KOLONIHAGEN forar meg stadig med økologiske godsaker :)

Posted on Mar 21 in: Food and nutrition - 3 Comments »

P3190001

Kvar tredje torsdag ringer ein koseleg mann ifrÃ¥ Kolonihagen pÃ¥ døra her, med seg har han ein kasse med mat til meg – alt økologisk, alt godt!!

Eg får ein singelkasse, som vil seie at den inneheld litt av kvart, både frukt, grønsaker, brød, egg og litt forskjelleg anna. Andre kassar ein kan bestilla er fruktkasse, grønsakskasse, brødkasse, frukt/grøntkasse ++. Ein kan velja kor ofte ein vil ha levering,  og ein kan ta pause når ein vil.

Innhaldet i kassen eg fekk no på torsdag såg slik ut:

P3190003

Eg fekk ein pose poteter, ein pakke egg, paprika, tomater, hjartesalat, sitroner, epler, bananer, appelsiner, søtpotet, purre, knaskerøtter, skulebollar og eit kjempe godt og saftig rotspeltbrød.

Førre kasse som kom på døra såg slik ut:

P1220041

Eg fekk den gongen poteter, egg, gulrøter, brokkoli, squash, appelsiner, epler, bananer, tomater, isbergsalat, stilkselleri, grovt speltbrød, hyllebærbrus og heilt fantastisk eplemost ifrå Kroken Frukt og Bær i min heimkommune Luster.

Dersom det freistar med økologiske varer på døra, gå inn her og sjekk om nokon leverar der du bur.

No skal eg baka grove pitabrød og laga hummus med blant anna økologisk sitron, og servera dette med ein god økologisk salat til.

God helg, alle saman! :)

3 Responses to “KOLONIHAGEN forar meg stadig med økologiske godsaker :)”

  1. Mona Says:

    Nam:)

  2. Hotellsjefen sjøl Says:

    JA :D

  3. Kolonihagen: Min første singelkasse | Baby Fruit Says:

    [...] jeg på, og de beklaget og sa jeg skulle få kreditering for det. Se for eksempel i forhold til hva denne personen fikk, og det er jo sykt mye mer enn hva jeg fikk :/. Uansett, jeg har lyst til å prøve en gang [...]

Leave a Reply