis hadde eg då allereie rekke å teke eit bilete. Det var eit veldig godt utval der og god kvalitet, og så såg heile avdelingen ut som ein koseleg marknad. Me fann òg gode rundstykker med gresskarfrø der, så då var eg nøgd.

 

P3050020                  P3060113               

 

Me vandra litt rundt til me kom til ein isbar, is måtte me sjølvsagt ha sjølv om det regna. Me fekk svært små kuler, men kvar kula kosta imidlertid berre rundt fire kroner og isen var veldig god, så då var me uansett tilfredse.

Klokka fem vart me henta med bil av vÃ¥r vert for natta, Gabor. Silia  hadde før avreise ordna oss overnatting hjÃ¥ tre forskjellege sofasurfarar. Det er jo litt stress Ã¥ flytta kvar dag, men samstundes sÃ¥ er det veldig kjekt Ã¥ treffa fleire folk. Gabor viste seg Ã¥ vera ein kjempe triveleg fyr, og diska opp med mat til oss, god spansk tortilla med potet og lauk. Etter maten reiste me ut og møtte nokre andre sofasurfarar pÃ¥ Gödör Klub, der var det folkedanskveld med levande musikk og masse masse folk. Det var kjempe kjekt Ã¥ fÃ¥ med seg ein slik kveld. Me sÃ¥g pÃ¥ dei andre og prøvde Ã¥ henga med pÃ¥ dansetrinna sÃ¥ godt me kunne, veldig artig.

SÃ¥ fekk me bli med nokre andre sofasurfarar som køyrde opp pÃ¥ Gellert høgden der statuen Citadella pÃ¥ bilete øverst stÃ¥r, der hadde me nydeleg utsikt utover byen. Vidare sÃ¥ tok “guiden” vÃ¥r oss med pÃ¥ ein uteplass som heiter Szimpla. Der likte me oss utruleg godt, absolutt ein uteplass etter min smak. Masse gamle møblar hulter til bulter, badekar og bilar vert blant anna nytta som sitjeplassar. Eg anbefalar absolutt Ã¥ ta turen innom der dersom ein er i Budapest.

Fredag så hadde me ein roleg morgon i Gabor sin leilegheit, han måtte på jobb tidleg. Me brukte blant anna litt tid på å ta bilete av det koselege bygget han budde i. Då me endeleg kom oss inn til byen kjøpte me litt frukost på supermarkedet, før det bar rett på isbaren. Eg hadde då ei kula med kanelis og ei kula sjokoladeis med kirsebær, nam nam nam!! Så vandra me rundt i nokre timar. Me var innom operaen, før me kryssa Donau og gjekk over til Buda-delen av Budapest. Opprinneleg så var Budapest nemleg to byar, Buda og Pest, på kvar si side av Donau. Desse to byane vart slått saman til Budapest i 1873, men framleis heiter det Buda på den eine sida av elva og Pest på den andre. Me vandra nedover langs Buda-sida og hadde då veldig fin utsikt til det flotte Parlamentsbygget og Buda-slottet. I sju-tida om kvelden møtte me Silia si islandske veninna Katrin på togstasjonen, ho kom nemleg med tog ifrå Austerrike. Medan me venta så åt me dagens andre is. Då Katrin var på plass reiste me så vidare til vår neste vert, Mate. Han budde på ein studentheim, så der fekk me eit fellesrom for oss sjølve. Nokre vener av verten vår skulle til å laga mat då me kom, så då var me så heldige at me òg fekk. Det var risotto med raudkål og eple, og maissuppe med chili, veldig godt. Så hadde me kjøpt ein isboks til dessert, den hadde smak som ein ungarsk dessert med blant anna aprikos, og var veldig god.

 

P3060165                P3080302

 

Etter middagen tok me ein tur ut pÃ¥ nokre ulike barar. Ei stund sÃ¥ var me litt usikre pÃ¥ kvar me skulle gÃ¥, og bestemte oss for Ã¥ spørja pÃ¥ næraste plass, som var ein strippeklubb, men neida, der fekk me ikkje koma inn, det var nemleg berre for menn, snakk om diskriminering! Me fann uansett  fram til slutt. Etter Ã¥ ha vore innom eit par plassar, sÃ¥ enda me kvelden pÃ¥ fantastiske Szimpla igjen. Der traff me ein del norske som studerte i Budapest, og eg fekk òg prata litt spansk med nokre spanske studentar. PÃ¥ veg heim sÃ¥ vart det ein Bountyis til nattmat.

Laurdag morgon så flytta me igjen vidare til neste vert, Bela. Me gjekk berre innom å satte ifrå oss bagasjen vår, så reiste me for å kjøpa litt frukost, før me tok turen over Donau igjen, denne gong for besøka Budavari Labirintus. Dette er altså ein underjordisk labyrint. Eg likte det godt, og vil absolutt anbefala ein tur dit. Eg las imidlertid på nettet no at dei har kveldsvandringar med faklar i staden for lyset som er om dagen. Så eg vil då absolutt anbefala å gjera det om kvelden. For eg gjekk å tenkte på kor mykje meir spennande det hadde vore med berre levande lys, det vart litt for lyst om dagen. Etterpå stod isbaren på programmet igjen, dei hadde veldig god is der. Eg hugsar ikkje namnet på plassen, men den ligg iallfall i hovudgata som går imellom Nyugatistasjonen og Deak Ferenc stasjonen. Denne gongen hadde dei òg kokosis, så då vart det sjokolade, kanel og kokos, fantastisk!

Etter isbaren så reiste me tilbake til den fine leilegheita til Bela. Han hadde nemleg leigd ein bar og skulle ha gebursdagsfest den kvelden, og me var inviterte. Den festen var ganske artig i grunn, det var mange folk i eit lite lokale, og ganske variert musikk og god stemning. Det var omtrent berre ungararar der, så det var veldig kjekt. Ølprisen den kvelden var 6 kr!! Det var så billeg at eg nesten følte eg burde kjøpa sjølv om eg ikkje likar, men eg nøyde meg med å smaka på kirsebærøl, det var interessant, men langt ifrå godt. I halv fire, fire tida eller noko sånt forlot me festen, kjøpte kebab, og halv fem så var me i seng. Senga mi var sofaputer som me la på golvet med eit pledd over, og der sov eg veldig godt i litt over ein time.

 

P3080297 P3080301 P3080298

 

Allereie litt før klokka seks stod eg nemleg opp. Dagane i Budapest gjekk altfor fort, og eg hadde ikkje fÃ¥tt tid til alt eg ville sjÃ¥ og gjera, blant anna besøka eit av dei mange bada her. SÃ¥ dÃ¥ ofra eg søvnen og sneik meg ut for Ã¥ morgonbada. PÃ¥ grunn av beliggenhet i høve til Bela sin leilegheit og transport til flyplass sÃ¥ valde Ã¥ gÃ¥ pÃ¥ Gellert badet. Der var det flott, og eg var glad eg klarde Ã¥ tvinga meg opp av “senga”. Eg klarde til og med Ã¥ snika meg til eit par bilete før eg fekk kjeft og mÃ¥tte gÃ¥ i garderoben med kameraet. Dette badet opna allereie i 1918, og har eit av verdas eldste bølgebasseng, diverre sÃ¥ er dette ute og det var no berre ope inne. Eg var ganske sÃ¥ trøytt, og var ikkje langt ifrÃ¥ Ã¥ sovna nÃ¥r eg slappa av i det varmaste bassenget (38 grader). Difor var eg nok den ivrigaste brukaren av kuldekulpen der det var iskaldt vatn, eg mÃ¥tte rett og slett dukka under litt der av og til for Ã¥ halda meg vaken. Det var iallfall svært deileg, sÃ¥ eg bada og koste meg og var i badstu og sÃ¥nt i ein times tid før eg mÃ¥tte reisa tilbake for Ã¥ henta bagasjen og koma meg til flyplassen.

P3070243

Eg likte Budapest veldig godt, og skulle gjerne tilbrakt nokre dagar til der. Det er ein del ting til eg gjerne skulle fått med meg, blant anna Szechenyi badet og kanskje eit tyrkisk bad òg, ein tur med kontinentes eldste metro, badelandet Aquaworld, marknad, eit tog drive av ungar, Statueparken, Memento Park, ein tur rundt på Margarit-øya og mykje meir. Me møtte ganske mange som ikkje kunne engelsk,så det var veldig artig. Å prøva å forstå kvarandre og bruka kroppsspråk så godt ein kan gir mange morosamme situasjonar og misforståingar. Ellers så må eg heilt til slutt nemna tempoet til rulletrappene i Budapest, der går det unna. Etter denne studieturen av korleis det fungerer i Ungarn seier eg ja til å auka tempoet på norske rulletrapper :)

God kveld, folkens!

9 Responses to “EI LANGHELG I BUDAPEST”

  1. Ida Says:

    Hei Ann Kristin!

    Høres ut som dere har hatt noen fantastiske dager i Budapest! Jeg fikk virkelig lyst til å dra dit selv en gang! Og det høres jo ut som om sofasurfing er kjempespennende; billig i tillegg til at du blir kjent med folk du aldri ville møtt ellers!

    Godt å høre at du fikk tilfredsstilt is-behovet ditt på turen hvertfall :)

    Ha en fin uke vennen, så ses vi til helga! Gleder meg!!

  2. Mette Says:

    Høyres ut som ein veldig innhaldsrik tur;-)

  3. Sindre Says:

    Utrule stiligt da badekar bilde… Genialt!

    Artigt at du drive å teke bilde dar du ikkje ha låv, tåre ikkje slekt eg :/

    Saog kaldt ut, du vait da e land so ikkje ha vinter no?

  4. silia Says:

    også så flotte hanska som du har på deg der i badekaret! ikke rart du maste sånn om å bli fotografert heile kvelden.

    ja til fortare rulletrappe, ja! eg støtte deg i den saken. ungareran e dem som har skjønt det.

    (og ja, du gikk nok dessverre glipp av en god del ved ikke Ã¥ ta den gamle metroen og ikke minst Széscenyi…)

  5. Hotellsjefen sjøl Says:

    Oi oi oi, so kjekt med kommentarar :) :)
    Ida: Da va supert i Budapest ja, so du får ta med deg Christian dar ein gong. Sjåast snart :)
    Mette: Ja, da va da :)
    Sindre: Lika du eit av mine bilete? Eg klara ikkje tru da eg høyre ;) meina du da øverste i mørket foresten?
    Silia: Hen va dine hanska???

  6. silia Says:

    godt gjømt!

  7. pappa Says:

    Hei pao deg, fine bilete.
    Eg har og vore i Budapest, men opplevde kun møterommet på hotellet og joggeturar langs med Donau.
    SÃ¥ de fekk nok meir med dykk – fine reiseskildringar du har, kanskje litt mykje detaljar om mat!
    Beste helsing din husvert og hushjelp i Oslo

  8. Christianne Says:

    Haha no lo eg godt av far din sin kommentar her :) Hushjelp, stemme da Ann Kristin?? Du skulle jo lagt ut ein liten skildring om helgi i Bergen og ;) GOD HELG!!

  9. Tove Says:

    Hei Ann Kristin!
    Artig å lese om turen din, minner meg på om at det er mange steder i Europa å besøke.
    Det med sofasurfing er en utrolig spennende ting, særlig når en er ung og fleksibel og ikke har all verdens penger.
    Alt godt. Tove

Leave a Reply